Eit avslørande dokument

oktober 2, 2008

15. september i år publiserte ABM-utvikling – Statens senter for arkiv bibliotek og museum – sin årlege statistikk over verksemda til institusjonane i ABM-sektoren. Det nye i år er at arkivinstitusjonane – eller rettare 33 av dei – er representerte i ABM-statistikken; tidlegare har den vore for bibliotek og museum åleine.

Dette er første gongen at offentlegheita får systematisk informasjon om delar av verksemda til dei største og viktigaste arkivinstitusjonane. Når eg skriv ”delar av verksemda”, er dette ut frå ei erkjenning av at all statistikk representerer ei form for konstruksjon. Det landskapet som kjem til syne gjennom arkivstatistikken for 2007 er eit konstruert landskap, ein representasjon av ”verkelegheita”, som byggjer på at statistikkmakarane har valt ut bestemte spørsmål som institusjonsleiarane har svara på. Det er utvalet av spørsmål, og det tolkingsrommet som spørsmåla gir den som svarar, som har vore avgjerande for det arkivlandskapet statistikken konstruerer for oss. Andre spørsmål kunne ha synt oss eit anna landskap.

Men eg vil hevde at den statistikken som ligg føre er ein fornuftig konstruksjon. Dei spørsmåla som institusjonsleiarane har svara på fokuserer på dei vesentlege funksjonane som arkiva har og bør ha i dagens samfunn, som institusjonar som skal dokumentere samfunnet på ein brei og mest muleg dekkjande måte og samtidig vere ein mest muleg allsidig ressurs for alle samfunnsborgarar. (Her må eg opplyse – det ville ha vore uærleg av meg å underslå dette – at eg i mi tid som avdelingsdirektør i ABM-utvikling starta opp den prosessen som no har resultert i ein eigen arkivstatistikk, og at eg i den samanhengen var sterkt involvert i utveljinga av spørsmål. Eg er altså ein av konstruktørane, så dette avsnittet kan også lesast som ein forsvarstale.)

Arkivstatistikken inneheld altså utvalde fakta om verksemda til institusjonane. Vi kan t.d. lese at den totale bestanden papirarkiv – i dei 33 institusjonane som statistikken omfattar – i fjor var 354 983 hyllemeter. Av dette var berre 47 947 hyllemeter, dvs 13,5% frå privat sektor. Dette seier noko om i kva grad denne arkivbestanden representerer heile samfunnet (noko den truleg ikkje gjer, sidan dei offentlege arkiva er så dominerande).

Vi kan også lese at arkiva samla behandla 83 397 forespørslar frå ”publikum” i 2007, og at knappe 40 000 av desse dreia seg om personlege velferdsformål, dvs spørsmål om dokumentasjon av pensjon, skolegang, barnevern, osb. Dette kan bekrefte det inntrykket mange av oss har hatt om at rettsdokumentasjon er ein av arkivas viktige samfunnsoppgåver i dag, og at denne er langt større enn den forskingsmessige bruken av arkiva.

Og vi kan lese at dei 33 arkiva hadde knappe 43 000 besøk i fjor. Det er ikkje mange, men andre opplysningar fortel noko om det publikumspotensialet arkiva har. Det statlege Arkivverket har om lag 200 millionar søk i sine databasar (hovudsakleg Digitalarkivet, vil eg tru). Og ein relativt liten institusjon som Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane, med berre 48 personlege besøk, hadde meir enn 35 000 søk i dei arkivdatabasane er tilgjengelege på institusjonens nettsider.

Statistikken avslører altså arkivinstitusjonane sine sterke og svake sider, som det heiter. Men også potensialet. Den er tilgjengeleg på http://www.abm-utvikling.no/publisert/abm-skrift/abm-skrift-49.

Legg att eit svar