Arkiv for mai, 2009

Arkivutdanning og bibliotekutdanning

mai 14, 2009

Min kollega ved Høgskolen i Oslo (HiO), professor Ragnar Audunson, har i eit innlegg i Aftenposten 4. mai , sjå http://www.aftenposten.no/meninger/debatt/article3058828.ece om bibliotekmeldinga også meint noko om arkivarar og arkivutdanning.

Han skriv: ”Jeg har ett forslag: En person med grunnutdanning med bibliotekfaglig utdannelse har ikke kompetanse som bare er knyttet til bibliotek. Vedkommende har landets beste arkivutdannelse samtidig som organisering og publisering av innhold på nettet er en del av kjernekompetansen. Alle kommuner har arkiv og alle kommuner har nettjenester. Kommunalt bibliotek pluss kommunalt arkiv pluss kommunalt nettsted er lik hele bibliotekfaglige stillinger også i de minste kommunene. Denne åpenbare muligheten bør bibliotekorganisasjonene gripe fatt i.”

Eg vonar at bibliotekorganisasjonane har vit til å la dette forslaget ligge, fordi Audunson tar grunnleggjande feil.

For det første, fordi bibliotekutdanninga ikkje kvalifiserer til arkivarbeid. Rett nok har bachelorstudiet i bibliotek- og informasjonsvitskap eit valemne i arkivistikk (15 studiepoeng, som tilsvarar eit halvt semester), men dette gir berre ei grunnleggjande innføring i faget. Arkivistikk er ein sjølvstendig vitskapleg disiplin som teoretisk, metodologisk og teknisk behandlar omfattande emne som arkivdanning, arkivsystem, bevaringsvurdering og kassasjon, bevaring, arkivbeskriving, tilgjengeleggjering og formidling for elektroniske og analoge arkiv, og om arkiv som dokumentasjon, konstruksjon og samfunnsminne.

Nettopp av denne grunnen tilbyr den avdelinga ved HiO der både Audunson og eg arbeider, eit eige arkivfagleg studium: eit grunnstudium på 60 studiepoeng og påbyggingseiningar på til saman 45 studiepoeng. Og dette studiet kan konkurrere om tittelen ”landets beste arkivutdannelse”. Bibliotekstudiet konkurrerer i ei anna idrettsgrein.

For det andre seier Audunson ingenting om kva han ser for seg at bibliotekarane skal gjere med arkiva i kommunane.
Tenkjer han på arkivtenesta i kommunane og handteringa av dei aktive arkiva? Då overser han både omfanget av dette arbeidet og dei faglege kvalifikasjonane som trengst.
Eller tenkjer han på forvaltning og betening av dei eldre avslutta arkiva? I så fall krev dette m.a. kunnskapar om kommunal forvaltnings- og administrasjonshistorie, tidlegare arkivsystem og vilkår for arkivering, emne som bibliotekstudiet ikkje omfattar. Dessutan, og dette er eit like viktig poeng, kommunane har gjennom dei siste 20 åra bygd opp høgt kvalifiserte arkivinstitusjonar (IKAer, byarkiv og fylkesarkiv). Dersom bibliotekorganisasjonane skulle følgje Audunsons råd, ville dei kunne undergrave dette høgt kompetente kommunale arkivlandskapet. Det ville vere eit kulturpolitisk feilgrep av store dimensjonar.

Arkivfaget og arkivarprofesjonane har gjennomlevd ei rivande utvikling dei siste tjue-tretti åra.
Dersom nokon er interessert i å lese meir om utviklinga av arkivvitskapen, arkivarprofesjonen og arkivutdanning, viser eg til artikkelen Mellom praksis og teori i menyen til venstre.

Dokumentinnsyn – utan offentlegheit?

mai 3, 2009

Innføringa av offentlegprinsippet i norsk forvaltning var utan tvil ein viktig demokratisk reform. Forvaltningslova og offentlegheitslova etablerte eit system for innsyn i forvaltningas saksbehandling som styrka den demokratiske kontrollen av styresmaktene. Alle har rett til å krevje innsyn i saksdokument i offentlege organ, og eventuelle avslag skal vere grunngjevne med lovheimel.

Offentlegprinsippet har særleg blitt grunngitt med omsynet til rettstryggleik og demokrati. Forvaltningskomiteen av 1958, som utarbeida det første framlegget til offentlegheitslov, meinte at «[d]en enkeltes rettsstilling trygges derved at kjennskap til andre sakers behandling fremmer likhet i avgjørelsene, motvirker og vanskeliggjør vilkårlighet og korrupsjon». På same måte er allmenn tilgang til informasjon om saksbehandling og vedtak i offentleg forvaltning eit nødvendig grunnlag for eit demokrati som også involverer den vanlege borgaren, eit demokrati som også omfattar dei offentlege arkiva. Jacques Derrida såg på makt over arkivet som eit grunnleggjande demokratisk spørsmål: «Det finst ingen politisk makt utan kontroll over arkivet (—). Effektivt demokrati kan alltid målast etter eit grunnleggande kriterium: Deltakinga i og tilgangen til arkivet, til skapinga av det og til tolkinga av det».

Innføringa av offentlegprinsippet skjedde ikkje utan motstand. Og denne motstanden var konsentrert i det statlege byråkratiet, som meinte at det ville bli kostbart og i tillegg forseinke saksbehandlinga. Byråkratiet arbeider som kjent alltid best når det har arbeidsro, og slepp å bli forstyrra av eit stadig innsynsmas. Og slik er det tydelegvis framleis.

Den 18. februar i år sendte Kultur- og kyrkjedepartementet (KKD) eit merkverdig brev til Arbeids- og inkluderingsdepartementet (AID) om tolkinga av journalføringsplikta i Forskrift om offentlege arkiv. Forhistoria er slik:

I april 2008 gav Sivilombodsmannen ein uttale om arkivering og journalføring av saker om dokumentinnsyn. Bakgrunnen var at han i behandlinga av ei klagesak hadde oppdaga at AID ikkje journalførte krav om dokumentinnsyn. Sivilombodsmannens uttale tar som utgangspunkt formuleringane i arkivforskrifta som føreskriv journalføringsplikt når eit saksdokument er gjenstand for saksbehandling og har verdi som dokumentasjon, og skriv at det

«ikke [kan] være tvilsomt at begjæringen skal være gjenstand for saksbehandling hos organet. Det kan heller ikke anses tvilsomt at innsynsbegjæringen, forvaltningens avgjørelse, og andre dokumenter knyttet til behandlingen av innsynssaken, har en dokumentasjonsverdi. For eksempel vil slike dokumenter kunne ha betydning for å dokumentere forvaltningsorganets praksis i saker om dokumentoffentlighet, eller ved en eventuell klage til ombudsmannen.
Etter dette har forvaltningsorganer en plikt til å journalføre innkomne innsynsbegjæringer som fremsettes elektronisk eller i papirform».

AID var tydelegvis lite glad for dette, og klaga saka inn til KKD i mai i fjor. Og så, i februar 2009, sender KKD (med kopi til Riksarkivaren, Justisdepartementet og Sivilombodsmannen) eit svarbrev som konkluderer med at kravet om journalføring i arkivforskrifta ikkje omfattar saker om dokumentinnsyn.

Brevet er, som sagt, ei merkverdig affære. Det er på den eine sida eit typisk døme på ei utgreiing der svaret er gitt på førehand: Departementa ønskjer openbart ikkje eit system der krav om dokumentinnsyn blir journalført. (Det ville forstyrre arbeidsroa, og vere både dyrt og forseinkande for saksbehandlinga). KKDs argumentasjon er difor selektiv og inkonsistent,  prega av jakt på argument som støttar opp om den på førehand gitte konklusjonen.

På den andre sida er brevet ein studie i byråkratisk mentalitet. Brevskrivarane hoppar lett over det denne saka djupast sett handlar om: Offentlegheitas muligheit for å kontrollere forvaltningas behandling av krav om dokumentinnsyn. Dette er sjølvsagt avhengig av at vi kan få innsyn i korleis slike saker blir behandla. Og for å be om innsyn i slike saker, må vi vite at dei finst – og då må dei journalførast!

I staden legg dei vekt på at «det neppe noengang har vært praksis at departementene har journalført hver enkelt av det store antall vanlege innsynsbegjæringer som mottas», at «nåværende praksis har (—) lang tradisjon» og at det i ei «journalføringsplikt for alle innsynsbegjæringer ville (—) ligge en innebygd fare for selvgenererende oppsvulming av forvaltningens journaler ut over alle grenser, som bl.a. vil motvirke de offentligshensyn journalene skal ivareta».

Hadde byråkratane fått bestemme på 1960-talet, hadde vi ikkje hatt noko offentlegprinsipp i dag. Dei leid heldigvis nederlag, men kan jo trøste seg med at dagens byråkratar gjer sitt beste for å leve opp til gamle ideal.

Dei som ønskjer å lese brevet kan bestille det frå KKDs arkivteneste. Arkivreferansen er følgjande: 2008/02344 KU/KU3 IE:mmt 18.02.2009.