Vi nærmar oss april, då Norsk Arkivråd (NA), Landslaget for lokal- og privatarkiv (LLP) og Kommunalt arkivfagleg forum (KAF) skal ta stilling til forslaget om samanslåing til ein felles arkivorganisasjon. For utanforståande kan det kanskje synast absurd at eit så lite fagområde som arkiv har halde seg med tre organisasjonar i meir enn tjue år, men det har si forklaring i ulike historiske opphav.
NA vart stifta så langt tilbake som i 1962 for å styrke kvaliteten til arkivarbeidet i offentlege og private verksemder. Organisasjonens fokus har heile tida vore på arkivdanninga, dvs. korleis arkiv blir skapt, systematisert og brukt hos arkivskaparane. NA er idag den største arkivorganisasjonen, har medlemer frå statleg, kommunalt og privat sektor og har den største tilbodsporteføljen for medlemene.
KAF vart stifta i 1987. Formålet var – og er - å styrke arkivdanninga i kommunar og fylkeskommunar, altså ei målsetjing som er parallell med NAs. Ei årsak til at mange kommunale arkivmedarbeidarar valte å stifte ein ny organisasjon i staden for å bli med i NA, var sannsynlegvis at dei opplevde at NA var dominert at statleg tilsette og difor ikkje tok kommunale arkivspørsmål på alvor. Eg skal ikkje dømme om dette; i eit historisk perspektiv kan vi også sjå KAF som eit uttrykk for den aukande profesjonaliseringa av kommunalt arkivarbeid på 80-talet og behovet for å skape ein sjølvstendig fagleg identitet.
LLP har sitt opphav i dei nye arkivinstitusjonane som vaks fram på 1980-talet. Organisasjonens formål var dei første åra å styrke arbeidet med å bevare og gjere tilgjengeleg “lokalt og privat arkivtilfang”, først midt på 90-talet vart dette omformulert til eksplisitt å omfatte også kommunale arkiv. I motsetning til dei to andre organisasjonane har LLP lagt hovudvekta på dei kulturhistoriske funksjonane til arkivet og ikkje lagt særleg vekt på arkivdanningsspørsmål. LLP skil også ut fordi berre institusjonsmedlemer har stemmerett på årsmøtet, mens dei andre to likestiller individuelt og institusjonalr medlemskap.
Desse tre organisasjonane er det altså som kanskje skal bli ein. Dette burde vere ei vinning for eit lite fagområde som arkiv. Men det finst dei som er skeptiske eller negative til ei samanslåing. Dette er gjerne menneske som har lagt ned store ressursar for å utvikle dei eksisterande organisasjonane og som fryktar at ein organisasjon ikkje vil makte å vidareføre arbeid på alle dei fagområda som i dag har prioritet i tre organisasjonar. Eg forstår denne skepsisen, men eg deler den ikkje.
Eg har tidlegare på denne bloggen kritisert Oddby-utvalets utredning om samanslåing til ein organisasjon for å vere for operativ, for lite opptatt av å analysere kva skilnadene mellom dei tre organisasjonanes medlemsgrunnlag og innretning kan bety for etableringa av ein ny organisasjon. For ein felles arkivorganisasjon treng ein felles identitet, ein identitet omfattar noko meir enn det som blir sagt i det foreslåtte formålsparagrafen: “Organisasjonens formål er å arbeide for faglig utvikling av den enkelte arkivmedarbeider, fremme arkivfaget i alle sammenhenger samt arbeide for at det utvikles en nasjonal arkivpolitikk”. Denne er berre operativ, den tilbyr oss ikkje noko samlande, overordna perspektiv.
Så kva er det som er felles for ein arkivmedarbeidar i ein kommune og ein arkivar i eit museum som arbeider med privatarkiv? Tilsynelatande lite; den eine er opptatt av å journalføre og klassifisere arkivdokument i eitt enkelt arkiv, den andre av å samle inn lags- og bedriftsarkiv som kan dokumentere eit lokalsamfunn. Men om vi ser djupare, kan vi sjå at desse to – som alle andre arkivtilsette – arbeider med å skape, bevare og gjere tilgjengeleg eit felles integret samfunnsminne. Eksistensen av tilgjengelege arkiv er ein føresetnad for demokrati, rettstryggleik og kontrollerbar kunnskap om fortida.
Dersom ein ny arkivorganisasjon skal bli vellukka, må den leggje vekt på å skape ei felles forståing av arkivets samfunnsmessige funksjonar og arkivaranes – vår – rolle i arbeidet med å gjere arkivet til ein demokratisk ressurs for alle. Ein felles organisasjon må ha eit breiare grunnlag enn eit sett vedtekter. Vi treng ein visjon, eit arkivpolitisk program, som kan vere eit grunnlag for innbyrdes respekt mellom ulike fagtradisjonar. Ein felles arkivorganisasjon må altså ikkje nøye seg med å vidareføre det arbeidet dei eksisterande organisasjonane har drive. Den må også representere noko nytt.
Dersom vi klarer dette, vil ikkje det nye berre vere vanskeleg. Det vil også bli spennande. Eg gler meg!