Archive for June, 2007

Arkivhistorier

June 26, 2007

Korleis opplever folk møtet med arkiva? Eg har høyrt mange slags historier om dette. Om sure, arrogante og avvisande arkivarar, men også om imøtekommande og hjelpsame kollegaer. Om rigide byråkratiske reglar (maks 11 kopisider pr. dag!) og om fleksibel tenestevilje. Om så vel firkanta som smidig behandling av innsynssøknader. Om arkivmateriale som ikkje finst. Om uordna og utilgjengelege arkiv. Og om mykje anna. Forteljingar som tyder på at det finst både rævhol og englar i arkiva (slik som elles i samfunnet), at nokre institusjonar kanskje er meir byråkratiske og rigide i sine arbeidsmåtar enn andre, at arkiva faktisk ofte er mangelfulle og at dei fleste institusjonar slit med eit ordningsetterslep. 

Det eg har høyrt er tilfeldige førstehands, andrehands eller tredjehands historier (faktisk mest av dei to siste kategoriane), fortalt av menneske med ulike motiv (ikkje sjeldan av arkivarar som har eit behov for å seie noko nedsetjande om tilstanden i andre arkivinstitusjonar). Nokre av forteljingane kan det vere hald i, andre står neppe for ei kjeldekritisk undersøking. Så eg veit eigentleg ikkje så mykje om korleis folk opplever møtet med arkiva. Og det gjer neppe så mange andre heller – systematiske brukarundersøkingar er lite brukt i arkivinstitusjonane.

Formuleringa møtet med arkiva kan dessutan verke tilslørande; det er heller tale om tre ulike spørsmål: korleis opplever folk møtet med arkivinstitusjonen, med arkivarane og med arkivmaterialet? Spørsmål som likevel heng saman: Ein arkivinstitusjon vil sjølvsagt vere prega av innhaldet i arkivbestanden og det oppdraget denne gjenspeglar; eit riksarkiv som er oppretta for å dokumentere den sentrale statsmaktas og nasjonens historie vil opplevast på ein annan måte enn eit lokalhistorisk arkiv som skal dokumentere historie i eit lokalsamfunn. Institusjonens eiga historie og samfunnsmessige posisjon vil unekteleg setje sitt preg på institusjonell sjølvforståing og bedriftskultur og på dei forteljingane institusjonen formidlar til publikum om si rolle som rikets eller byens ”hukommelse”. Desse forholda vil igjen påverke medarbeidarane i deira møte med publikum. Og kva så med dei eigentlege arkiva? Kva historier fortel institusjonen (og medarbeidarane) om arkivmaterialet; kva blir løfta fram og synleggjort på nettsider, i katalogar og publikasjonar og kva blir usynleggjort?

Desse spørsmåla er mellom dei som er behandla i boka ”Archive Stories. Facts, fiction and the writing of history”, redigert av Antoinette Burton (Duke University Press, Durham & London 2005, ISBN 0-8223-3688-x). Her finn vi ei samling historier om ulike møte med arkivinstitusjonar, arkivarar og arkiv, fortalt av 15 akademiske arkivbrukarar, hovudsakleg historikarar. 

Burton skriv i introduksjonen til boka at behovet for arkivhistorier, dvs forteljingar om korleis arkiv (og arkivinstitusjonar) er skapt, brukt og opplevd av dei som brukar dei til å skrive historie, stammar frå ei ny erkjenning av at alle arkiv er forma av fortida og notida, men også av et fysiske miljøet, dei arkivskapande regimas vekst og fall, byråkratisk vilkårlegheit og til og med av arkivaranes flid eller forsømmingar. Ho insisterer på å snakke om det som skjer bak scenen i arkiva (og arkivinstitusjonane), om korleis arkiva er konstruerte, kontrollerte, autoriserte og manipulerte, fordi dette er nødvendig for å ta eit direkte oppgjer med den historiske oppfatninga av arkiva som objektive.     

Artiklane i boka behandlar problemstillingar over eit breitt tematisk og geografisk spekter; forfattarane er kunnskapsrike, skriv godt og byr på mange spennande vinklingar. Det vil føre for langt å gå inn på dei einskilde artiklane i denne omtalen.. Men det er ikkje usannsynleg at eg kjem tilbake til nokre av dei ved seinare høve.Her og no vil eg nøye meg med å slå fast at denne boka høyrer heime i sommarens arkivkanon. Kjøp den, les den og du vil bli eit klokare menneske!       

Eit arkiv, Gerd-Liv Valla og oss andre

June 12, 2007

Blogging er nok ein vintersport. Trass i gode intensjonar har mai og halve juni kome og gått utan at eg har publisert ei skarve linje. Solrike ettermiddagar og lyse kveldar har lokka meir enn tastaturet, men ein stad må grensa gå. Og ein notis i Klassekampen 6. juni med tittelen ”Ingen makulering” fekk vere grensestolpe.  

Artikkelen handlar om Fougner-utvalets arkiv. Som kjent har Gerd-Liv Vallas advokat, Harald Stabell, bede om innsyn i underlagsmaterialet for Fougner-utvalets rapport. I slutten av mai kunne så Dagen Næringsliv melde at noko av dette materialet kunne stå i fare for å bli makulert. Stabell varsla då rettslege skritt dersom LO ikkje skriftleg kunne stadfeste at ingen av dokumenta ville bli øydelagt.  

No har han fått svar: ”LO har ikke vurdert om underlagsmaterialet skal makuleres. Materialet befinner seg hos advokatfirmaet Wiersholm og blir arkivert der”, heiter det i brevet frå LOs juridiske kontor. I eit tilsvar skriv Stabell at han vel å tolke dette som at makulering ikkje er aktuelt, sjølv det ikkje eksplisitt blir stadfesta i brevet.  

Uansett kva ein meiner om Valla-saka, så er nok dei fleste samde om at Vallas avgang kan få store konsekvensar i norsk politikk. Under Gerd-Liv Valla fungerte LO på fleire område som eit kritisk venstresosialdemokratisk korrektiv til høgresida i Arbeidarpartiet. I dag er LO tilbake i den tradisjonelle posisjonen som ukritisk alliert. Kva dette vil føre til på sikt er det ingen som veit. Men det kan vere på sin plass å minne om at Gerd-Liv Valla spela ei viktig rolle då Arbeidarpartiet la kursen litt til venstre etter valet i 2001, noko som igjen opna for det raud-grøne regjeringssamarbeidet.      

Harald Stabels ærend er å forsvare interessene til sin klient. Men når han freistar å hindre at dokumentasjonen av Fougner-utvalets arbeid blir makulert, forsvarar han samtidig samfunnets interesser. For saka om Fougner-utvalets arkiv dreier seg også om at vi i framtida ein gong kan få kunnskap om kva som eigentleg hende i LO vinteren 2007.    

Fougner-utvalets arkiv er eit privatarkiv. Det er difor opp til arkivskaparen om arkivet skal bevarast for ettertida eller ikkje. Det finst ingen lovbestemte bevaringspåbod for private arkiv – i motsetning til for offentlege arkiv. Uansett kor viktig samfunnsdokumentasjon arkivet inneheld. 

Men i denne saka finst det eit alternativ. LO avleverer faktisk sine historiske arkiv til Arbeiderbevegelsens arkiv, som er oppretta for å bevare og gjere tilgjengeleg arkiv frå arbeidarrørsla. Og LO kan – som oppdragsgjevar for Fougner-utvalet – be om å få arkivet overført til seg. Dette vil kunne sikre at arkivet blir bevart for ettertida.     

Så kvifor skjer ikkje dette? Er det nokon som vil skjule sine spor?