På leirgrunn?

februar 5, 2007

Oddby-utvalet har lagt fram si innstilling om samanslåing av dei tre arkivorganisasjonane Kommunalt arkivfaglig forum (KAF), Landslaget for lokal og privatarkiv (LLP) og Norsk arkivråd (NA), sjå http://www.llp.no/assets/files/organisasjonsutvalget_sluttrapport.pdf. Dette er neppe ei sak som vil skape overskrifter i dagspressa. Likevel – nokre ord om denne saka. Den angår kanskje ikkje så mange, men for desse få er den viktig.

Dei tre organisasjonane har ulike formål og oppgåver. KAF skal i følgje formålsparagrafen ”arbeide for å styrke arkivtjenesten i kommuner og fylkeskommuner”. NA har som formål ”å arbeide for effektiv organisering av arkivarbeidet i offentlige og private organ og bedrifter samt å arbeide for å skape forståelse for arkivarbeidets viktige funksjon”. LLPs formål er derimot å ”fremje vern og formidling av kommunalt og privat arkivtilfang i Noreg og heve det faglege nivået på dette arbeidet”. Denne ulikskapen i formåla er uttrykk for at organisasjonane har forskjellig medlemsgrunnlag: Mens KAF og NA har sin medlemsbasis i arkivtenesta i kommunal og statleg forvaltning, byggjer LLP i hovudsak på dei ikkje-statlege arkivinstitusjonane. Organisasjonane har også forskjellig innretning på verksemda. KAF og NA har langt på veg ei intern innretning og prioriterer arbeid med å utvikle og arrangere ulike kompetansebyggjande tilbod for medlemene. LLP har derimot ei klar samfunnsmessig innretning og prioriterer kulturpolitisk arbeid for å styrkje rammevilkåra for bevaring og formidling av arkiv.

Desse ulikskapane i grunnlag, formål og innretning er vesentlege. I eit samanslåingsperspektiv kan dei representere vesentlege utfordringar, som må løysast på ein god måte dersom ein ny organisasjon skal kunne bli eit vellukka prosjekt. Korleis har så Oddby-utvalet behandla desse utfordringane?

Eg må dessverre melde at dei er svært overflatisk behandla. Innstillinga gjer greie for organisasjonane sine arbeidsområde og oppgåver, men lar vere å problematisere ulikskapane. I staden blir det fokusert på at organisasjonane har ”felles overordnede mål” og at dei ”til dels utfyller hverandre”. Kan hende dette er gjort for å understreke fellesskapen i arkivmiljøa og mellom organisasjonane, noko som er vel og bra, men dette fører til at innstillinga ikkje drøfter det som bør vere hovudspørsmålet: Kva skal vere hovudinnretninga til ein ny, felles arkivorganisasjon? Skal den først og fremst vere ”arkivfagleg”, dvs innretta på å gi medlemene fagleg utvikling, eller skal den vere kulturpolitisk? I ei skisse til ein formålsparagraf for den nye organisasjonen heiter det:

”Organisasjonens formål er å arbeide for faglig utvikling av den enkelte arkivmedarbeider, fremme arkivfaget i alle sammenhenger samt arbeide for at det utvikles en nasjonal arkivpolitikk”.

Her er fokus gitt. Det kulturpolitiske perspektivet er innskrenka til å arbeide for ”at det utvikles” ein nasjonal arkivpolitikk. ”… at det utvikles…”? Men kva skal vere innhaldet i ein slik politikk – er det likegyldig for den nye organisasjonen?

Eg meiner at vi i dag treng ein organisasjon med ein klar arkivpolitisk profil, fordi arkiv er politikk. Arkiv handlar om demokrati. Arkiv er grunnlag for rettferd. Arkiv dreier seg om å gi alle i samfunnet retten til å vere synlege, retten til si eiga historie. I forlenginga av desse meir prinsipielle spørsmåla, står vi framfor ei rekkje konkrete politiske utfordringar, t.d. på privatarkivfeltet, i høve til regionreforma, i abm-samarbeidet. Ein ny arkivorganisasjon må gripe tak i slike politiske saker og føre vidare og styrkje den posisjonen som LLP etter mange års målretta arbeid har tilkjempa seg i forholdet til statlege myndigheiter.

Eg er ikkje i mot at det blir danna ein ny, større og sterkare arkivorganisasjon. Men ei samanslåing av KAF, LLP og NA på grunnlag av Oddby-utvalets innstilling, utan at spørsmåla som gjeld organisasjonens formål og innretning er avklara, vil vere som å byggje på leirgrunn. I vekene som kjem vil eg setje søkelys fleire utfordringar av dei utfordingane som må overvinnast, for å gi mine bidrag til ei slik avklaring.

Legg att eit svar