Arkivblogg – og så på nynorsk?

november 23, 2006

Ja. Og det er på tide. Arkiv – i tydinga dokument som er bevart, lagra, tilgjengeleggjort for at andre skal kunne bruke dei – er ein basisfunksjon i eit kvart samfunn. Arkiv dreier seg om makt og avmakt, om rettferd og urett, om fortida, samtida og framtida. Som Jaques Derrida skreiv det: ”There is no political power without control of the archive, if not of memory. Effective democratisation can always be measured by this essential criterion: the participation in and the access to the archive, its constitution and its interpretation.”

Makta over arkivet handlar om kven som bestemmer kva som blir arkivert eller ikkje arkivert, bevart eller ikkje bevart, gjort tilgjengeleg eller halde skjult og om kven som får tilgang til arkivet. Denne makta er både politisk og fagleg og blir utøvd av politikarar, byråkratar og arkivarar. Og denne makta treng å bli utfordra.

Difor denne bloggen. Den vil handle om politikk og fag, om skjulte og synlege historier, rett og urett – om arkivets mangfaldige verden.   

Legg att eit svar