Arkiv for juni, 2008

Demokratisering av arkivet

juni 10, 2008

(Refleksjonar etter Edinburgh, del 2)

Eg avslutta den førre refleksjonen etter Edinburgh med påstanden om at ei demokratisering av arkiva er ein føresetnad for å løfte arkivet opp frå eit samfunnsmessig fotnotetilvære. Men ærlig talt, er ikkje arkiva – i det minste i vårt land – demokratiske? Er ikkje dei oppretta og finansiert av demokratiske organ, av staten eller fylkeskommunar og kommunar, for å dokumentere dei demokratiske prosessane i desse organa?

I eit historisk perspektiv er det ingen tvil om at det norske arkivet, dvs den bevarte og tilgjengeleg arkivbestanden, har gjennomgått ei demokratisering i løpet av dei siste tiåra. For 100 år sidan vart berre statens arkiv bevart og gjort tilgjengeleg; i dag har utbygginga det nye kommunale arkivlandskapet lagt grunnlaget for at også dei kommunale arkiva kan bevarast. Samtidig har innsynsretten utvida folks rett til å kontrollere dei statlege og kommunale makthavarane.

Men denne demokratiseringa er ikkje tilstrekkeleg.

For det første er statleg norsk arkivpolitikk bygd på premisset om at arkivbevaring skal vere eit forvaltningsansvar; staten gir berre pengar til bevaring av statlege arkiv. Dette betyr at ikkje-offentlege arkiv – personarkiv, foreiningsarkiv og bedriftsarkiv – berre unntaksvis og tilfeldigvis blir bevart; det arkivale demokratiet omfattar i praksis berre offentleg sektor.

For det andre er statlege og kommunale arkiv maktas arkiv, skapt av og for dei institusjonane som styrer samfunnet. Den informasjonen som blir samla i desse arkiva er den som blir opplevd som relevant i dei ulike avgjerdsprosessane i stat og kommune, anten det dreier seg om bensinprisar, edruskapspolitikk eller barnevern. Og denne relevansen er som oftast definert av sterke økonomiske og politiske krefter som fremmer sine interesser; ein saksbehandlar kan ikkje unngå å bli påverka. Innhaldet i dei offentlege arkiva er altså prega av maktas relevansoppleving; dei alternative, opposisjonelle røystene er lite synlege, sjølv når desse er representert i folkevalde organ. Og sjølv om samfunnsborgarane har ein rett til innsyn i saksbehandlinga og til å påverke denne, er det relativt sjeldan dette blir gjort.

Det offentlege arkivlandskapet har hatt – og har framleis – som si fremste oppgåve å bevare maktas arkiv frå statleg, fylkeskommunal og kommunal forvaltning. Arkivarane sin faglege praksis har vore arbeid med materiale som er skapt i dei gjeldande byråkratisk-administrative arkivsystema. Denne praksisen har påverka vår oppfatning av kva arkiv er eller skal vere; vi har fokusert på materiale som er skapt i samsvar med formaliserte manuelle eller elektroniske arkivsystem, slik at materiale som ikkje passar inn i dette bildet ofte har blitt neglisjert.

Eit fjerde poeng: Vår beskriving av dei bevarte arkiva, arkivkatalogane, har blitt laga innanfor faglege tradisjonar som i praksis har hindra den alminnelege samfunnsborgaren å få tilgang til arkivinnhaldet. Den gjeldande katalogdiskursen byggjer på faglege føresetnader som i praksis ekskluderer dei som ikkje har kjennskap til arkivfagleg terminologi og metode. Den etablerte metodikken for arkivbeskrivinga, å byggje på arkivskaparen sitt arkivsystem, bidrar dessutan til å lukke arkivet for alternative tilnærmingar.

Eit av dei mest interessante innlegga på Edinburgh-konferansen vart halde av Andrew Flinn, frå London University College og behandla nettopp dette behovet for å demokratisere arkiva. For å gjennomføre denne nødvendige demokratiseringa og mangfaldiggjeringa må vi ifølgje Flinn

• Utvide arkivforståinga vår til å omfatte eit mykje breiare spekter av “minne” i ulike former;
• Erkjenne at prosessen med å velje ut arkiv for bevaring må byggje på prinsipp som har som mål å dokumentere alle sider ved samfunnet;
• Opne arkivbestanden med hjelp av brukarskapte beskrivingar og andre former for interaktivitet;
• Prøve ut nye samarbeidsformer med arkivskaparar og andre arkiveigarar for å sikre ei brei arkivbevaring, inkludert distribuert bevaring;
• Gjere mangfald, publikumsarbeid, samhandling med lokalsamfunn og formidling til kjerneelement i våre faglege plikter og i utdanninga.

Enkeltvis representerer desse fem punkta ikkje så mykje nytt; tankar som dette har vore lufta både her i landet og internasjonalt tidlegare. Men samla, som eit mogleg “program” for arkivutvikling i åra framover, er dei verd å reflektere over.

Og – når vi har reflektert ferdig – tilpasse dei til våre forhold og handle.