Archive for November, 2007

Kulturgeriljaen slår til!

November 27, 2007

Fire medlemer av Untergunther, ein hemmeleg organisasjon som arbeider for å restaurere kulturminne i Frankrike, vart sist fredag frikjent for innbrot i Panthéon i Paris. I følgje ein artikkel i nettutgåva av The Guardian 26.11. (sjå http://arts.guardian.co.uk/art/heritage/story/0,,2217212,00.html?gusrc=rss&feed=40 var dei fire tiltala for ulovleg å ha restaurert uret i Panthéons tårn.

Arbeidet starta i september 2005 og tok eitt år. Under leiing av Jean-Baptiste Viot, ein profesjonell urmakar, skaffa dei seg tilgang til tårnet, sette opp ein verkstad og gjennomførte reparasjonen utan at nokon merka det. Etter at arbeidet var ferdig, vart leiinga for Panthéon informert slik at dei kunne trekke opp urverket. Men Centre des Monuments Nationaux, som har det overordna ansvaret for Panthéon, vart ikkje særleg blide og reagerte med å reise sak mot Untergunther.

Lazar Klausman, talsmann for gruppa, seier til The Guardian at dei ønskjer å erstatte staten på område der staten er inkompetent. Hmm, kanskje noko å tenke på for kulturarbeidarar her i landet også?

Depotdrengen’s second year…

November 23, 2007

… starts tomorrow. Even though my production rate hasn’t been to impressive (this is my 24th posting, which makes an average of two a month), finishing my first year calls for a small celebration. So I’ve opened a can of beer, and it tastes excellent. When I started this blog, my main purpose was to trouble the dominant archival discourse, in Norway and hopefully elsewhere. I’m not the right person to say if I’ve succeeded or not, but I know that some people read what I write. So I drink to you, and I thank you for visiting depotdrengen now and then. Skål!

Arkivets meirverdi

November 19, 2007

“In all that recordkeepers do they are working with ‘context’, continually locating it, constructing it, figuring and refiguring it. And they do this work primarily through the medium of narrative. There is analysis and processing and labelling and listing and quantifying and so on, but essentially the recordkeeping intervention has to do with storytelling. Recordkeepers tell stories about stories, they tell stories with stories,” skriv Wendy Duff og Verne Harris i artikkelen ”Stories and Names: Archival Description as Narrating Records and Constructing Meanings” (trykt i Verne Harris: “Archives and Justice”).  

Tradisjonelt har arkivarane gjenfortalt arkivskaparens historier, fordi arkival ortodoksi har føreskrive at arkiv skal ordnast og beskrivast etter sitt opprinnelege system. Dette arbeidet har blitt rekna som ein verdinøytral aktivitet; arkivarens jobb har vore å gjenskape det opprinnelege, – utan å leggje til eller trekke frå noko. Konsekvensen av dette er at arkivarane har bidratt til å bevare status quo i forteljingane om fortida: Dei mektige har framleis fått føre ordet, og dei marginaliserte har framleis vore marginaliserte.  

Eit arkiv inneheld vanlegvis utallege historier, men mange (og kanskje dei fleste) av desse vil vere skjult av arkivsystemet. Årsaka er prosaisk: Arkivet skal vere ein effektiv arbeidsreiskap. Arkivsystema må difor vere laga slik at emnekategoriar og -systematikk reflekterer tankesett, saksbehandlingsmåtar og informasjonsbehov i den arkivskapande verksemda. Difor er t.d. den kommunale arkivnøkkelen, K-kodane, konstruert med utgangspunkt i dei lovpålagde oppgåvene som kommunane skal utføre, sett frå kommuneadministrasjonen si side. Og difor er NOARK-standarden (for elektroniske arkiv i offentleg forvaltning) laga for å tene særleg dei store forvaltningsorgana sine behov. Befolkninga sine behov for å kunne gjere seg kjent med innhaldet i arkivet har naturleg nok spela ei mindre rolle.  

Arkivsystemet konstruerer altså arkivskaparens forteljingar om arkivet. Dette inneber at arkivsystem og arkivordning kan gi oss informasjon om arkivskaparens sjølvforståing og arbeidsmåte; difor er det også nødvendig at systema blir bevart og dokumentert. Så langt gir den arkivale ortodoksien meining. Men å bevare og dokumentere den opprinnelege arkivkonteksten treng ikkje stå i motsetning til å opne opp for alternative forteljingar om arkiva.   

Dei alternative forteljingane er nødvendige av fleire grunnar. Dels dreier det seg om å demokratisere arkiva slik at folk kan få tilgang til informasjonen på eigne vilkår. Dels dreier det seg om å frigjere arkiva frå den byråkratiske tvangstrøya og opne dei for nye tolkingar og ny bruk. Samla sett dreier det seg om å kunne realisere den arkivale meirverdien.  

For å kunne gjere dette treng vi for det første gode verktøy, som gjer det muleg å registrere og kommunisere alternative innhaldsbeskrivingar av arkivseriar, arkivmapper og dokument. For det andre treng vi å utvikle nye arbeidsmåtar for ordning og katalogisering av arkiv. Men mest av alt treng vi ein fagleg debatt om korleis vi metodisk kan utvikle arkivbeskrivinga til å inkludere dei alternative forteljingane.