Archive for December, 2007

Julenøtter (2)

December 19, 2007

Dagens scenario: Du arbeider ved eit byarkiv, der du har ansvar for privatarkiva. Ein dag ringer enka til ein tidlegare ordførar; la oss kalle han Hartmann (sidan siste episode av Forbrytelsen går på TV denne veka). Hartmann, som døydde for eit par år sidan, var ein viktig næringslivsaktør i byen. Han var også statsråd ei periode. Enka spør om byarkivet kan vere interessert i papira etter ektemannen. Ho fortel at ho ikkje har rørt dei etter at mannen døydde. Som den gode arkivar du er, avtalar du eit besøk neste dag for å sjå på papira.

Neste dag brukar du til å gå igjennom Hartmanns arkiv. Du finn fort ut at det inneheld eit omfattande og interessant materiale om politikk og næringsliv, både på lokalt og nasjonalt nivå. Og du legg merke til at delar av arkivet er viktig kommunalt og statleg arkivmateriale, som Hartmann må ha tatt med heim mens han var ordførar og statsråd. Etter nokre timar oppdagar du dokument som kan tyde på at Hartmann har vore innblanda i tvilsame forretningar og korrupsjon. Du finn også brev som viser at Hartmann hadde ei rekkje utanomekteskapelege forhold.

Etter at du har gått igjennom arkivet, inviterer enka deg på kaffi for å diskutere kva som skal skje med arkivet. Kva gjer du?

a) Fortel du henne at arkivet inneheld dokument som tyder på økonomisk og privat utruskap?
b) Held du kjeft om dette, men seier at arkivet er viktig og spennande og at byarkivet gjerne vil ta i mot det?
c) Informerer du politiet om at du har funne dokumentasjon av muleg økonomisk kriminalitet?
d) Tar du kontakt med Riksarkivet og fortel at du har funne viktige regjeringsdokument i Hartmanns arkiv?
e) Eller gjer du noko anna?

Julenøtter (1)

December 18, 2007

Det er ikkje jul heilt enno, men sidan det neppe er mange som les denne bloggen midt i julehelga så kjem julenøttene litt i forkant. I dag ein om NAV.

Tenk deg dette scenariet: Du er arkivleiar på eit NAV-kontor, og får vite at ein saksbehandlar på trygdeavdelinga har brukt klientmapper frå den kommunale sosialstøtteavdelinga i behandlinga av nokre trygdesaker. Du reagerer på dette, går til kontoret hennar og seier at ho ikkje kan gjere slikt, fordi det bryt med bestemmelsane i personopplysningslova. Du fortel henne kva som står i lova: at ho må ha samtykke frå den personen det gjeld for å behandle slike personopplysningar og at han må informerast om behandlinga.

Ho svarar at ho ikkje har gjort nokon feil, og meiner at ho har handla i samsvar med § 16 i NAV-lova. Den paragrafen seier at “[t]aushetsplikt etter denne loven eller etter sosialtjenesteloven er ikke til hinder for at opplysninger er tilgjengelig for andre ansatte innen kontoret i den utstrekning som trengs for en hensiktsmessig arbeids- og arkivordning [-]“.

Kva gjer du? Du får fem alternativ:

a) Ruslar tilbake til arkivet med bøygd nakke?
b) Går til sjefen din og ber om ei avklaring?
c) Ringer til Riksarkivaren, din statlege arkivføresette, og ber om råd?
d) Tar kontakt med Datatilsynet for å høyre deira syn på saka?
e) Eller kontaktar du personen saka gjeld og informerer han om kva som har skjedd?

Eventuelle svar kan leggast inn i kommentarfeltet nedanfor!

Arkivformidling og arkivets samfunnsrolle

December 11, 2007

Begrepet ”arkivformidling” er relativt nytt i norsk samanheng. Ved inngangen til 1990-talet var det så godt som ukjent; i dag er det etablert både som idé og praksis i mange arkivinstitusjonar. Årsakene til denne endringa er ikkje tema for dette innlegget, men det er openbart at 1990-talet både nasjonalt og internasjonalt representerte eit tidsskilje når det gjaldt samfunnsorienteringa til arkivinstitusjonane. 

I dei første åra etter tusenårsskiftet var det ein ganske heit debatt om arkivformidling i det norske arkivmiljøet. Begrepet var som sagt nytt, og som alle nye begrep vart det tolka og utlagt på forskjellige måtar. Dette var heilt naturleg etter som det ikkje eksisterte nokon fagleg teori og metodikk for arkivformidling. I motsetning til musea, som har som ein grunnleggjande del av si verksemd å formidle delar av sine samlingar for publikum, har arkiva sine samlingar tradisjonelt berre vore tilgjengelege på forespørsel. Publikums tilgang har vore basert på at brukaren sjølv må oppsøke arkivet, finne fram i katalogane og lese dei originale arkivdokumenta på lesesalen, alternativt ta kontakt med arkivet og be om utskrift eller kopi av dokumenta. Arkivarens rolle har vore å bistå brukaren og ekspedere dei forespørslane som kom.    

Det seier seg sjølv at denne forma for tilgjengeleggjering kan representere ein høg terskel for mange potensielle brukarar. Arkiva har difor tradisjonelt vore relativt eksklusive institusjonar; du oppsøkte arkivet fordi du ville forske på eitt emne eller fordi du måtte ha tak i bestemte opplysningar. Talsfolka for arkivformidling ønska å endre denne situasjonen. Dei ville at arkivinstitusjonane skulle arbeide aktivt for å få nye brukarar og ikkje lenger vente passivt på at dei skulle kome på døra. Verkemiddelet for å oppnå dette målet var å drive aktiv formidling av det spennande innhaldet i arkiva. Arkivarane skulle gjennom tilrettelegging og bearbeiding av materialet gjere arkiva tilgjengeleg for alle.   

Dei som var kritiske – eller skeptiske – til desse ideane argumenterte langs fleire linjer. Nokre frykta at satsing på formidling ville gå ut over bevaringsarbeidet, som alltid måtte vere den viktigaste oppgåva for ein arkivinstitusjon. Andre, som tidlegare riksarkivar John Herstad, argumenterte meir prinsipielt.  

I eit innlegg i Dagbladet 14.04.2004 skreiv han at debatten berre tilsynelatande dreia seg om arkivformidling. Den var eigentleg ein ”[d]iskusjon om arkivaren i rollen som historieforteller og aktør. [---] Høytidelig sagt er det en diskusjon om arkivinstitusjonenes sjel”. Han skreiv vidare at ”[k]ravet om at arkivarene skal være historiefortellere er et forsøk på å overføre en ufordøyd museumsideologi og et uferdig produkt på arkivsektoren, en politikk for å gjøre arkivene til aktørpregede dialoginstitusjoner. Det er min overbevisning at dette må arkivsektoren verne seg mot for at bevaring fremdeles skal være vår fremste oppgave. [---] Arkivinstitusjonene har tradisjonelt aldri hatt aktiv formidling som sin hovedoppgave. I arkivsektoren har rollen som historieforteller tradisjonelt vært utført ved stedfortreder, nemlig gjennom den profesjonelle historieforskeren ved universitetene, og senere også gjennom lokalhistoriske og andre miljøer.” 

Herstads hovudærend var, slik eg les han, å forsvare idéen om at arkivinstitusjonane og arkivarane måtte vere upartiske. Og han hadde rett i at ei ”aktørlignende” rolle som historieforteljar ville representere eit brot med den tradisjonelle samfunnsrolla til dei offentlege arkivinstitusjonane. Herstad hadde også rett i at arkivformidling teoretisk og metodisk var – og framleis er – eit ”uferdig produkt”. Nye tankar vil alltid vere uferdige; men det treng ikkje bety at dei er unødvendige eller gale.  

Seks dagar etter at Herstads artikkel var publisert, opna Bergen byarkiv ei nettutstilling om eksplosjonsulykka på Bergen hamn 20.04.1944. Den dagen eksploderte ammunisjonsskipet Vorboode ved kai. 160 menneske vart drepne, over 5000 såra og 4536 bustadhus vart skada. Som ei følgje av ulykka vart skolane stengt og så mange barn som mulig evakuerte frå byen. I alt vart 4260 barn sendt til ulike delar av landet, dei fleste til private familiar. Mange av barne vart verande hos pleieforeldra sine heilt til krigen var slutt.  

Utstillinga, som er tilgjengeleg på http://www.bergen.kommune.no/byarkivet/ under lenka utstillingar, formidlar hendingane gjennom tekstar, foto og kommunale arkivdokument. Men det spesielle med den er at vi også får lese beretningar frå dei barna som vart evakuert i 1944 og som vart samla inn av byarkivet som eit ledd i arbeidet med utstillinga.    

Dei kommunale arkiva dokumenterer skadane etter ulykka, hjelpearbeidet og erstatningsutbetalingar, men fortel ikkje korleis folk opplevde situasjonen, korleis dei reagerte, korleis dei takla kvardagen etter ulykka – eller korleis barna opplevde å bli sendt bort til framande. Beretningane til dei evakuerte barna fortel andre historier enn dei kommunale arkiva og gir oss nye perspektiv på hendingane. På denne måten fungerte byarkivets innsamling eit tiltak for å supplere dei eksisterande arkiva og synleggjere ei gruppe som hadde vore usynlege i femti år. Dette representerte eit brot med den tradisjonelle oppfatninga av arkivas samfunnsmessige rolle.  

I arbeidet med denne utstillinga valde byarkivet altså ei ”aktørlignede” rolle; dei gjekk i dialog med menneske som hadde vore evakuert, samla inn deira historier og publiserte desse i samanheng med dei ”tradisjonelle” arkivkjeldene. I staden for å vere forvaltningas – i dette tilfelle kommunens – arkiv, framsto byarkivet i praksis som byens arkiv. 

Nye kostar - gammalt støv

December 3, 2007

Rykta seier at dei som har forhandla om samanslåing av Norsk Arkivråd (NA) , Landslaget for lokal- og privatarkiv (LLP) og Kommunalt Arkivfagleg Forum (KAF) har blitt einige ei samrøystes tilråding om å etablere ein felles arkivorganisasjon. Dersom dette stemmer, er det eit viktig steg i rett retning. Men eitt steg fram kan bli to steg tilbake, dersom ikkje den nye organisasjonen blir ein god reiskap for dei ulike medlemsgruppene.

Eg har i tidlegare innlegg (5.02., 14.02. og 17.07.) drøfta nokre av dei utfordringane som ein ny arkivorganisasjon må takle. I dag skal eg det som kanskje vil vere den største utfordringa for organisasjonen, nemleg å bli eit felles arkiv- og kulturpolitisk talerøyr for arkivmiljøa. På dette område har dei tre eksisterande organisasjonane til dels svært ulike historier. Mens LLP har vore ein aktiv aktør, har NA og KAF vist liten aktivitet på dette feltet.

Hovudårsaka til denne skilnaden kan vi finne i oppdraga til organisasjonane. NAs og KAFs formål er styrke/effektivisere arkivdanninga, særleg i offentleg forvaltning. Difor har NA og KAF blitt arkivtenestas organisasjonar. LLPs formål er å fremje bevaring og formidling av kommunale og private arkiv og heve det faglege nivået til dette arbeidet. LLP har difor blitt arkivinstitusjonanes organisasjon, meir presist: dei ikkje-statlege arkivas organisasjon.  

I motsetning til arkivtenesta, som er ein integrert del av administrasjonen i dei arkivskapande verksemdene, er arkivinstitusjonane kulturaktørar med samfunnsmessige agendaer. LLP har i tjue år spela ei viktig rolle som fagleg og politisk verkstad og talerøyr for institusjonsmiljøa. LLP har vore ei drivkraft for å utvikle arkiva som aktive samfunnsinstitusjonar, i arbeidet med privatarkiv og i arbeidet med arkivformidling. Og LLP har fronta institusjonsinteressene når det har vore konflikt med Riksarkivaren. 

Dei institusjonelle konfliktane mellom Riksarkivaren og særleg det kommunale arkivmiljøet har vore mange. Det starta med ”kommisjonsstriden” i 1988, då Riksarkivaren bestemte at arkiva etter dei kommunale organa som hadde vore leia av lovoppnemnde statlege tenestemenn (t.d. skolekommisjonen, fattigkommisjonen, magistraten), skulle avleverast til statsarkiva. Dei kommunale institusjonane opplevde dette som ei undergraving av sin eksistens, fordi viktige delar av dei eldste arkiva – ”arvesølvet” – vart tatt frå dei. I åra som følgde dukka det opp fleire slike saker; den saka som er aktuell no handlar om statsarkiva skal kunne fungere som kommunale arkivdepot. Eit statsarkiv har inngått avtalar om dette, og særleg dei interkommunale arkiv er uroa over konsekvensane av dette.  

Ein felles arkivorganisasjon må kunne ta stilling til slike arkivpolitiske spørsmål på eit fritt grunnlag. Dersom ikkje, har den neppe livets rett.