Depotdrengen er tilbake! Dei siste to åra har det vore smått med innlegg på denne sida; eg har konsentrert meg om eit anna skriveprosjekt som i desse dagar manifesterer seg i boka “Fotnote eller tekst? Arkiv og arkivarar i det 21. hundreåret” som blir gitt ut på ABM-media. Å skrive ei vitskapleg fagbok er både krevjande (det var er budd på) og oppslukande (og det var eg mindre budd på); arbeidet krev konsentrasjon som lett fører til at ein utviklar tunnelsyn og overser slikt som ikkje har direkte relevans for prosjektet. Og “slikt” omfattar her også faglege saker som depotdrengen elles hadde kommentert. Men no er eg altså ferdig med den jobben og kan bruke meir tid på å vere depotdreng.
Det første eg har gjort er å rydde litt i depotet. Dei fleste kapitla i boka var vore publisert som utkast her; dei er no sletta. Det same er tilfelle med innlegg der hovudinnhaldet har blitt innarbeida i bokmanuset og nokre kommentarar som kanskje var aktuelle då dei vart skrivne, men neppe har nokon interesse i dag.
Det neste eg skal gjere er å skrive nye innlegg. Følg med!
desember 7, 2011 kl. 4:30 pm
Gratulerer med utgivelsen, Gudmund! Til de som er interessert: Boka fåes fra Kolofon forlag til kr 240,- på denne adressen http://secure.kolofon.no/hio/index.aspx?docid=140&pid=3504&toadd=3504 – eller enda kortere: http://tinyurl.com/fotnote