Arkiv for oktober, 2008

Jens Chr Hauge og Trond Giske

oktober 31, 2008

Ei veke etter at statsbudsjettet vart lagt fram utan nokon finansieringsordning for bevaring av privatarkiv, kom biografien om Jens Chr Hauge. Sjeldan har vel ei utilsikta timing vore betre: Biografien er ein glimrande illustrasjon på at privatarkiv kan ha vel så stor samfunnsverdi som offentlege arkiv.

Olav Njølstads viktigaste enkeltkjelde til biografien er nemleg Jens Chr Hauges privatarkiv. Dette arkivet inneheld vesentleg dokumentasjon om norsk historie etter 1940 som ikkje finst andre stader. For å nemne to døme: Utan dette arkivet ville vi ikkje ha fått den kunnskapen vi no har om Hauges besøk som offisiell norsk utsending i  den israelske “atombyen” Dimona i 1961, eit besøk han ikkje nemnde i sin rapport til styresmaktene. Arkivet inneheld også dokumentasjon som gir unik innsikt i det sosiale livet til menneske som sette preg på samfunnsutviklinga i denne tida, som t.d. leiinga i Milorg og Heimefronten og i Arbeidarpartiet.

Eg skal skrive meir utførleg om Jens Chr Hauges arkiv i ein annan samanheng. Her vil eg nøye meg med å peike på at eit personarkiv også representer ei forteljing om opphavspersonen. Personarkivet, i den grad det blir bevart og gjort tilgjengeleg, er eit monument over mennesket. Som historikaren Jacques Le Goff har understreka: Menneske med makt eller rikdom lagar minnesmerke for å hindre at ettertida gløymer det dei meiner skal vere minneverdig, men også for å autorisere forteljinga om det som hende. Det var nettopp dette Jens Chr Hauge gjorde då han avleverte sitt arkiv til Riksarkivet i 2003. 

Den statsråden som no tre gongar har sagt nei til støtteordninga for privatarkiv, Trond Giske, har i følgje Jens Stoltenberg også gjort seg fortent til eit minnesmerke. Dersom dette skal vere noko meir enn ein statue med eit namn på, må Giske sørgje for å dokumentere sine nettverk og mange initiativ i eit arkiv. Og for å vere trygg på at dette arkivet blir bevart, må han faktisk også få på plass pengar til privatarkiva i neste statsbudsjett.  Dersom ikkje, risikerer Giske å ende opp som ein av desse statuane av folk vi ikkje lenger hugsar.

”Arkivverket ledes av Riksantikvaren”

oktober 7, 2008

…står det ein stad i statsbudsjettet som vart lagt fram i dag. Det er kanskje symptomatisk for innhaldet i budsjettet, sett frå ikkje-statleg arkivhald.

For heller ikkje denne gongen fekk vi nokon støtteordning for bevaring og formidling av privatarkiv. Det som står om privatarkivområdet er følgjande:

“En statusrapport om bevarings- og formidlingssituasjonen for privat og offentlig arkivmateriale av lokalt og regionalt opphav ble lagt fram i juni 2007. Kartleggingen viser bl.a. at bevarte og tilgjengelige arkiv i for liten grad representerer en helhetlig og representativ samfunnsdokumentasjon. Viktige samfunnssektorer er for svakt dokumentert og det er store regionale skjevheter. Det er bl.a. sikret for lite materiale fra de større bedriftsarkivene og det er gjort lite med sikte på å kunne ta hånd om elektroniske privatarkiver.”

Dei tre siste setningane ord for ord identisk med det som vart sagt i budsjettet i fjor. Så eg gjer det same, og viser til innlegget eg skreiv 5. oktober i fjor.

Eit avslørande dokument

oktober 2, 2008

15. september i år publiserte ABM-utvikling – Statens senter for arkiv bibliotek og museum – sin årlege statistikk over verksemda til institusjonane i ABM-sektoren. Det nye i år er at arkivinstitusjonane – eller rettare 33 av dei – er representerte i ABM-statistikken; tidlegare har den vore for bibliotek og museum åleine.

Dette er første gongen at offentlegheita får systematisk informasjon om delar av verksemda til dei største og viktigaste arkivinstitusjonane. Når eg skriv ”delar av verksemda”, er dette ut frå ei erkjenning av at all statistikk representerer ei form for konstruksjon. Det landskapet som kjem til syne gjennom arkivstatistikken for 2007 er eit konstruert landskap, ein representasjon av ”verkelegheita”, som byggjer på at statistikkmakarane har valt ut bestemte spørsmål som institusjonsleiarane har svara på. Det er utvalet av spørsmål, og det tolkingsrommet som spørsmåla gir den som svarar, som har vore avgjerande for det arkivlandskapet statistikken konstruerer for oss. Andre spørsmål kunne ha synt oss eit anna landskap.

Men eg vil hevde at den statistikken som ligg føre er ein fornuftig konstruksjon. Dei spørsmåla som institusjonsleiarane har svara på fokuserer på dei vesentlege funksjonane som arkiva har og bør ha i dagens samfunn, som institusjonar som skal dokumentere samfunnet på ein brei og mest muleg dekkjande måte og samtidig vere ein mest muleg allsidig ressurs for alle samfunnsborgarar. (Her må eg opplyse – det ville ha vore uærleg av meg å underslå dette – at eg i mi tid som avdelingsdirektør i ABM-utvikling starta opp den prosessen som no har resultert i ein eigen arkivstatistikk, og at eg i den samanhengen var sterkt involvert i utveljinga av spørsmål. Eg er altså ein av konstruktørane, så dette avsnittet kan også lesast som ein forsvarstale.)

Arkivstatistikken inneheld altså utvalde fakta om verksemda til institusjonane. Vi kan t.d. lese at den totale bestanden papirarkiv – i dei 33 institusjonane som statistikken omfattar – i fjor var 354 983 hyllemeter. Av dette var berre 47 947 hyllemeter, dvs 13,5% frå privat sektor. Dette seier noko om i kva grad denne arkivbestanden representerer heile samfunnet (noko den truleg ikkje gjer, sidan dei offentlege arkiva er så dominerande).

Vi kan også lese at arkiva samla behandla 83 397 forespørslar frå ”publikum” i 2007, og at knappe 40 000 av desse dreia seg om personlege velferdsformål, dvs spørsmål om dokumentasjon av pensjon, skolegang, barnevern, osb. Dette kan bekrefte det inntrykket mange av oss har hatt om at rettsdokumentasjon er ein av arkivas viktige samfunnsoppgåver i dag, og at denne er langt større enn den forskingsmessige bruken av arkiva.

Og vi kan lese at dei 33 arkiva hadde knappe 43 000 besøk i fjor. Det er ikkje mange, men andre opplysningar fortel noko om det publikumspotensialet arkiva har. Det statlege Arkivverket har om lag 200 millionar søk i sine databasar (hovudsakleg Digitalarkivet, vil eg tru). Og ein relativt liten institusjon som Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane, med berre 48 personlege besøk, hadde meir enn 35 000 søk i dei arkivdatabasane er tilgjengelege på institusjonens nettsider.

Statistikken avslører altså arkivinstitusjonane sine sterke og svake sider, som det heiter. Men også potensialet. Den er tilgjengeleg på http://www.abm-utvikling.no/publisert/abm-skrift/abm-skrift-49.