Tre setningar om arkivlandskapet

desember 12, 2006

Fredag 8. desember vart St. meld. nr 12 (2006-07) ”Regionale fortrinn – regional framtid” lagt fram. I arkivsektoren har det vore ei viss spenning om kva meldinga ville innehalde om det framtidige regionale arkivlandskapet. Dei som hadde venta seg noko nytt, må ha blitt skuffa.     

Meldinga brukar tre setningar på å behandle arkivsektoren: ”På arkivområdet har de tre forvaltningsnivåene et lovhjemlet ansvar for å ta vare på arkiver de selv har skapt. Flere steder arbeides det imidlertid med samlokalisering. Det blir viktig for staten, regionene og kommunene å utvikle gode organisasjonsmodeller for slike arkivsentra.” 

På bakgrunn av dette kan vi slå fast følgjande: 

  1. Regjeringa har ikkje nytta dette høvet til å sjå på samfunnets arkiv som ein integrert heilskap som er skapt i samhandling mellom private og offentlege aktørar. I staden heng den fast i ei forelda førestilling om at arkiv framleis skal vere eit forvaltningsansvar.
  2. Med dette utgangpunktet er det kanskje ikkje så merkeleg at privatarkiva ikkje blir behandla. Men det er svært skadeleg at regjeringa forsømmer seg her, ikkje minst med tanke på kva signal dette sender til det regionale forvaltningsnivået.
  3. Med andre ord, ikkje noko nytt frå regjeringsfronten.

 Vennar, vi har framleis ein lang veg å gå.

Legg att eit svar