For å lære må vi av og til reise utanlands.
Dette gjeld kanskje særleg i eit fagområde som er så metodisk og praktisk innretta som arkiv. Vi som arbeider i dette feltet er opptatt med å få ting gjort; anten vi er forvaltnings- eller depotarkivarar er oppgåvene som oftast større enn ressursane og det er difor ikkje underleg at det faglege fokuset har vore – og er – på det metodisk-praktiske. Vi er meir opptatt av korleis vi gjer ting, enn kvifor vi gjer det; dei teoretiske grunngjevingane for dei metodiske vala vi gjer vekkjer generelt liten interesse. Og denne tilsynelatande likegyldigheita til teori deler vi med arkivarar i andre land.
Ein viktig grunn til dette ligg truleg i det positivistiske diskursen som prega arkivverda i størstedelen av det tjuande hundreåret; innanfor denne diskursen var arkivarane ”handmaidens of history” og arkivistikken ein ”historisk hjelpevitskap”. Det teoretiske grunngjevinga for denne sjølvforståinga kan vi finne hos dei klassiske arkivteoretikarane si oppfatning av arkiv som organiske produkt av arkivskaparens verksemd, som når Hilary Jenkinson skreiv at arkiv ”came together, and reached their final arrangement, by a natural process; are a growth; almost, you might say, as much an organism as a tree or an animal.” Denne oppfatninga vart delt av m.a. Jenkinsons nederlandske forløparar Muller, Feuth og Fruin og av hans amerikanske rival Th. Schellenberg, og vart knapt utfordra i det internasjonale arkivmiljøet før på 1980-talet. Då dette omsider skjedde, hadde m.a. Foucault og Le Goff for lengst problematisert arkivet som maktuttrykk og grunnlag for reproduksjon av eksisterande maktforhold.
Her til lands vart denne diskursen utfordra mykje seinare. Og vi kan kanskje undre oss over at vi, som vart rekruttert til arkivaryrket på 70- og 80-talet som nyutdanna (og ofte radikale) historikarar med rimeleg god kjennskap til positivismekritikken, ikkje synte større teoretisk interesse enn det vi faktiske gjorde. Eric Ketelaar, som har registrert liknande forhold i Nederland, meiner at ei viktig årsak kan finnast i den ”nederlandske manualen” frå 1898. Han meiner at den metodikken som denne etablerte har fungert som eit hinder for teoretisk tilnærming til arkivet; og det kan openbart vere eit poeng at proveniensprinsippet og prinsippet om den opphavlege orden har retta fokuset mot arkivet i seg sjølv og på den måten hindra utsyn mot dei samfunnsmessige forholda det vart skapt under.
Dette får så vere; formålet med dette stykket er ikkje å gjere nokon brei analyse av årsakene til den svake teoriinteressa i arkivmiljøa, men å introdusere ein handfull rapportar frå konferansen ”The Philosophy of the Archive” som vart arrangert i Edinburgh 10. – 11. april. I løpet av mai (med unntak av den første veka) vil eg skrive om mine refleksjonar kring nokre av innlegga på denne konferansen.
For når ein har reist utanlands og lært noko, får ein jo lyst til å fortelje om det!