Det er to månader sidan sist depotdrengen ytra seg på denne plassen. Grunnen er enkel: andre skrivejobbar. Og det er slik for meg at desse har slukt mesteparten av både kapasitet og kreativitet. Men no har eg ei lita pause; ein skrivejobb er avslutta og den nye startar ikkje før i morgon.
Dessutan har depotdrengen starta som frilansar og tar oppdrag av ulike slag. Så difor denne introduksjonen til depotdrengens kurs om yrkesroller og fagetikk for 1) forvaltningsarkivarar og 2) depotarkivarar. Nærare omtale av kursa kjem under “pages” til venstre.
I byrjinga av januar 2009 var det ein kort og intens debatt om grensene mellom fag og politikk på diskusjonslista til den internasjonale arkivorganisasjonen, International Council on Archives (ICA). Bakgrunnen var ein diskusjon om den israelske krigføringa i Gaza, som førte til at generalsekretæren i ICA, David Leitch, i eit innlegg 9. januar slo fast at “[s]idan ICA er ein organisasjon for arkivarar (archive professionals), er det ikkje passande å bruke diskusjonslista for å gi uttrykk for politiske standpunkt”.
Leitchs markering førte til denne kommentaren frå Verne Harris, som er leiar for “Memory and Dialogue”-programmet ved Nelson Mandela Foundation: “Eg leste ‘påminninga’ di av 9. januar med sinne. Når skal dei som administrerer arkivfaglege diskursar erkjenne at ‘det faglege’ og ‘det politiske’ er uløyseleg knytt saman, at ei kvar ‘fagleg’ ytring har ein ‘politisk’ dimensjon, og at arkivet uunngåeleg er politisk (at arkivet utgjer sjølve moglegheita for politikk)? Det er gjennom eit robust engasjement med ‘det politiske’ og gjennom ei forståing av fagleg politikk, at arkivarane kan kome seg ut av obskuriteten og bety noko for verda. Dessutan, når arkivet (historiske dokument, gjenstandar, minnestader, historieforteljarar etc.) blir øydelagt, synest ein høfleg ‘fagleg’ diskurs om ‘aktivitetar’ i beste fall som ei sjølvøydeleggjande øving.”
Harris fekk delvis støtte frå australiaren Chris Hurley, som meinte at å erklære seg utanfor den politiske dimensjonen i seg sjølv er ei politisk handling: Ein arkivar opererer på vegne av ein arbeidsgivar, offentleg eller privat, som ofte vil ha ein politisk agenda, og kan heller ikkje fri seg frå medansvar dersom arbeidsgivaren gjennomfører uetiske eller ulovlege handlingar. Hurley etterlyste difor fagetiske føringar som definerer kor langt ein arkivar kan følgje pålegg frå arbeidsgivarar som bryt med faglege normer.
Kven står arkivaren ansvarleg overfor? Er det arbeidsgivaren, som Hurley meiner, eller er det kanskje først og fremst arkivet, arkivdokumenta som arkivaren er med på å skape eller bevare? Eller er det samfunnet, borgarane, som arkivaren skal tene? Arkivlovgivinga og ulike fagetiske kodeksar gir varierande og til dels motstridande svar. Vi treng difor arenaer der vi kan diskutere desse spørsmåla for å finne veg gjennom det ukjende terrenget vi stundom kan bli ført inn i. Og depotdrengens kurs om yrkesroller og fagetikk kan vere ein slik arena.
mars 2, 2009 kl. 1:40 pm
Spørsmålet er om Arkivaren står ansvarleg ovanfor arbeidsgjevaren når arbeidsgjervaren tydeleg bryt lova. Vår eigen arkivlov slår fast at det er den øverste leiinga som står ansvarleg – for at lova vert følgd. Om Arkivaren varslar på lovbrot og arbeidsgjevar vel å ikkje ta dette til etteretning vert Arkivaren då medskuldig om ein ikkje gjer noko meir for å hindre at lova vert broten? Kva med å varsle tilsynsmyndigheita skulle ein ikkje vera på trygg grunn då? Hugs berre å journalføre dine oppdagelser og gjeremål.
mars 2, 2009 kl. 4:36 pm
Just passing by.Btw, you website have great content!
______________________________
Don’t pay for your electricity any longer…
Instead, the power company will pay YOU!