Ein artikkel av meg om Jens Chr Hauge og hans arkiv er publisert i tidsskriftet ABM, sjå http://www.abm-utvikling.no/abm-3-08.
Arkiv for november, 2008
Mannen, arkivet og samfunnet
november 25, 2008Call for papers?
november 14, 2008Det 3. norske Arkivmøtet i 2007 stod for ei viktig nyvinning. I forkant av møtet sende nemleg arrangementskomiteen ut ein “call for papers”, dvs. ein invitasjon til folk i fagmiljøet om å sende inn forslag til foredrag. Dette representerte eit brot med tidlegare års praksis, då programmet vart bestemt av komiteen bak lukka dører. Invitasjonen førte kanskje ikkje til så mange innlegg denne gongen, men slik vil det ofte vere når noko nytt blir prøvd. Men nokre innlegg kom det (m.a. mitt innlegg “Den rettferdige arkivaren” som kan lesast på denne bloggen).
Men til det 4. Norske Arkivmøtet, som skal haldast i Bergen 20 -22. april neste år, har det ikkje blitt sendt ut nokon “call for papers”. Eg veit ikkje kvifor arrangementskomiteen har bestemt dette; den har ikkje kommunisert sine synspunkt til omverda. Og eg skal ikkje spekulere om kvifor den har kutta ut den opne invitasjonen. Men konsekvensen er skadeleg.
Kvifor er “call for papers” viktig?
Hovudgrunnen er at ein slik invitasjon bidrar til å gjere Arkivmøtet til ein opnare arena, der arkivfolk kan stå fram med sjølvvalde tema og synspunkt som kan stimulere den arkivfaglege debatten. Arkivfaget er ein vitskapleg disiplin, og som alle andre vitskapar er faget avhengig av at ulike synspunkt får bryne seg mot kvarandre. Det norske arkivmiljøet har altfor lenge vore prega av det eg vil kalle ein “forvaltningsdiskurs”, som i stor grad har redusert arkivfaget til spørsmål om lov- og regelverksforvaltning. Denne diskursen må utfordrast dersom arkivfaget skal få utvikle seg.
Eit etablert system for “call for papers” vil dessutan stimulere den arkivfaglege forskinga, som i dag lir under ein mangel på arenaer for formidling av forskingsresultata. Dersom dei veit at det blir sendt ut invitasjonar i forkant av kvart Arkivmøte, kan arkivarar jobbe med sine forskingsprosjekt i forvissing om at dei får høve til å presentere sine resultat på desse møta.
Det er no for seint å sende ut “call for papers” til Arkivmøtet i Bergen. Men det kjem fleire Arkivmøte etter dette. Til desse møta bør arrangementskomiteen invitere til innlegg. Arkivmiljøet fortener det.