Arkivkartlegginga, arkivmøtet og arkivlandskapet
July 17, 2007”Til kildene!” - rapporten frå ABM-utviklings arkivkartlegging (sjå http://www.abm-utvikling.no/publisert/abm-skrift/abm-skrift-40) gir oss mykje ny og viktig kunnskap om det norske arkivlandskapet. Dette landskapet viser seg å vere større og meir variert enn dei fleste av oss kunne ane. Meir enn 750 institusjonar oppbevarer historisk arkivmateriale,men berre knappe 15% har arkivbevaring og -formidling som primæroppgåve. Dei andre, dvs. museum, bibliotek, kommunar, historielag osv. har naturlegvis andre hovudoppgåver. Likevel oppbevarer desse institusjonane over 40% av det bevarte privatarkivmaterialet (målt i omfang). Musea åleine står for 28% av privatarkivtilfanget, noko som er meir enn det statlege Arkivverket (Riksarkivet og statsarkiva) til saman.
Det er sjølvsagt store skilnader innanfor dette landskapet, både når det gjeld ressursar, arkivmengde og kvalitet. Kartleggingsrapporten viser dette tydeleg. Dei større institusjonane med arkiv som primæroppgåve er – ikkje overraskande – best når det gjeld trygg oppbevaring, ordning og tilgjengeleggjering av arkiva. Det er jo desse som har størst ressursar til slikt arbeid. Dei andre institusjonstypane har generelt marginalt med ressursar til arkivarbeid, sjølv om det finst unntak. Rapporten opplyser at musea til saman brukar 37 årsverk på arkivbevaring, men om vi ser det i samanheng med andre opplysningar i kartlegginga er det openbart desse ressursane er konsentrert i ein relativt liten del av dei 229 musea som er kartlagt.
Trass i dei store skilnadene når det gjeld økonomiske, administrative og faglege ressursar har desse aktørane noko til felles. Dei har alle som mål å bevare dokumentasjon frå fortida og samtida, til nytte og glede for oss som lever i dag og dei som kjem etter oss. Dette gjer aktørane til delar av eit reelt eksisterande arkivlandskap. Eit landskap som er fragmentert, ukoordinert, samansett av mange små og veike og nokre få og sterke institusjonar, men med stort potensiale. Dersom dette potensialet skal få utvikle seg, er det avhengig av at dei store og sterke aktørane bidrar med retning, rettleiing og kunnskapsoverføring og etablerer arenaer der dette kan skje. Ein slik mogleg arena er det norske Arkivmøtet.
I april i år vart det tredje norske Arkivmøtet arrangert. I underkant av 500 arkivfolk var samla i tre dagar for å høyre på meir eller mindre inspirerande foredrag, diskutere, møte gamle kjende og knytte nye kontaktar. Av desse kom knappe 40% frå arkivtenesta i offentleg forvaltning. Om lag like mange var tilsett i arkivinstitusjonane. Berre ca 2% representerte resten av det reelt eksisterande arkivlandskapet.
Samansetninga av møtet var i stor grad resultat av ei målretta satsing frå arrangørane si side på å samle arkivarar frå institusjonsmiljøa og arkivmedarbeidarar frå stat og kommune. Eit viktig formål med dette har vore å utvikle den faglege kompetansen på elektroniske arkiv, fordi den framtidige arkivbevaringa i stor grad er avhengig av at arkivdanning følgjer bestemte standardar. Dette perspektivet sette også sitt tydelege preg på det faglege programmet på møtet.
Denne satsinga har vore viktig. Men det er altså noko som manglar. Arbeidet med bevaring og formidling av arkiv – særleg privatarkiv – i det reelt eksisterande arkivlandskapet må også få plass på dei arkivmøta som skal arrangerast i framtida. Arrangørane – og dei institusjonsmiljøa dei representerer – må vidare gjere ein innsats for å mobilisere deltakarar frå museum, bibliotek, historielag og andre som arbeider på dette området. Først når dette skjer vil det norske Arkivmøtet bli eit møte for heile arkiv-Noreg.