Ei veke etter at statsbudsjettet vart lagt fram utan nokon finansieringsordning for bevaring av privatarkiv, kom biografien om Jens Chr Hauge. Sjeldan har vel ei utilsikta timing vore betre: Biografien er ein glimrande illustrasjon på at privatarkiv kan ha vel så stor samfunnsverdi som offentlege arkiv.
Olav Njølstads viktigaste enkeltkjelde til biografien er nemleg Jens Chr Hauges privatarkiv. Dette arkivet inneheld vesentleg dokumentasjon om norsk historie etter 1940 som ikkje finst andre stader. For å nemne to døme: Utan dette arkivet ville vi ikkje ha fått den kunnskapen vi no har om Hauges besøk som offisiell norsk utsending i den israelske “atombyen” Dimona i 1961, eit besøk han ikkje nemnde i sin rapport til styresmaktene. Arkivet inneheld også dokumentasjon som gir unik innsikt i det sosiale livet til menneske som sette preg på samfunnsutviklinga i denne tida, som t.d. leiinga i Milorg og Heimefronten og i Arbeidarpartiet.
Eg skal skrive meir utførleg om Jens Chr Hauges arkiv i ein annan samanheng. Her vil eg nøye meg med å peike på at eit personarkiv også representer ei forteljing om opphavspersonen. Personarkivet, i den grad det blir bevart og gjort tilgjengeleg, er eit monument over mennesket. Som historikaren Jacques Le Goff har understreka: Menneske med makt eller rikdom lagar minnesmerke for å hindre at ettertida gløymer det dei meiner skal vere minneverdig, men også for å autorisere forteljinga om det som hende. Det var nettopp dette Jens Chr Hauge gjorde då han avleverte sitt arkiv til Riksarkivet i 2003.
Den statsråden som no tre gongar har sagt nei til støtteordninga for privatarkiv, Trond Giske, har i følgje Jens Stoltenberg også gjort seg fortent til eit minnesmerke. Dersom dette skal vere noko meir enn ein statue med eit namn på, må Giske sørgje for å dokumentere sine nettverk og mange initiativ i eit arkiv. Og for å vere trygg på at dette arkivet blir bevart, må han faktisk også få på plass pengar til privatarkiva i neste statsbudsjett. Dersom ikkje, risikerer Giske å ende opp som ein av desse statuane av folk vi ikkje lenger hugsar.