Gudmund Valderhaug: Fotnote eller tekst? Arkiv og arkivarar i det 21. hundreåret. ABM-media, Oslo. ISBN 978-82-997932-4-7. Den kostar kr 275 og kan bestillast frå post@abm-media.no
“Effective democratisation can always be measured by this essential criterion: the participation in and the access to the archive, its constitution, and its interpretation”. (- Jacques Derrida)
Gudmund Valderhaug: Fotnote eller tekst? Arkiv og arkivarar i det 21. hundreåret. ABM-media, Oslo. ISBN 978-82-997932-4-7. Den kostar kr 275 og kan bestillast frå post@abm-media.no
Riksarkivets Anne Mette Dørum spør i eit innlegg i gruppa Arkivfagleg forum på Facebook: «Hvilke utfordringer og erfaringer har dere med håndtering av sosiale medier i et arkivfaglig perspektiv?» og etterlyser m.a. rutinebeskrivingar. Ho får svar frå Anne Grete Hovde, som siterer frå Orkdals kommunes handlingsplan der det m.a heiter at «[i] løpet av de siste årene har sosiale medier gått fra å være en sosial arena til å bli en kommunikasjonskanal de fleste store organisasjoner og bedrifter ønsker å ta i bruk strategisk. Sosiale medier legger til rette for dialog, involvering og brukermedvirkning, og kan bidra til en åpnere forvaltning og mer levende lokaldemokrati. Imidlertid kan sosiale medier bli en utfordring for arkivene, både i forhold til å finne ut hva som er arkivverdig etter loven, og i forhold til arkivering av vår felles kulturarv». Sitatet tar her opp tre hovudutfordringar i bruken av dei nye kommunikasjonskanalane.
Wiikipedia – sjølv eit sosialt medium – definerer desse som «medier (kanaler eller plattformer) som ved hjelp av Internett eller webbasert teknologi åpner for interaksjon mellom to eller flere mennesker (brukere)». Formålet er to- eller mangevegs kommunikasjon, dialog og interaktivitet.
Men dette er ikkje nødvendigvis tilfellet når store offentlege og private verksemder tar i bruk sosiale medie; formålet er ikkje alltid dialog og interaktivitet men heller marknadsføring og informasjon. Det er i alle fall inntrykket eg fekk då eg gjorde eg ei (relativt usystematisk) undersøking av kommunal bruk av Facebook som ledd i førebuinga av eit innlegg eg heldt på KAI-konferansen i Drammen i september 2011. Kommunane såg ut til å bruke Facebook som ein informasjonskanal og eg fann relativt få døme på interaktivitet. Men det fanst nokre, t.d. denne samtalen på Drammen kommunes facebookside:
Siv: Hei, ser at langs elvepromendaen, rett nedenfor SFR, litt mot sentrum er det et stort hull i gangstien. Bør kanskje tettes før elvefestivalen….? (17.08.17:16)
Drammen kommune: Takk for innspillet, Siv. Vi melder dette videre til rett avdeling i kommunen. Ved senere tilfeller kan du også melde inn slike mangler via kommunens meldingsskjema på nett: http://drammen.rosy.no/CitizenMemos/Create. Her vil du også få faglig tilbakemelding på saker du har meldt inn. (18.08.12:53)
Drammen kommune: Vi har fått tilbakemelding om at dette er utbedret og at hele Sigurd Christiansens promenade er inspisert i dag og funnet i orden. (18.08.14:43)
Siv: Så bra! Så det da jeg syklet forbi i sted. (18.08.16:23)
Siv: Har prøvd meldingsskjema på nett, men fikk kun en melding tilbake. Det sto at jeg skulle få mer beskjed, men her ikke hørt noe. Er visst lettere å ta det her
(18.08.16:24)
Drammen kommune: Vi fikk beskjed torsdag kveld om at hullet var blitt tettet
(22.08.11:37)
Samtalen illustrerer fleire forhold. For det første at sosiale media innbyr til andre kommunikasjonsmåtar enn den tradisjonelle, formaliserte brevvekslinga. Når ein offentleg instans tar i bruk Facebook som kommunikasjonskanal, inviterer ein samstundes folk å kommentere, meine noko, be om noko, gi kjeft, etc osb. Det betyr at ein må vere «inne» og følgje opp og svare på innlegg så snart som mogleg. Ein kan sjølvsagt – som Drammen kommune gjorde – be om at folk brukar førehandsdefinerte skjema på kommunens heimeside til å legge fram sine ærend, men ein kan ikkje forvente det. Som Siv skreiv: «Er visst lettere å ta det her
». Er ein på Facebook så er ein på Facebook.
Spørsmålet blir då korleis ein skal handtere slike meldingar. Eg undersøkte sjølvsagt om Sivs samtale med Drammen kommune var registrert i postjournalen (som er tilgjengeleg på nettsida), men utan å finne noko. Men er slike samtalar «arkivverdige»? For å svare på dette spørsmålet kan vi velje ei arkivrettsleg, forvaltningsrettsleg tilnærming (som tar utgangspunkt i lov- og regelverk) eller ei arkivfagleg tilnærming (som tar utgangspunkt i arkivvitskapleg teori og metodologi), og desse gir oss ikkje nødvendigvis identiske svar.
Arkivrettsleg er hovudspørsmålet om dei enkelte kommentarane, meldingane, spørsmåla etc osb har dei eigenskapane som gjer dei til «saksdokument for organet» som blir «gjenstand for saksbehandling» og dermed får «verdi som dokumentasjon». Dette er spørsmål som har vore mykje diskutert i løpet av det siste året, særleg etter Kulturdepartementets famøse forslag til endringar i arkivforskrifta. Eit relativt samstemt arkivmiljø har avviste dette forslaget og argumentert med at dokumentets innhald og offentlegheitas interesse må vere avgjerande kriterier for journalføring. Forma til dokumenta har i denne samanhengen mindre å seie.
Kva som blir konklusjonen på departementets behandling av forskriftsendringane veit vi førebels ikkje. Men saka illustrerer skilnadene mellom ei arkivrettsleg og ei arkivfagleg tilnærming. Arkivlovgivinga vil alltid vere uttrykk for eit kompromiss mellom faglege og forvaltningsmessige ønske og behov. Ivar Fonnes har i sitt bidrag til Fra Clio til Kringsjå, festskriftet til tidlegare riksarkivar John Herstad, beskrive utforminga av arkivforskrifta som ein prosess der «arkivfaglige prinsipper og krav skulle brynes mot forvaltningens virkelighet og de lovtekniske krav til utforming av en forskrift». Eller sagt med mine ord: Faglege prinsipp må brynast mot makta si vilje – og då veit vi kven som vinn… I arkivforskrifta fekk vi dermed m.a. unntaket frå journalføring av «organinterne dokument» og dei svake formuleringane om kommunale depotordningar.
Ei arkivfagleg tilnærming kan stille andre spørsmål enn om den enkelte kommunikasjonen er eit «saksdokument», t.d. om den dokumenterer ein transaksjon og har evidensverdi, om den er grunnlag for innsyn og demokratisk kontroll («transperancy»), om den dokumenterer viktige relasjonar mellom forvaltninga og borgarane, om den har verdi som samfunnsdokumentasjon, osb. Kva spørsmål vi stiller vil vere avhengig av kva fagleg diskurs vi stiller seg innanfor. Om vi t.d. tar utgangspunkt i ISO 15489 vi må undersøkje om ein kommunikasjon via sosiale media er skapt i ein slik kontekst og har dei kvalitetane som denne standarden føreset: Er den ein «record»? Kan strukturen, formatet og relasjonane mellom dei ulike delane haldast ved like? Er konteksten den vart til i og relasjonane mellom dei enkelte delane dokumentert? Dersom vi kan svare ja på desse spørsmåla, kan kommunikasjonen vere ein «record» som skal inkluderast i eit arkivsystem. Om vi tar utgangspunkt i den faglege diskursen som er opptatt av å forstå arkiv som samfunnsfenomen kan kommunikasjonar via sosiale media ha verdi som korrektiv til dei «offisielle» arkiva, og kanskje endå meir fordi dei er uttrykk for nye måtar å kommunisere og samhandle på; dei har arkivverdi, ikkje berre fordi dei er «records» med evidensverdi, men fordi dei dokumenterer nye typar relasjonar mellom kommunar og borgarar og korleis samfunnet fungerer på 2010-talet.
Begge desse tilnærmingane kan gi oss gode argument for å forsvare å arkivering og seinare i alle fall delvis bevaring (men det er eit anna spørsmål – som det gleder meg å sjå at Orkdal kommune har syn for!) av kommunikasjonen mellom ein kommune eller kommunal avdeling og borgarane på t.d. Facebook. Spørsmålet blir då korleis dette kan gjerast. Eg har ikkje kompetanse til å uttale meg i detalj om det tekniske, men min gode kollega Thomas Sødring ved Institutt for arkiv-, bibliotek- og informasjonsfag på Høgskolen i Oslo og Akershus meiner at det ikkje representerer noko teknisk problem å hauste slik kommunikasjon og knytte den til t.d. ei NOARK-kjerne. Den metodiske tilnærminga til korleis ein skal strukturere dette arkivet må etter mi oppfatning byggje på ei funksjonell proveniensforståing, men kva dette konkret inneber for arkivdanninga skal eg kome tilbake til i eit seinare innlegg.
Depotdrengen er tilbake! Dei siste to åra har det vore smått med innlegg på denne sida; eg har konsentrert meg om eit anna skriveprosjekt som i desse dagar manifesterer seg i boka “Fotnote eller tekst? Arkiv og arkivarar i det 21. hundreåret” som blir gitt ut på ABM-media. Å skrive ei vitskapleg fagbok er både krevjande (det var er budd på) og oppslukande (og det var eg mindre budd på); arbeidet krev konsentrasjon som lett fører til at ein utviklar tunnelsyn og overser slikt som ikkje har direkte relevans for prosjektet. Og “slikt” omfattar her også faglege saker som depotdrengen elles hadde kommentert. Men no er eg altså ferdig med den jobben og kan bruke meir tid på å vere depotdreng.
Det første eg har gjort er å rydde litt i depotet. Dei fleste kapitla i boka var vore publisert som utkast her; dei er no sletta. Det same er tilfelle med innlegg der hovudinnhaldet har blitt innarbeida i bokmanuset og nokre kommentarar som kanskje var aktuelle då dei vart skrivne, men neppe har nokon interesse i dag.
Det neste eg skal gjere er å skrive nye innlegg. Følg med!
Min kollega ved Høgskolen i Oslo (HiO), professor Ragnar Audunson, har i eit innlegg i Aftenposten 4. mai , sjå http://www.aftenposten.no/meninger/debatt/article3058828.ece om bibliotekmeldinga også meint noko om arkivarar og arkivutdanning.
Han skriv: ”Jeg har ett forslag: En person med grunnutdanning med bibliotekfaglig utdannelse har ikke kompetanse som bare er knyttet til bibliotek. Vedkommende har landets beste arkivutdannelse samtidig som organisering og publisering av innhold på nettet er en del av kjernekompetansen. Alle kommuner har arkiv og alle kommuner har nettjenester. Kommunalt bibliotek pluss kommunalt arkiv pluss kommunalt nettsted er lik hele bibliotekfaglige stillinger også i de minste kommunene. Denne åpenbare muligheten bør bibliotekorganisasjonene gripe fatt i.”
Eg vonar at bibliotekorganisasjonane har vit til å la dette forslaget ligge, fordi Audunson tar grunnleggjande feil.
For det første, fordi bibliotekutdanninga ikkje kvalifiserer til arkivarbeid. Rett nok har bachelorstudiet i bibliotek- og informasjonsvitskap eit valemne i arkivistikk (15 studiepoeng, som tilsvarar eit halvt semester), men dette gir berre ei grunnleggjande innføring i faget. Arkivistikk er ein sjølvstendig vitskapleg disiplin som teoretisk, metodologisk og teknisk behandlar omfattande emne som arkivdanning, arkivsystem, bevaringsvurdering og kassasjon, bevaring, arkivbeskriving, tilgjengeleggjering og formidling for elektroniske og analoge arkiv, og om arkiv som dokumentasjon, konstruksjon og samfunnsminne.
Nettopp av denne grunnen tilbyr den avdelinga ved HiO der både Audunson og eg arbeider, eit eige arkivfagleg studium: eit grunnstudium på 60 studiepoeng og påbyggingseiningar på til saman 45 studiepoeng. Og dette studiet kan konkurrere om tittelen ”landets beste arkivutdannelse”. Bibliotekstudiet konkurrerer i ei anna idrettsgrein.
For det andre seier Audunson ingenting om kva han ser for seg at bibliotekarane skal gjere med arkiva i kommunane.
Tenkjer han på arkivtenesta i kommunane og handteringa av dei aktive arkiva? Då overser han både omfanget av dette arbeidet og dei faglege kvalifikasjonane som trengst.
Eller tenkjer han på forvaltning og betening av dei eldre avslutta arkiva? I så fall krev dette m.a. kunnskapar om kommunal forvaltnings- og administrasjonshistorie, tidlegare arkivsystem og vilkår for arkivering, emne som bibliotekstudiet ikkje omfattar. Dessutan, og dette er eit like viktig poeng, kommunane har gjennom dei siste 20 åra bygd opp høgt kvalifiserte arkivinstitusjonar (IKAer, byarkiv og fylkesarkiv). Dersom bibliotekorganisasjonane skulle følgje Audunsons råd, ville dei kunne undergrave dette høgt kompetente kommunale arkivlandskapet. Det ville vere eit kulturpolitisk feilgrep av store dimensjonar.
Arkivfaget og arkivarprofesjonane har gjennomlevd ei rivande utvikling dei siste tjue-tretti åra.
Dersom nokon er interessert i å lese meir om utviklinga av arkivvitskapen, arkivarprofesjonen og arkivutdanning, viser eg til artikkelen Mellom praksis og teori i menyen til venstre.
Innføringa av offentlegprinsippet i norsk forvaltning var utan tvil ein viktig demokratisk reform. Forvaltningslova og offentlegheitslova etablerte eit system for innsyn i forvaltningas saksbehandling som styrka den demokratiske kontrollen av styresmaktene. Alle har rett til å krevje innsyn i saksdokument i offentlege organ, og eventuelle avslag skal vere grunngjevne med lovheimel.
Offentlegprinsippet har særleg blitt grunngitt med omsynet til rettstryggleik og demokrati. Forvaltningskomiteen av 1958, som utarbeida det første framlegget til offentlegheitslov, meinte at «[d]en enkeltes rettsstilling trygges derved at kjennskap til andre sakers behandling fremmer likhet i avgjørelsene, motvirker og vanskeliggjør vilkårlighet og korrupsjon». På same måte er allmenn tilgang til informasjon om saksbehandling og vedtak i offentleg forvaltning eit nødvendig grunnlag for eit demokrati som også involverer den vanlege borgaren, eit demokrati som også omfattar dei offentlege arkiva. Jacques Derrida såg på makt over arkivet som eit grunnleggjande demokratisk spørsmål: «Det finst ingen politisk makt utan kontroll over arkivet (—). Effektivt demokrati kan alltid målast etter eit grunnleggande kriterium: Deltakinga i og tilgangen til arkivet, til skapinga av det og til tolkinga av det».
Innføringa av offentlegprinsippet skjedde ikkje utan motstand. Og denne motstanden var konsentrert i det statlege byråkratiet, som meinte at det ville bli kostbart og i tillegg forseinke saksbehandlinga. Byråkratiet arbeider som kjent alltid best når det har arbeidsro, og slepp å bli forstyrra av eit stadig innsynsmas. Og slik er det tydelegvis framleis.
Den 18. februar i år sendte Kultur- og kyrkjedepartementet (KKD) eit merkverdig brev til Arbeids- og inkluderingsdepartementet (AID) om tolkinga av journalføringsplikta i Forskrift om offentlege arkiv. Forhistoria er slik:
I april 2008 gav Sivilombodsmannen ein uttale om arkivering og journalføring av saker om dokumentinnsyn. Bakgrunnen var at han i behandlinga av ei klagesak hadde oppdaga at AID ikkje journalførte krav om dokumentinnsyn. Sivilombodsmannens uttale tar som utgangspunkt formuleringane i arkivforskrifta som føreskriv journalføringsplikt når eit saksdokument er gjenstand for saksbehandling og har verdi som dokumentasjon, og skriv at det
«ikke [kan] være tvilsomt at begjæringen skal være gjenstand for saksbehandling hos organet. Det kan heller ikke anses tvilsomt at innsynsbegjæringen, forvaltningens avgjørelse, og andre dokumenter knyttet til behandlingen av innsynssaken, har en dokumentasjonsverdi. For eksempel vil slike dokumenter kunne ha betydning for å dokumentere forvaltningsorganets praksis i saker om dokumentoffentlighet, eller ved en eventuell klage til ombudsmannen.
Etter dette har forvaltningsorganer en plikt til å journalføre innkomne innsynsbegjæringer som fremsettes elektronisk eller i papirform».
AID var tydelegvis lite glad for dette, og klaga saka inn til KKD i mai i fjor. Og så, i februar 2009, sender KKD (med kopi til Riksarkivaren, Justisdepartementet og Sivilombodsmannen) eit svarbrev som konkluderer med at kravet om journalføring i arkivforskrifta ikkje omfattar saker om dokumentinnsyn.
Brevet er, som sagt, ei merkverdig affære. Det er på den eine sida eit typisk døme på ei utgreiing der svaret er gitt på førehand: Departementa ønskjer openbart ikkje eit system der krav om dokumentinnsyn blir journalført. (Det ville forstyrre arbeidsroa, og vere både dyrt og forseinkande for saksbehandlinga). KKDs argumentasjon er difor selektiv og inkonsistent, prega av jakt på argument som støttar opp om den på førehand gitte konklusjonen.
På den andre sida er brevet ein studie i byråkratisk mentalitet. Brevskrivarane hoppar lett over det denne saka djupast sett handlar om: Offentlegheitas muligheit for å kontrollere forvaltningas behandling av krav om dokumentinnsyn. Dette er sjølvsagt avhengig av at vi kan få innsyn i korleis slike saker blir behandla. Og for å be om innsyn i slike saker, må vi vite at dei finst – og då må dei journalførast!
I staden legg dei vekt på at «det neppe noengang har vært praksis at departementene har journalført hver enkelt av det store antall vanlege innsynsbegjæringer som mottas», at «nåværende praksis har (—) lang tradisjon» og at det i ei «journalføringsplikt for alle innsynsbegjæringer ville (—) ligge en innebygd fare for selvgenererende oppsvulming av forvaltningens journaler ut over alle grenser, som bl.a. vil motvirke de offentligshensyn journalene skal ivareta».
Hadde byråkratane fått bestemme på 1960-talet, hadde vi ikkje hatt noko offentlegprinsipp i dag. Dei leid heldigvis nederlag, men kan jo trøste seg med at dagens byråkratar gjer sitt beste for å leve opp til gamle ideal.
Dei som ønskjer å lese brevet kan bestille det frå KKDs arkivteneste. Arkivreferansen er følgjande: 2008/02344 KU/KU3 IE:mmt 18.02.2009.
Regjeringa har lagt fram ei stortingsmelding om “Nasjonal strategi for digital bevaring og formidling av kulturarv”, sjå http://www.regjeringen.no/nb/dep/kkd/dok/regpubl/stmeld/2008-2009/stmeld-nr-24-2008-2009-.html?id=555254. Eg har lese den, og er ikkje imponert. Den minner mest om ein norsk skihoppar i eit world cup-renn; innsatsen i ovarennet er grei nok, men så går det gale: han kjem lavt ut frå hoppet og landar på kulen. Og slik er det med digitaliseringsmeldinga også: beskrivinga av mål og status er grei nok, men dei tiltaka som er foreslått er forstemmande.
Visjonen i meldinga er “å gjøre mest mulig av samlingene i våre arkiv, bibliotek og museer tilgjengelige for flest mulig ved fremtidsrettet bruk av IK-teknologiske løsninger. Samlingene skal være søkbare og tilgjengelige på tvers av hele abm-feltet, og innholdet skal formidles på en brukerorientert måte.” Behovet for digitalisering blir begrunna med at institusjonane har viktig historisk kjeldemateriale som kan fungere som grunnlag for nasjonal og kulturell identitet, at dette materialet (i motsetning til mykje anna på nettet) kan framstå som autentisk og påliteleg, og at digitaliseringa kan auke tilgangen til “relevant og kvalitativt godt materiale innenfor de opphavsrettslige og andre begrensninger som til enhver tid vil gjelde for bruk av kildemateriale i kulturarvinstitusjoner”. Bruk av “sosiale nettverksteknologier og wiki-initiativ vil materialet også kunne brikes og få ny betydning i takt med samfunnsutviklingen”.
Og dette er jo pent. Men korleis skal regjeringa nå desse måla?
Her er det lite nytt å melde: “Satsingen vil ta utgangspunkt i det ansvaret de eksisterende samlingsbevarende institusjonene har for å digitalisere, forvalte og formidle materialet i egne samlinger. Samtidig må det erkjennes at det på enkelte områder er behov for samordning og samarbeid for å komme frem til det ønskelige resultatet.” Og denne samordninga skal Riksarkivet ha ansvar for innanfor arkivområdet: “Arkivverket skal være hovedaktør i digitaliseringsarbeid på arkivfeltet. I tillegg til oppgaver og myndighet som er tillagt Arkivverket og Riksarkivaren etter arkivlova, skal Arkivverket ha ansvaret for nasjonale katalogstandarder og digitale løsninger for søking i arkiv på tvers av alle typer arkivinstitusjoner.”
Dette inneber i realiteten at Riksarkivet får blankofullmakt til å bestemme dei teknologiske løysingane. Det er ikkje nødvendigvis ei god løysing; erfaringane så langt i arbeidet med digitalisering og nettformidling tyder på at gode idear ofte oppstår i mindre institusjonsmiljø (jf Fylkesarkivet i Sogn og Fjordanes innsats gjennom mange år).
Inneber meldinga ei vingeklipping av ABM-utvikling? Mykje tyder på det: “ABM-utvikling skal ha koordinerende og tilretteleggende oppgaver for museene og privatarkivene utenfor Arkivverket, men ingen direkte operative oppgaver i digitaliseringssammenheng.” Les denne setninga ein gong til, og legg merke til kva som manglar. Nettopp: orda “kommunale og fylkeskommunale arkiv”. Lest bokstavleg står det her at ABM-utvikling ikkje skal spele nokon rolle i samband med digitalisering av kommunalt og fylkeskommunalt arkivmateriale. Kommunale og fylkeskommunale arkivinstitusjonar (og bibliotek) må altså sjølv finansiere sine digitale satsingar – det blir ingenting å hente frå statleg hald.
Når du skal lese ei stortingsmelding er det alltid lurt å sjå kva som står til slutt, i kapitlet som vanlegvis heiter “administrative og økonomiske konsekvensar”. Og her står følgjande: “De skisserte tiltak i meldingen forutsettes dekket innenfor de gjeldende budsjettrammer”. Altså: Det kjem ikkje nye, friske pengar til digitalisering. Så veit vi det.
Oppsummert: Digitaliseringsmeldinga inneber ingen reell satsing på digitalisering. Den statlege digitaliseringspolitikken har ingen plass for det regionale og lokale nivået, men legg heller opp til meir sentralstyring. Konsekvensen av denne politikken kan gjere den digitale allmenningen til ein arena for statsmakta sine forteljingar, og ikkje for eit spennande folkeleg mangfald.
Filmen om Max Manus og bøkene om Jens Chr. Hauge Gunnar Sønsteby har utløyst nok ein debatt om norsk krigshistorieskriving. Debatten er nødvendig, det er ingen tvil om det. Norsk okkupasjonshistorie har blitt skrive i svart og kvitt, som historikaren Tore Pryser uttrykte det i Klassekampen 23. desember: Anten som svartmaling av dei som gjekk inn i NS, eller som glorifisering av heltane i Milorg og Kompani Linge. Andre historier har i stor grad blitt neglisjert: det økonomiske samarbeidet med okkupasjonsmakta, kommunistane sin motstandskamp, dei russiske krigsfangane sin situasjon, den norske krigsinnsatsen på tysk side på Austfronten, den norske deltakinga i holocaust, osb, osv.
Hovudårsaka til dette er at historieskrivinga har vore dominert av eit fagmiljø med nær tilknyting til Milorg-leiinga og Forsvaret. Dette har langt på veg bestemt formål og fokus for okkupasjonshistoria: å skrive ei nasjonsbyggjande historie som framheva innsatsen til dei som kom i maktposisjonar etter frigjeringa. Dessutan har dette miljøet, som historikaren Lars Borgersrud viser i ein større artikkel i Klassekampen 30.12., hatt eksklusiv tilgang til ressursar og kjelder: “Både FKA [Forsvarets krigshistoriske avdeling] og Hjemmefrontmuseet ble organisert rundt arkivmateriale etter krigen som de fikk overlevert av E-staben. Det var kilder som var hemmeligholdt i svært mange år og som først i de senere år delvis har blitt gjort tilgjengelig for andre forskere. Denne eksklusive kildetilgangen, bruken av hemmeligstempling og ressurstilgang uten om det sivile samfunnets kanaler og innsyn har utvilsomt vært bestemmende for debatten om krigen. [---] Fortsatt har Norges Hjemmefrontmuseum beholdt viktige arkiver som Riksarkivaren rett og slett er påtvunget å avfinne seg med. Det er en klar linje fra den gang avtroppende forsvarsminister Jens Chr. Hauge tok med seg sine embetsdokumenter hjem, fordi han mente de kunne komme i feil hender – og han beholdt dem til han delte dem ut til sin utvalgte biograf -, til Norges Hjemmefrontsmuseum og IFS, som om arkivlov, offentlighetslov, forvaltningslov og Riksarkiv ikke eksisterte.”
Borgersrud har openbart eit poeng; den som har makt over arkiva har også makt over historieskrivinga. Denne maktutøvinga er særleg tydeleg når arkiva berre blir gjort tilgjengelege for handplukka forskarar. Men den er også til stades i praktiseringa av kravet om forskarkompetanse for å få tilgang til opplysningar som er unntatt offentlegheit med heimel i lov; det synest openbart at dei same kreftene som har dominert okkupasjonshistoria også har påverka Riksarkivets tilgangspolitikk (sjå Bjørn Westlie og Lars Borgersrud i heftet “Arkiv, demokrati rettferd” (http://www.abm-utvikling.no/publisert/abm-skrift/arkiv_demokrati.pdf).
Samtidig er det viktig å vere klar over at dei fleste kjeldene til okkupasjonshistoria ikkje lenger er, og delvis aldri har vore, unntatt offentlegheit. Kjelder til historia om den daglege tilpassinga og praktiske samarbeidet med okkupasjonsmakta finst m.a. i dei kommunale arkiva landet rundt. Då eg skreiv hovudoppgåve i historie om det politiske og økonomiske samarbeidet med okkupasjonsmakta i Bergen i 1940, brukte eg berre opne kjelder, hovudsakleg frå kommunale arkiv. Desse arkiva dokumenterte at leiinga i Bergen kommune sitt hovudmål heilt frå 10. april – mens det framleis sto norske styrkar nokre få mil frå byen – var å “halde hjula i gang” og tilpasse seg dei nye makthavarane. Det same skjedde elles i landet, men samarbeidet og tilpassinga har vore eit av dei forsømte emna i okkupasjonshistoria fordi den ikkje passa inn i det offisielle historieforteljinga.
Kjeldene til ei meir kritisk og nyansert okkupasjonshistorie finst, i statsarkiv, byarkiv og interkommunale arkiv landet rundt. Dei finst i lensmanns- og politiarkiva, i domstolsarkiva, og ikkje minst i dei kommunale arkiva etter formannskap, rådmenn, tekniske etatar, skolevesen, forsyningsnemnder og likningskontora. Spørsmålet er om arkivinstitusjonane vil gjere noko aktivt for å formidle at denne dokumentasjonen finst og leggje den til rette for bruk, og dermed bidra til nyskriving av okkupasjonshistoria.
… kan velte stort lass, heiter det.
På ettermiddagen fredag 11. april fekk eg beskjeden via sms: LLPs landsmøte har stemt ned forslaget om å gå saman med KAF og NA til ein arkivorganisasjon. Med knappast mogleg margin. Vedtaket kravde 2/3 fleirtal, og om vi berre reknar ja- og nei-stemmer var ja-fleirtalet stort nok. Men ein delegat stemte blankt, og denne stemma hindra kvalifisert fleirtal. Utan denne stemma hadde LLP gått inn for samanslåing. På LLPs landsmøte var det berre taparar.
Då eg fekk denne beskjeden var eg på konferansen The Philosophy of the Archive” i Edinburgh. Innleiingsforedraget denne fredagen handla om forholdet mellom “culture” og “evidence” i engelsk arkivhistorie. Elisabeth Shepherd stilte spørsmålet om forholdet mellom desse eigenskapane ved arkivet har vore prega av kontinuitet eller konflikt, og viste korleis det engelske arkivlandskapet og faglege miljøet hadde vakse fram i denne spenninga. Hennar konklusjon var – ikkje uventa – at desse eigenskapane ved arkivet føreset kvarandre.
Arkivfaget, som vitskapleg disiplin, omfattar heile arkivprosessen frå skaping og arkivering, via utval og beskriving, til bevaring og formidling. Forvaltningsarkivarar og depotarkivarar står ikkje i motsetning til kvarandre; dei arbeider med det same materialet og utfyller kvarandre. Samtidig er det klart at det finst faglege særtrekk som har skapt grenser mellom dei to faggruppene. Men som Verne Harris peika på i eit anna innlegg på konferansen: Grenser er alltid porøse. Det er difor dei blir så hyppig patruljerte.
Vi nærmar oss april, då Norsk Arkivråd (NA), Landslaget for lokal- og privatarkiv (LLP) og Kommunalt arkivfagleg forum (KAF) skal ta stilling til forslaget om samanslåing til ein felles arkivorganisasjon. For utanforståande kan det kanskje synast absurd at eit så lite fagområde som arkiv har halde seg med tre organisasjonar i meir enn tjue år, men det har si forklaring i ulike historiske opphav.
NA vart stifta så langt tilbake som i 1962 for å styrke kvaliteten til arkivarbeidet i offentlege og private verksemder. Organisasjonens fokus har heile tida vore på arkivdanninga, dvs. korleis arkiv blir skapt, systematisert og brukt hos arkivskaparane. NA er idag den største arkivorganisasjonen, har medlemer frå statleg, kommunalt og privat sektor og har den største tilbodsporteføljen for medlemene.
KAF vart stifta i 1987. Formålet var – og er - å styrke arkivdanninga i kommunar og fylkeskommunar, altså ei målsetjing som er parallell med NAs. Ei årsak til at mange kommunale arkivmedarbeidarar valte å stifte ein ny organisasjon i staden for å bli med i NA, var sannsynlegvis at dei opplevde at NA var dominert at statleg tilsette og difor ikkje tok kommunale arkivspørsmål på alvor. Eg skal ikkje dømme om dette; i eit historisk perspektiv kan vi også sjå KAF som eit uttrykk for den aukande profesjonaliseringa av kommunalt arkivarbeid på 80-talet og behovet for å skape ein sjølvstendig fagleg identitet.
LLP har sitt opphav i dei nye arkivinstitusjonane som vaks fram på 1980-talet. Organisasjonens formål var dei første åra å styrke arbeidet med å bevare og gjere tilgjengeleg “lokalt og privat arkivtilfang”, først midt på 90-talet vart dette omformulert til eksplisitt å omfatte også kommunale arkiv. I motsetning til dei to andre organisasjonane har LLP lagt hovudvekta på dei kulturhistoriske funksjonane til arkivet og ikkje lagt særleg vekt på arkivdanningsspørsmål. LLP skil også ut fordi berre institusjonsmedlemer har stemmerett på årsmøtet, mens dei andre to likestiller individuelt og institusjonalr medlemskap.
Desse tre organisasjonane er det altså som kanskje skal bli ein. Dette burde vere ei vinning for eit lite fagområde som arkiv. Men det finst dei som er skeptiske eller negative til ei samanslåing. Dette er gjerne menneske som har lagt ned store ressursar for å utvikle dei eksisterande organisasjonane og som fryktar at ein organisasjon ikkje vil makte å vidareføre arbeid på alle dei fagområda som i dag har prioritet i tre organisasjonar. Eg forstår denne skepsisen, men eg deler den ikkje.
Eg har tidlegare på denne bloggen kritisert Oddby-utvalets utredning om samanslåing til ein organisasjon for å vere for operativ, for lite opptatt av å analysere kva skilnadene mellom dei tre organisasjonanes medlemsgrunnlag og innretning kan bety for etableringa av ein ny organisasjon. For ein felles arkivorganisasjon treng ein felles identitet, ein identitet omfattar noko meir enn det som blir sagt i det foreslåtte formålsparagrafen: “Organisasjonens formål er å arbeide for faglig utvikling av den enkelte arkivmedarbeider, fremme arkivfaget i alle sammenhenger samt arbeide for at det utvikles en nasjonal arkivpolitikk”. Denne er berre operativ, den tilbyr oss ikkje noko samlande, overordna perspektiv.
Så kva er det som er felles for ein arkivmedarbeidar i ein kommune og ein arkivar i eit museum som arbeider med privatarkiv? Tilsynelatande lite; den eine er opptatt av å journalføre og klassifisere arkivdokument i eitt enkelt arkiv, den andre av å samle inn lags- og bedriftsarkiv som kan dokumentere eit lokalsamfunn. Men om vi ser djupare, kan vi sjå at desse to – som alle andre arkivtilsette – arbeider med å skape, bevare og gjere tilgjengeleg eit felles integret samfunnsminne. Eksistensen av tilgjengelege arkiv er ein føresetnad for demokrati, rettstryggleik og kontrollerbar kunnskap om fortida.
Dersom ein ny arkivorganisasjon skal bli vellukka, må den leggje vekt på å skape ei felles forståing av arkivets samfunnsmessige funksjonar og arkivaranes – vår – rolle i arbeidet med å gjere arkivet til ein demokratisk ressurs for alle. Ein felles organisasjon må ha eit breiare grunnlag enn eit sett vedtekter. Vi treng ein visjon, eit arkivpolitisk program, som kan vere eit grunnlag for innbyrdes respekt mellom ulike fagtradisjonar. Ein felles arkivorganisasjon må altså ikkje nøye seg med å vidareføre det arbeidet dei eksisterande organisasjonane har drive. Den må også representere noko nytt.
Dersom vi klarer dette, vil ikkje det nye berre vere vanskeleg. Det vil også bli spennande. Eg gler meg!
Sist veke var eg i Ålesund. Ærendet mitt var å delta på ein konferanse om bevaring av fiskerihistoriske arkiv. Eg hadde meldt meg på for å få kunnskap om korleis privatarkivarbeidet vert drive på Sunnmøre; eg var klar over at Interkommunalt arkiv i Møre og Romsdal hadde etablert kontakt med miljø både på Høgskolen i Ålesund og i fiskerinæringa og at noko var på gang, men eg møtte vel eigentleg utan spesielle forventningar. Eg har vore på konferansar før, mange konferansar, og eg minnest berre nokre få (og det er ikkje alltid på grunn av det faglege innhaldet).
Men denne kjem eg til å hugse, og det av to grunnar.
For det første på grunn av deltakinga; eit halvt hundre deltakarar er i seg sjølv eit godt resultat for ein regional konferanse, men når meir enn halvparten viser seg å vere folk med posisjonar innanfor m.a. fiskeri, fiskeomsetning og skipsrelatert industri er dette ikkje mindre enn oppsiktsvekkjande. Sannsynlegvis er dette den første konferansen om privatarkiv her i landet der eit fleirtal har representert arkivskaparane, sjølve næringslivet. I tillegg deltok leiaren for kulturkomiteen på Stortinget, eit par ordførarar, ei rekkje forskarar og ein handfull arkivarar.
Men det eg vil hugse best, og lengst, er det som vart sagt. Om behovet for å bevare arkiv som kan dokumentere den historiske utviklinga av fiskeria og gjere desse tilgjengelege – ikkje berre for forskinga, men for eit breitt publikum. Og dei som sa dette var representantar for næringslivet. Og dei sa meir; i den avsluttande debatten om korleis arbeidet for å bevare fiskeriarkiv skulle førast vidare, vart det skissert eit samarbeidsprosjekt mellom offentlege og private interesser. Og representantane frå næringslivet var openbart innstilt på å bidra økonomisk til prosjektet, dersom det offentlege gjer det same. Og eg kjenner meg rimeleg trygg på at det vil kome offentlege pengar frå lokalt og regionalt hald.
Det er verre med staten.
Om eit par dagar blir det arrangert ein nasjonal konferanse om bevaring av næringslivsarkiv i Oslo. Slik det ser ut no, blir dette utan deltaking frå Kultur- og kyrkjedepartementet, som var invitert til å halde innlegg og delta i paneldebatten. Ja, du les rett: Fagdepartementet som har ansvar for statleg kultur- og arkivpolitikk har ikkje prioritert å delta på denne konferansen.
Forstå det den som kan.