Julenøtter (1)

desember 18, 2007

Det er ikkje jul heilt enno, men sidan det neppe er mange som les denne bloggen midt i julehelga så kjem julenøttene litt i forkant. I dag ein om NAV.

Tenk deg dette scenariet: Du er arkivleiar på eit NAV-kontor, og får vite at ein saksbehandlar på trygdeavdelinga har brukt klientmapper frå den kommunale sosialstøtteavdelinga i behandlinga av nokre trygdesaker. Du reagerer på dette, går til kontoret hennar og seier at ho ikkje kan gjere slikt, fordi det bryt med bestemmelsane i personopplysningslova. Du fortel henne kva som står i lova: at ho må ha samtykke frå den personen det gjeld for å behandle slike personopplysningar og at han må informerast om behandlinga.

Ho svarar at ho ikkje har gjort nokon feil, og meiner at ho har handla i samsvar med § 16 i NAV-lova. Den paragrafen seier at “[t]aushetsplikt etter denne loven eller etter sosialtjenesteloven er ikke til hinder for at opplysninger er tilgjengelig for andre ansatte innen kontoret i den utstrekning som trengs for en hensiktsmessig arbeids- og arkivordning [-]“.

Kva gjer du? Du får fem alternativ:

a) Ruslar tilbake til arkivet med bøygd nakke?
b) Går til sjefen din og ber om ei avklaring?
c) Ringer til Riksarkivaren, din statlege arkivføresette, og ber om råd?
d) Tar kontakt med Datatilsynet for å høyre deira syn på saka?
e) Eller kontaktar du personen saka gjeld og informerer han om kva som har skjedd?

Eventuelle svar kan leggast inn i kommentarfeltet nedanfor!

Legg att eit svar