Archive for February, 2007

Om makt og avmakt i arkiva (1)

February 28, 2007

Den 23. mars 1944 vart det kasta ei bombe mot ei tysk politipatrulje i Via Rasella i Roma. 32 politimenn vart drepne og fleire vart såra. Aksjonen vart gjennomført av den kommunistiske motstandsrørsla. For å hemne åtaket bestemte den tyske militærleiinga at det skulle gjennomførast represaliar: for kvar drepne politimann skulle det innan 24 timar avrettast ti italienske fangar. Dagen etter vart 335 menneske skotne: politiske fangar og jødar som venta på deportasjon. Represaliane vart gjennomført utan forvarsel. 

Dette var langt frå den verste massakren dei nazistiske okkupantane gjennomførte i Italia. Men det er fleire forhold som gjorde den spesiell. Det var den einaste massakren som skjedde i ein storby, og i motsetning til dei fleste andre omfatta den menneske frå alle samfunnsklassar og politiske retningar. Ein annan ting som gjer den spesiell, er korleis den har blitt hugsa.  

I følgje den folkelege tradisjonen var det nemleg dette som skjedde: Dagen etter åtaket vart det sett opp plakatar over heile Roma, der okkupantane oppfordra dei som sto bak åtaket på politipatruljen til å overgi seg. Dersom dei ikkje gjorde det, ville det bli gjennomført represaliar. Men dei kommunistiske partisanane overgav seg ikkje, og difor vart det etter ei vekes tid avretta ti fangar for kvar politimann. Denne versjonen gir kommunistane skulda for at dei 335 vart drepne. Det folk hugsar er dei feige partisanane som gøymde seg og let dei uskuldige gisla bli drepne.  

I artikkelen The Massacre at the Fosse Ardeatine i samlinga Memory History Nation (New Brunswick/London 2006, ISBN 1-4128-0488-4, redigert av Katharine Hodgkin og Susannah Radstone) analyserer Alessandro Portelli årsakene til at det kollektive minnet om denne hendinga har fjerna seg så langt frå dei faktiske hendingane. Kva som skjedde vart klarlagt i 1946, som eit ledd i rettsoppgjeret mot dei tyske ansvarlege, og arkivdokumenta har vore tilgjengelege sidan. Hovudkjelda til den forvrengte versjonen var ein leiarartikkel som vart trykt 26. mars 1944 i Osservatore Romano, den offisielle avisa til den katolske kyrkja. Og som Portelli seier: Når Osservatore Romano skriv noko, blir det gjentatt av sokneprestar over heile Italia. Og denne versjonen høvde også perfekt for den katolske kyrkjas politiske allierte, det kristeleg demokratiske partiet (som styrte Italia i 50 år etter krigen) i deira kamp mot kommunistane i den kalde krigen.  

Det falske minnet om desse hendingane er altså eit produkt av politiske maktforholda i Italia i etterkrigstida. Enkelt uttrykt kan vi seie at den politiske forteljinga har hatt sterkare gjennomslagskraft enn arkivdokumenta. Slike tilfelle finst det mange av. Makthavarane vil alltid fremje sine versjonar av fortida når dette tener deira formål, sjølv om arkivdokumenta motseier dei. Og det finst nok av døme på at makthavarar øydelagt arkiv for å fjerne dokumentasjon som kan avsløre at dei lyg. Men når arkiva finst, kan dei avsløre slike falske forteljingar – dersom makta blir utfordra og innhaldet i dokumenta blir gjort kjent.    

Arkivinstitusjonane yndar å framstille seg som forvaltarar av ”samfunnets”, ”rikets”, ”fylkets” eller ”byens” hukommelse. Dette er ei sterk overdriving; det ville vere rettare å seie at arkiv er eit av fleire verktøy som eit samfunn brukar for å skape, halde ved like og dele minne. Her brukar eg ”minne” i ubestemt form fleirtal, for det er mange andre minneberarar i eit samfunn og fleire aktørar med liknande samfunnsfunksjonar som arkiva, i første rekkje bibliotek og museum. Men arkivdokumenta har ein eigenskap som dei andre minneberarane manglar; dei kan knytast til stad og tid og historiske aktørar, det vere seg personar, institusjonar eller embete, som i ein bestemt situasjon har arkivert informasjon om ei hending, ei avgjerd, ei handling e.l. Når slike arkivdokument finst, kan dei brukast til å etterprøve dei rådande forteljingane. 

Spørsmålet blir då: Kven skal gjere dette? Kva rolle har arkivinstitusjonane – og arkivarane – i ein slik samanheng? Det som slår meg i denne saka er at det må ha vore italienske kollegar som har kjent til både den falske forteljinga om denne hendinga og sjølve arkivdokumenta. Kva skal ein arkivar gjere i ein slik situasjon? Er det arkivarens jobb å utfordre dei rådande forteljingane?  

Er arkivets administrative og kulturelle verdiar kompatible?

February 14, 2007

Tittelen på dette innlegget er stole frå Terry Cook. I 1999 leia han eit seminar om bevaringsvurdering av arkiv – ”appraisal – ved Monash University i Melbourne, Australia. Artikkelen finst tilgjengeleg på http://www.recordkeeping.com.au/march99/terrycookadmincultural.html. I denne artikkelen diskuterer Cook forskjellane mellom arkivdanning – ”records management” – og arbeid med historiske arkiv.  

Problemstillingane i Cooks artikkel bør vere relevante innspel i diskusjonen om ei eventuell samanslåing av Kommunalt Arkivfagleg Forum (KAF) og Landslaget for lokal- og privatarkiv (LLP) og Norsk Arkivråd (NA), som er behandla i Oddby-utvalets innstilling. Innstillinga manglar ei drøfting av likskapar og ulikskapar mellom arkivdanning og arbeid med historiske arkiv, mellom arkivtenesta og arkivinstitusjonane sine formål, arbeidsoppgåver og roller. Eg meiner at ei slik drøfting kan vere avgjerande for at ei eventuell samanslåing vil vere vellukka. Den er nødvendig av særleg to grunnar: For det første for å avklare om likskapane er store nok til at ein felles organisasjon faktisk kan fungere. Og dersom svaret her blir ja, er det nødvendig å identifisere både dei fag- og arbeidsfelta som kan vere felles for alle grupper og dei som er spesielle berre for bestemte grupper. På eit slikt grunnlag kan ein så foreslå køyrereglar som kan sikre alle gruppers interesser i den nye organisasjonen.  

Skilnadene mellom arkivdanning og arbeid med historiske arkiv er vesentlege. Arkivdanning er den verksemda som blir utført av arkivtenesta i dei arkivskapande organisasjonane (offentlege organ, bedrifter, etc.). Arkivtenesta har eit relativt snevert formål, nemleg å skape og halde ved like arkiv som tilfredsstiller arkivskaparens kortsiktige behov for dokumentasjon av si eiga verksemd. Arbeidet med historiske arkiv er derimot forankra i eigne arkivinstitusjonar, som med armelengdes avstand til arkivskaparane kan ha eit perspektiv på sitt arbeid som både er breiare og lengre: å bevare arkiv som kan vere kjelder til heile samfunnets historie, gjere desse tilgjengeleg for alle og gjere dette i uoverskodeleg framtid. Mens arkivtenesta representerer ein av fleire administrative funksjonar hos arkivskaparen, er arkivinstitusjonane samfunnsinstitusjonar. 

Samtidig har arkivtenesta og arkivinstitusjonane også felles utfordringar. Ein av desse er kvalitet i arkivdanninga (særleg i offentlege organ). Dersom arkivinstitusjonane skal kunne fungere godt i framtida, er dei avhengige av å motta gode arkiv. Dette var bakgrunnen for at IKA-miljøet på slutten av 1980-åra (som eg var ein del av) starta arbeidet med å utvikle arkivplanar og gode arkivrutinar for kommunane. Formålet vårt var å skape gode arkiv for ”samtid og ettertid”, i eit overordna perspektiv som inkluderte både arkivskaparanes administrative behov, enkeltmenneskas behov for dokumentasjon av sine rettar og samfunnets langsiktige behov for historisk dokumentasjon. I dagens digitale verden dreier dette seg om å sikre at arkivskaparane brukar elektroniske system med arkivkvalitet, som dokumenterer alle vesentlege funksjonar og som skaper arkiv som kan bevarast for ettertida.

Men sjølv om ulike arkivdanningsspørsmål kan vere felles utfordringar for arkivtenesta og arkivinstitusjonane, vil perspektivet vere forskjellig. Arkivinstitusjonanes perspektiv vil vere overordna og langsiktig. I arkivtenesta vil ein ha eit meir operativt perspektiv. Desse skilnadene skriv seg frå ulike oppgåver, roller og tilnærmingar til arbeidsoppgåvene.        

På dei fleste andre område vil arkivtenesta og arkivinstitusjonane har heilt særeigne utfordringar. Dette er eit uttrykk for at arkivdanning og arbeidet med å velje ut, beskrive og gjere tilgjengeleg historiske arkiv er to ulike fagområde. Sjølv om dei er nære slektningar .  

Ein ny arkivorganisasjon må ta høgde for dette. Organisasjonsarbeid dreier seg om prioritering, og dersom ein ikkje har mekanismar som hindrar bortprioritering av arbeidsfelt som er viktige for eit av fagområda, vil ein fellesorganisasjon ikkje ha livets rett.     

På leirgrunn?

February 5, 2007

Oddby-utvalet har lagt fram si innstilling om samanslåing av dei tre arkivorganisasjonane Kommunalt arkivfaglig forum (KAF), Landslaget for lokal og privatarkiv (LLP) og Norsk arkivråd (NA), sjå http://www.llp.no/assets/files/organisasjonsutvalget_sluttrapport.pdf. Dette er neppe ei sak som vil skape overskrifter i dagspressa. Likevel – nokre ord om denne saka. Den angår kanskje ikkje så mange, men for desse få er den viktig.

Dei tre organisasjonane har ulike formål og oppgåver. KAF skal i følgje formålsparagrafen ”arbeide for å styrke arkivtjenesten i kommuner og fylkeskommuner”. NA har som formål ”å arbeide for effektiv organisering av arkivarbeidet i offentlige og private organ og bedrifter samt å arbeide for å skape forståelse for arkivarbeidets viktige funksjon”. LLPs formål er derimot å ”fremje vern og formidling av kommunalt og privat arkivtilfang i Noreg og heve det faglege nivået på dette arbeidet”. Denne ulikskapen i formåla er uttrykk for at organisasjonane har forskjellig medlemsgrunnlag: Mens KAF og NA har sin medlemsbasis i arkivtenesta i kommunal og statleg forvaltning, byggjer LLP i hovudsak på dei ikkje-statlege arkivinstitusjonane. Organisasjonane har også forskjellig innretning på verksemda. KAF og NA har langt på veg ei intern innretning og prioriterer arbeid med å utvikle og arrangere ulike kompetansebyggjande tilbod for medlemene. LLP har derimot ei klar samfunnsmessig innretning og prioriterer kulturpolitisk arbeid for å styrkje rammevilkåra for bevaring og formidling av arkiv.

Desse ulikskapane i grunnlag, formål og innretning er vesentlege. I eit samanslåingsperspektiv kan dei representere vesentlege utfordringar, som må løysast på ein god måte dersom ein ny organisasjon skal kunne bli eit vellukka prosjekt. Korleis har så Oddby-utvalet behandla desse utfordringane?

Eg må dessverre melde at dei er svært overflatisk behandla. Innstillinga gjer greie for organisasjonane sine arbeidsområde og oppgåver, men lar vere å problematisere ulikskapane. I staden blir det fokusert på at organisasjonane har ”felles overordnede mål” og at dei ”til dels utfyller hverandre”. Kan hende dette er gjort for å understreke fellesskapen i arkivmiljøa og mellom organisasjonane, noko som er vel og bra, men dette fører til at innstillinga ikkje drøfter det som bør vere hovudspørsmålet: Kva skal vere hovudinnretninga til ein ny, felles arkivorganisasjon? Skal den først og fremst vere ”arkivfagleg”, dvs innretta på å gi medlemene fagleg utvikling, eller skal den vere kulturpolitisk? I ei skisse til ein formålsparagraf for den nye organisasjonen heiter det:

”Organisasjonens formål er å arbeide for faglig utvikling av den enkelte arkivmedarbeider, fremme arkivfaget i alle sammenhenger samt arbeide for at det utvikles en nasjonal arkivpolitikk”.

Her er fokus gitt. Det kulturpolitiske perspektivet er innskrenka til å arbeide for ”at det utvikles” ein nasjonal arkivpolitikk. ”… at det utvikles…”? Men kva skal vere innhaldet i ein slik politikk – er det likegyldig for den nye organisasjonen?

Eg meiner at vi i dag treng ein organisasjon med ein klar arkivpolitisk profil, fordi arkiv er politikk. Arkiv handlar om demokrati. Arkiv er grunnlag for rettferd. Arkiv dreier seg om å gi alle i samfunnet retten til å vere synlege, retten til si eiga historie. I forlenginga av desse meir prinsipielle spørsmåla, står vi framfor ei rekkje konkrete politiske utfordringar, t.d. på privatarkivfeltet, i høve til regionreforma, i abm-samarbeidet. Ein ny arkivorganisasjon må gripe tak i slike politiske saker og føre vidare og styrkje den posisjonen som LLP etter mange års målretta arbeid har tilkjempa seg i forholdet til statlege myndigheiter.

Eg er ikkje i mot at det blir danna ein ny, større og sterkare arkivorganisasjon. Men ei samanslåing av KAF, LLP og NA på grunnlag av Oddby-utvalets innstilling, utan at spørsmåla som gjeld organisasjonens formål og innretning er avklara, vil vere som å byggje på leirgrunn. I vekene som kjem vil eg setje søkelys fleire utfordringar av dei utfordingane som må overvinnast, for å gi mine bidrag til ei slik avklaring.