Archive for November, 2006

Den nye riksarkivaren

November 28, 2006

 Vi har fått ny riksarkivar her i landet; Ivar Fonnes tok over 1. august i år. I samband med dette er han intervjua i bladet ”Arkivråd” nr 3/06, der han m.a. uttalar seg om behovet for ei større arkivutredning. Ei slik utredning er m.a. foreslått av ABM-utvikling, Statens senter for arkiv, bibliotek og museum, Landslaget for lokal- og privatarkiv og i Nysæterutvalets innstilling http://www.riksarkivet.no/webfelles/nysaterutvalgets_innstilling.pdf . Bakgrunnen for desse forslaga er ei formulering i kulturmeldinga (St.meld. nr. 48 (2002–2003) Kulturpolitikk fram mot 2014) http://odin.dep.no/kkd/norsk/publ/stmeld/043001-040005/index-dok000/index-dok000-b-n-a.html om å gjennomføra ei meir prinsipiell utgreiing om status og utviklingsvegar for det norske arkivlandskapet.  

Tanken om ei brei arkivutredning har altså støtte både frå fleire hald. Men ikkje frå den nye riksarkivaren. Han seier: ”Jeg slutter meg til tidligere riksarkivar Herstads vurdering om at det ikke er behov for eller ønskelig med ein stor nasjonal utredning av arkivlandskapet i Norge nå.”  Då eg leste dette stussa eg ved formuleringa ”behov for eller ønskelig”. Dersom det ikkje er behov for noko, er det heller ikkje ønskeleg. Men det kan jo vere behov for noko som nokon ikkje ser som ønskeleg!  

Er det behov for ei ny arkivutredning? Det er no tjue år sidan den forrige. I løpet av desse tjue åra har det skjedd grunnleggjande endringar i det norske arkivlandskapet: Den gongen eksisterte det berre ein handfull profesjonelle arkivinstitusjonar utanfor det statlege arkivverket; i dag er det meir enn tjue. Det har skjedd grunnleggjande endringar når det gjeld tilgangen til og bruken av arkiva: Den gongen måtte arkivbrukarane gå på lesesalen; i dag kan dei i stadig aukande grad bruke internettet. Det har skjedd grunnleggjande endringar i dei arkiva som blir skapt i offentlege og private verksemder: I dag er dei elektroniske; den gongen var dei papirbaserte.  

Samtidig har det skjedd eit paradigmeskrifte innafor arkivvitskapen, der den statiske positivistiske tenkinga som har dominert gjennom størstedelen av 1900-talet har blitt utfordra av nye idear som m.a. har henta inspirasjon frå dekonstruksjonistisk tenking. Arkivet blir ikkje lenger sett på som eit nøytralt biprodukt av administrasjon, men som eit konstruert samfunnsmessig produkt, prega av den herskande ideologien og dei dominerande maktforholda.     

Det burde vere openbart at desse endringane er av ein slik karakter at dei har fått store konsekvensar, ikkje berre for arkivinstitusjonane og arkivarane, men for heile samfunnet, for alle samfunnsborgarar. Dei samfunnsmessige funksjonane til arkiva og arkivinstitusjonane har endra seg. Eit døme på denne er den sterke veksten av menneske som har bruk for arkiva til å dokumentere urett for å oppnå rettferd: krigsbarn, barnheimsbarn, nordsjødykkarar og no sist menneske som har fått skader etter vaksineforsøk mot hjernehinnebetennelse på 80-talet.    

Eg meiner at behovet for ei arkivutredning burde vere openbart. Ei slik utredning må gjennomføre ei grunnleggjande analyse av utviklinga av arkivas samfunnsmessige funksjonar dei siste tjue åra. Med utgangspunkt i ein slik analyse kan ein identifisere dei vesentlege utfordringane som arkivinstitusjonane må takle i det nye hundreåret. På dette grunnlaget kan utredninga så peike på dei strukturelle endringane som vil vere nødvendige for at arkivlandskapet skal kunne løyse desse oppgåvene og dei ressursane som trengst.  

Statleg arkivpolitikk er framleis sterkt prega av at byråkratane i Kulturdepartementet ser på arkiv som eit forvaltningsspørsmål. Staten har ein politikk for det statlege arkivverket, men ikkje for heile arkivlandskapet. Arkiva blir sett på som forvaltningsdokumentasjon, der staten skal ta seg av statleg materiale, kommunane av kommunalt materiale og i praksis ingen ta seg av privatarkivmateriale. Men statlege, kommunale og private arkiv blir skapt gjennom ei samhandling mellom ulike aktørar. Arkiva er integrerte samfunnsprodukt og ein felles samfunnsressurs. Bevaring og tilgjengleggjering av arkiv må vere ei samfunnsoppgåve. Dersom vi skal få byråkratane i KKD til å innsjå dette, trengst det (minst) ei arkivutredning.    

Men riksarkivaren vil altså ikkje. Han gir tre grunnar for dette: ”Hvis man skal foreta en stor, nasjonal utredning, må i det minste følgende krav være oppfylt: 1) man må vite hva man skal utrede, og hva man skal oppnå med det. 2) Den nye inndelingen av landet i regioner må være fastsatt før man utreder arkivlandskapet. 3) Det må forutsettes at utredningen skal lede til noe, hvilket vi si at man (Kulturdepartementet?) mer eller mindre på forhånd har forpliktet seg til å følge opp med bevilgninger til det regionale arkivlandskapet. Jeg tar neppe mye feil om eg sier at det vil måtte dreie seg om fleire titalls millioner kroner pr. år i friske penger”.   

Kjære riksarkivar, vi veit kva som må utredast. Og den nye regionmeldinga kjem om eit par månader. Kva den vil innehalde veit vi ikkje, men den politiske situasjonen skulle tyde på at det kan ta lang tid før ein ny regionstruktur er på plass. Vi kan ikkje vente så lenge. Neste år er dataene frå den store arkivkartlegginga klare, og dette vil vere eit gunstig tidspunkt for å få sett i gang ei utreding. Og det er jo aldri slik at pengane er klare før ei utredning blir sett i gang! Tvert i mot – det er utredninga som skal dokumentere ressursbehovet. Deretter skal den politiske behandlinga følgje opp. 

Er det kanskje slik at riksarkivaren meiner at ei utredning ikkje er ønskeleg?

Arkivblogg - og så på nynorsk?

November 23, 2006

Ja. Og det er på tide. Arkiv - i tydinga dokument som er bevart, lagra, tilgjengeleggjort for at andre skal kunne bruke dei - er ein basisfunksjon i eit kvart samfunn. Arkiv dreier seg om makt og avmakt, om rettferd og urett, om fortida, samtida og framtida. Som Jaques Derrida skreiv det: ”There is no political power without control of the archive, if not of memory. Effective democratisation can always be measured by this essential criterion: the participation in and the access to the archive, its constitution and its interpretation.”

Makta over arkivet handlar om kven som bestemmer kva som blir arkivert eller ikkje arkivert, bevart eller ikkje bevart, gjort tilgjengeleg eller halde skjult og om kven som får tilgang til arkivet. Denne makta er både politisk og fagleg og blir utøvd av politikarar, byråkratar og arkivarar. Og denne makta treng å bli utfordra.

Difor denne bloggen. Den vil handle om politikk og fag, om skjulte og synlege historier, rett og urett - om arkivets mangfaldige verden.