Arkiv for juli, 2008

Arkiv nedanfrå

juli 24, 2008

Heimesida til den tyske arkivarforeininga (Verband deutcher Archivarinnen und Archivare – http://vda.archiv.net/) melder om etableringa av eit nettverk for arkiv frå dei nye sosiale rørslene som vaks fram etter 1968.Styret i foreininga ønskjer nettverket velkommen og skriv at det samfunnsmessige engasjementet som vart utvikla i kampanjen mot atomvåpen, fredsrørsla, kvinnerørsla og opposisjonelle grupper i aust og vest var uttrykk for viktige sosiale prosessar som har prega og framleis pregar tysk historie. Styret skriv vidare at dersom arkivinstitusjonane ønskjer å leve opp til målet om å dokumentere samfunnet på ein mest muleg brei og mangfaldig måte, er det nødvendig arkiva til dei nye sosiale rørslene også blir bevart og gjort tilgjengeleg. Målet til det nye nettverket er altså å styrke dette arbeidet.

Så langt VdA.

Denne typen arkiv er relativt sjeldne i også norske arkivinstitusjonar. Eit rakst søk i Samkatalogen for privatarkiv (www.arkivverket.no/samkat/searchPage.php) viser at det er bevart ein del arkiv frå nokre av desse organisasjonane i Arbeiderbevegelsens arkiv og i Riksarkivet. Men dette er stort sett arkiv frå sentrale organ i organisasjonane; arkiv frå lokallaga ser ut til å mangle.

Og det som først og fremst særmerka desse rørslene var at dei var aktivistorganisasjonar. Dei var aktive i lokalsamfunna, arrangerte aksjonar og møte og delte ut flygeblad. Hovudmålet for aktivitetane var å påverke folk, ikkje å drive lobbyverksemd på Stortinget. Og eg vil tru at desse lokale aktivitetane er relativt overflatisk dokumentert i dei sentrale arkiva.

No veit eg at arkivskaping i vanleg byråkratisk forstand ikkje hadde nokon høg prioritet i desse rørslene. Det viktigaste var å få ting gjort, ikkje å dokumentere dei. Likevel finst det materiale, flygeblad, plakatar, fotografi, pamflettar og brev, i mange heimar i dette landet. Materiale som kan dokumentere kva som vart tenkt, sagt og gjort.

40-årsmarkeringa av 1968 har så langt, i alle fall i pressa, vore prega av debattar der (meir eller mindre sjølvutnemnde) 68-veteranar har prøvd å rettferdiggjere eigne handlingar og mistenkjeleggjere tidlegare motstandarar. Eg skal ikkje nekte for at mange av innlegga har hatt ein viss underhaldningsverdi. Men særleg etterrettelege har dei kanskje ikkje vore.

Så kanskje det er på tide å samle inn autentisk dokumentasjon av desse rørslene?