Sommaren er forbi og vi nærmar oss oktober. Fredag 5. oktober legg Kristin Halvorsen fram statsbudsjettet for 2008, og det store spørsmålet for oss arkivarar er dette: Blir det noko av støtteordninga for bevaring og formidling av privatarkiv denne gongen?
Støtteordninga for privatarkiv vart varsla i abm-meldinga (St.meld. 22 1999-2000. Fire år seinare vart den behandla i kulturmeldinga (St.meld. 48 2002-2003), der det vart sagt at ”Den statlege støtteordninga for privatarkiv som vart varsla i abm-meldinga, bør ha ei todelt innretning. Det eine elementet vil vera å stø arbeidet med berging, ordning og katalogisering, det andre å stø ulike formidlingstiltak.”
Støtteordninga er nødvendig fordi at arkivsinstitusjonane i dag manglar ressursar til å bevare privatarkiv. Dei offentlege arkivinstitusjonane er i utgangspunktet forvaltningsarkiv, oppretta for å ta seg av arkiva etter sine eigarar (dvs. stat, fylkeskommunar eller kommunar). Bevaring av privatarkiv har difor i dei fleste institusjonane vore avgrensa til ein tilleggsaktivitet med berre marginale ressursar til disposisjon.
Denne situasjonen står i skarp motsetning til arkiva sin samfunnsmessige karakter. Offentlege og private arkiv representerer nemleg integrerte delar av eit felles samfunnsmessig minne. (Denne erkjenninga er førebels fråverande i statleg arkivpolitikk, som byggjer på den eine premisset om at arkiv er forvaltningsdokumentasjon og arkivbevaring ei forvaltningsoppgåve. Men meir om dette ved eit seinare høve).
Arkiv blir vanlegvis skapt som følgje av samhandling mellom ulike aktørar i samfunnet. Denne samhandlinga kan dreie seg om ei lang rekkje forskjellige forhold, den kan vere prega av samarbeid eller konfliktar, den kan vere kortvarig eller langvarig og involvere to eller mange ulike aktørar, det vere seg privatpersonar, organisasjonar, private bedrifter eller kommunale, fylkeskommunale eller statlege organ.
Dei ulike aktørane i ein samhandlingsprosess kan dokumentere denne på forskjellige måtar. Arkiv blir skapt med ulike formål: Arkivskaparane kan ha behov for å dokumentere handlingar, transaksjonar eller relasjonar, kommunisere idear, underbyggje krav, grunngi standpunkt, systematisere informasjon, skape varige minne om noko eller berre lagre informasjon for eventuell seinare bruk. Arkivskaparane kan lagre informasjonen på ulike måtar, som skrift på papir, som sms eller e-post, som digitale tekstdokument på ein pc, på internett eller i eit NOARK-system, som analoge eller digitale foto, som video eller lydopptak eller kanskje som ein felles oral tradisjon i ei sosial gruppe. Nokre av desse arkiva vil vere flyktige, andre kan vere meir bestandige, og dei vil fortelje forskjellige versjonar av det som skjedde i ein gitt samhandlingsprosess.
Difor er det slik at vi må ha tilgang til arkiv frå mange ulike aktørar for å få ei oversikt over kva ein konkret samhandlingsprosess dreidde seg om. Og nettopp difor er det nødvendig å bevare arkiv frå både offentleg og privat sektor. Dersom dette skal bli mogleg, må det opprettast ei ordning som kan finansiere bevaring av privatarkiv.
No har det gått sju år sidan abm-meldinga kom. I desse åra har ei rekkje arkivinstitusjonar tent samfunnet etter beste evne og tatt vare på privatarkiv, utan å sjå snurten av nokon støtteordning. Det vi vil få vite den 5. oktober er om Trond Giske vil følgje Labans eksempel, eller om han lar sju år vere nok.