Arkivfiske

January 21, 2008

Sist veke var eg i Ålesund. Ærendet mitt var å delta på ein konferanse om bevaring av fiskerihistoriske arkiv. Eg hadde meldt meg på for å få kunnskap om korleis privatarkivarbeidet vert drive på Sunnmøre; eg var klar over at Interkommunalt arkiv i Møre og Romsdal hadde etablert kontakt med miljø både på Høgskolen i Ålesund og i fiskerinæringa og at noko var på gang, men eg møtte vel eigentleg utan spesielle forventningar. Eg har vore på konferansar før, mange konferansar, og eg minnest berre nokre få (og det er ikkje alltid på grunn av det faglege innhaldet).

Men denne kjem eg til å hugse, og det av to grunnar.

For det første på grunn av deltakinga; eit halvt hundre deltakarar er i seg sjølv eit godt resultat for ein regional konferanse, men når meir enn halvparten viser seg å vere folk med posisjonar innanfor m.a. fiskeri, fiskeomsetning og skipsrelatert industri er dette ikkje mindre enn oppsiktsvekkjande. Sannsynlegvis er dette den første konferansen om privatarkiv her i landet der eit fleirtal har representert arkivskaparane, sjølve næringslivet. I tillegg deltok leiaren for kulturkomiteen på Stortinget, eit par ordførarar, ei rekkje forskarar og ein handfull arkivarar.

Men det eg vil hugse best, og lengst, er det som vart sagt. Om behovet for å bevare arkiv som kan dokumentere den historiske utviklinga av fiskeria og gjere desse tilgjengelege - ikkje berre for forskinga, men for eit breitt publikum. Og dei som sa dette var representantar for næringslivet. Og dei sa meir; i den avsluttande debatten om korleis arbeidet for å bevare fiskeriarkiv skulle førast vidare, vart det skissert eit samarbeidsprosjekt mellom offentlege og private interesser. Og representantane frå næringslivet var openbart innstilt på å bidra økonomisk til prosjektet, dersom det offentlege gjer det same. Og eg kjenner meg rimeleg trygg på at det vil kome offentlege pengar frå lokalt og regionalt hald.

Det er verre med staten. 

Om eit par dagar blir det arrangert ein nasjonal konferanse om bevaring av næringslivsarkiv i Oslo. Slik det ser ut no, blir dette utan deltaking frå Kultur- og kyrkjedepartementet, som var invitert til å halde innlegg og delta i paneldebatten. Ja, du les rett: Fagdepartementet som har ansvar for statleg kultur- og arkivpolitikk har ikkje prioritert å delta på denne konferansen.

Forstå det den som kan.

   

  

Leave a Reply