Arkiv for 'ABM'Kategori

Digital maktutøving

april 25, 2009

Regjeringa har lagt fram ei stortingsmelding om “Nasjonal strategi for digital bevaring og formidling av kulturarv”, sjå http://www.regjeringen.no/nb/dep/kkd/dok/regpubl/stmeld/2008-2009/stmeld-nr-24-2008-2009-.html?id=555254. Eg har lese den, og er ikkje imponert. Den minner mest om ein norsk skihoppar i eit world cup-renn; innsatsen i ovarennet er grei nok, men så går det gale: han kjem lavt ut frå hoppet og landar på kulen. Og slik er det med digitaliseringsmeldinga også: beskrivinga av mål og status er grei nok, men dei tiltaka som er foreslått er forstemmande.

Visjonen i meldinga er  “å gjøre mest mulig av samlingene i våre arkiv, bibliotek og museer tilgjengelige for flest mulig ved fremtidsrettet bruk av IK-teknologiske løsninger. Samlingene skal være søkbare og tilgjengelige på tvers av hele abm-feltet, og innholdet skal formidles på en brukerorientert måte.” Behovet for digitalisering blir begrunna med at institusjonane har viktig historisk kjeldemateriale som kan fungere som grunnlag for nasjonal og kulturell identitet, at dette materialet (i motsetning til mykje anna på nettet) kan framstå som autentisk og påliteleg, og at digitaliseringa kan auke tilgangen til “relevant og kvalitativt godt materiale innenfor de opphavsrettslige og andre begrensninger som til enhver tid vil gjelde for bruk av kildemateriale i kulturarvinstitusjoner”. Bruk av “sosiale nettverksteknologier og wiki-initiativ vil materialet også kunne brikes og få ny betydning i takt med samfunnsutviklingen”.

Og dette er jo pent. Men korleis skal regjeringa nå desse måla?

Her er det lite nytt å melde: “Satsingen vil ta utgangspunkt i det ansvaret de eksisterende samlingsbevarende institusjonene har for å digitalisere, forvalte og formidle materialet i egne samlinger. Samtidig må det erkjennes at det på enkelte områder er behov for samordning og samarbeid for å komme frem til det ønskelige resultatet.” Og denne samordninga skal Riksarkivet ha ansvar for innanfor arkivområdet: “Arkivverket skal være hovedaktør i digitaliseringsarbeid på arkivfeltet. I tillegg til oppgaver og myndighet som er tillagt Arkivverket og Riksarkivaren etter arkivlova, skal Arkivverket ha ansvaret for nasjonale katalogstandarder og digitale løsninger for søking i arkiv på tvers av alle typer arkivinstitusjoner.”

Dette inneber i realiteten at Riksarkivet får blankofullmakt til å bestemme dei teknologiske løysingane. Det er ikkje nødvendigvis ei god løysing; erfaringane så langt i arbeidet med digitalisering og nettformidling tyder på at gode idear ofte oppstår i mindre institusjonsmiljø (jf Fylkesarkivet i Sogn og Fjordanes innsats gjennom mange år).

Inneber meldinga ei vingeklipping av ABM-utvikling? Mykje tyder på det: “ABM-utvikling skal ha koordinerende og tilretteleggende oppgaver for museene og privatarkivene utenfor Arkivverket, men ingen direkte operative oppgaver i digitaliseringssammenheng.” Les denne setninga ein gong til, og legg merke til kva som manglar. Nettopp: orda “kommunale og fylkeskommunale arkiv”. Lest bokstavleg står det her at ABM-utvikling ikkje skal spele nokon rolle i samband med digitalisering av kommunalt og fylkeskommunalt arkivmateriale. Kommunale og fylkeskommunale arkivinstitusjonar (og bibliotek) må altså sjølv finansiere sine digitale satsingar – det blir ingenting å hente frå statleg hald.

Når du skal lese ei stortingsmelding er det alltid lurt å sjå kva som står til slutt, i kapitlet som vanlegvis heiter “administrative og økonomiske konsekvensar”. Og her står følgjande: “De skisserte tiltak i meldingen forutsettes dekket innenfor de gjeldende budsjettrammer”. Altså: Det kjem ikkje nye, friske pengar til digitalisering. Så veit vi det.

Oppsummert: Digitaliseringsmeldinga inneber ingen reell satsing på digitalisering. Den statlege digitaliseringspolitikken har ingen plass for det regionale og lokale nivået, men legg heller opp til meir sentralstyring. Konsekvensen av denne politikken kan gjere den digitale allmenningen til  ein arena for statsmakta sine forteljingar, og ikkje for eit spennande folkeleg mangfald.

Jens Chr Hauge og Trond Giske

oktober 31, 2008

Ei veke etter at statsbudsjettet vart lagt fram utan nokon finansieringsordning for bevaring av privatarkiv, kom biografien om Jens Chr Hauge. Sjeldan har vel ei utilsikta timing vore betre: Biografien er ein glimrande illustrasjon på at privatarkiv kan ha vel så stor samfunnsverdi som offentlege arkiv.

Olav Njølstads viktigaste enkeltkjelde til biografien er nemleg Jens Chr Hauges privatarkiv. Dette arkivet inneheld vesentleg dokumentasjon om norsk historie etter 1940 som ikkje finst andre stader. For å nemne to døme: Utan dette arkivet ville vi ikkje ha fått den kunnskapen vi no har om Hauges besøk som offisiell norsk utsending i  den israelske “atombyen” Dimona i 1961, eit besøk han ikkje nemnde i sin rapport til styresmaktene. Arkivet inneheld også dokumentasjon som gir unik innsikt i det sosiale livet til menneske som sette preg på samfunnsutviklinga i denne tida, som t.d. leiinga i Milorg og Heimefronten og i Arbeidarpartiet.

Eg skal skrive meir utførleg om Jens Chr Hauges arkiv i ein annan samanheng. Her vil eg nøye meg med å peike på at eit personarkiv også representer ei forteljing om opphavspersonen. Personarkivet, i den grad det blir bevart og gjort tilgjengeleg, er eit monument over mennesket. Som historikaren Jacques Le Goff har understreka: Menneske med makt eller rikdom lagar minnesmerke for å hindre at ettertida gløymer det dei meiner skal vere minneverdig, men også for å autorisere forteljinga om det som hende. Det var nettopp dette Jens Chr Hauge gjorde då han avleverte sitt arkiv til Riksarkivet i 2003. 

Den statsråden som no tre gongar har sagt nei til støtteordninga for privatarkiv, Trond Giske, har i følgje Jens Stoltenberg også gjort seg fortent til eit minnesmerke. Dersom dette skal vere noko meir enn ein statue med eit namn på, må Giske sørgje for å dokumentere sine nettverk og mange initiativ i eit arkiv. Og for å vere trygg på at dette arkivet blir bevart, må han faktisk også få på plass pengar til privatarkiva i neste statsbudsjett.  Dersom ikkje, risikerer Giske å ende opp som ein av desse statuane av folk vi ikkje lenger hugsar.

”Arkivverket ledes av Riksantikvaren”

oktober 7, 2008

…står det ein stad i statsbudsjettet som vart lagt fram i dag. Det er kanskje symptomatisk for innhaldet i budsjettet, sett frå ikkje-statleg arkivhald.

For heller ikkje denne gongen fekk vi nokon støtteordning for bevaring og formidling av privatarkiv. Det som står om privatarkivområdet er følgjande:

“En statusrapport om bevarings- og formidlingssituasjonen for privat og offentlig arkivmateriale av lokalt og regionalt opphav ble lagt fram i juni 2007. Kartleggingen viser bl.a. at bevarte og tilgjengelige arkiv i for liten grad representerer en helhetlig og representativ samfunnsdokumentasjon. Viktige samfunnssektorer er for svakt dokumentert og det er store regionale skjevheter. Det er bl.a. sikret for lite materiale fra de større bedriftsarkivene og det er gjort lite med sikte på å kunne ta hånd om elektroniske privatarkiver.”

Dei tre siste setningane ord for ord identisk med det som vart sagt i budsjettet i fjor. Så eg gjer det same, og viser til innlegget eg skreiv 5. oktober i fjor.

Eit avslørande dokument

oktober 2, 2008

15. september i år publiserte ABM-utvikling – Statens senter for arkiv bibliotek og museum – sin årlege statistikk over verksemda til institusjonane i ABM-sektoren. Det nye i år er at arkivinstitusjonane – eller rettare 33 av dei – er representerte i ABM-statistikken; tidlegare har den vore for bibliotek og museum åleine.

Dette er første gongen at offentlegheita får systematisk informasjon om delar av verksemda til dei største og viktigaste arkivinstitusjonane. Når eg skriv ”delar av verksemda”, er dette ut frå ei erkjenning av at all statistikk representerer ei form for konstruksjon. Det landskapet som kjem til syne gjennom arkivstatistikken for 2007 er eit konstruert landskap, ein representasjon av ”verkelegheita”, som byggjer på at statistikkmakarane har valt ut bestemte spørsmål som institusjonsleiarane har svara på. Det er utvalet av spørsmål, og det tolkingsrommet som spørsmåla gir den som svarar, som har vore avgjerande for det arkivlandskapet statistikken konstruerer for oss. Andre spørsmål kunne ha synt oss eit anna landskap.

Men eg vil hevde at den statistikken som ligg føre er ein fornuftig konstruksjon. Dei spørsmåla som institusjonsleiarane har svara på fokuserer på dei vesentlege funksjonane som arkiva har og bør ha i dagens samfunn, som institusjonar som skal dokumentere samfunnet på ein brei og mest muleg dekkjande måte og samtidig vere ein mest muleg allsidig ressurs for alle samfunnsborgarar. (Her må eg opplyse – det ville ha vore uærleg av meg å underslå dette – at eg i mi tid som avdelingsdirektør i ABM-utvikling starta opp den prosessen som no har resultert i ein eigen arkivstatistikk, og at eg i den samanhengen var sterkt involvert i utveljinga av spørsmål. Eg er altså ein av konstruktørane, så dette avsnittet kan også lesast som ein forsvarstale.)

Arkivstatistikken inneheld altså utvalde fakta om verksemda til institusjonane. Vi kan t.d. lese at den totale bestanden papirarkiv – i dei 33 institusjonane som statistikken omfattar – i fjor var 354 983 hyllemeter. Av dette var berre 47 947 hyllemeter, dvs 13,5% frå privat sektor. Dette seier noko om i kva grad denne arkivbestanden representerer heile samfunnet (noko den truleg ikkje gjer, sidan dei offentlege arkiva er så dominerande).

Vi kan også lese at arkiva samla behandla 83 397 forespørslar frå ”publikum” i 2007, og at knappe 40 000 av desse dreia seg om personlege velferdsformål, dvs spørsmål om dokumentasjon av pensjon, skolegang, barnevern, osb. Dette kan bekrefte det inntrykket mange av oss har hatt om at rettsdokumentasjon er ein av arkivas viktige samfunnsoppgåver i dag, og at denne er langt større enn den forskingsmessige bruken av arkiva.

Og vi kan lese at dei 33 arkiva hadde knappe 43 000 besøk i fjor. Det er ikkje mange, men andre opplysningar fortel noko om det publikumspotensialet arkiva har. Det statlege Arkivverket har om lag 200 millionar søk i sine databasar (hovudsakleg Digitalarkivet, vil eg tru). Og ein relativt liten institusjon som Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane, med berre 48 personlege besøk, hadde meir enn 35 000 søk i dei arkivdatabasane er tilgjengelege på institusjonens nettsider.

Statistikken avslører altså arkivinstitusjonane sine sterke og svake sider, som det heiter. Men også potensialet. Den er tilgjengeleg på http://www.abm-utvikling.no/publisert/abm-skrift/abm-skrift-49.

Kulturformyndarane

august 26, 2008

Frp har skaffa seg kulturpolitikk, og den luktar ikkje godt. Det er kanskje ikkje så underleg når vi tenkjer på kva den er laga av.

Som nyliberalistisk parti har Frp klokkartru på den frie marknaden. Kulturpolitisk talsmann Ulf Erik Knudsen uttalar t.d. til Dagsavisen at pressestøtta må fjernast, fordi “vi mener at det er lesernes valg som må styre hvilke aviser som overlever og hvilke som har livets rett.”

Ein ting er at dette er noko kvalifisert sludder. Det vil ikkje vere lesarane, men annonsørane som bestemmer kva aviser som vil overleve utan pressestøtte.

Det som er verre, er at Knudsen framstiller marknadsøkonomi som noko demokratisk. Men det stemmer jo ikkje! Demokratiet byggjer på prinsippet “eit menneske – ei stemme”. Marknadsøkonomien byggjer derimot på prinsippet “ei krone – ei stemme”. Altså meir makt til dei som har flest kroner, og mindre til oss andre.

Frp hevdar at dei vil ha eit kulturliv utan politisk styring. Samtidig har dei tatt til orde for ein norsk kulturkanon som skal retningsgivande for t.d. lærebøker i skolen og innhaldet i allmennkringkastinga. Eg har også merka meg at Knudsen i ein “nettprat” tar til orde for å “styrke institusjoner som ivaretar den norske kulturarv – dette særlig innen arkiv, bibliotek og museum-sektoren”.

Som depotdreng skulle eg kanskje glede meg over slike signal, for dette er uvanleg kost frå eit parti som så langt har ivra for å kutte ned på løyvingane til arkiv, bibliotek og museum. Men eg gjer ikkje det. Økonomisk liberalisme kopla med nasjonalt formyndarskap kan berre styrke dei som har makt i samfunnet.

Konsekvensen kan berre bli svekka demokratisk tilgang til skapinga av og tolkinga av arkivet.

Arkivformidling og arkivets samfunnsrolle

desember 11, 2007

Begrepet ”arkivformidling” er relativt nytt i norsk samanheng. Ved inngangen til 1990-talet var det så godt som ukjent; i dag er det etablert både som idé og praksis i mange arkivinstitusjonar. Årsakene til denne endringa er ikkje tema for dette innlegget, men det er openbart at 1990-talet både nasjonalt og internasjonalt representerte eit tidsskilje når det gjaldt samfunnsorienteringa til arkivinstitusjonane. 

I dei første åra etter tusenårsskiftet var det ein ganske heit debatt om arkivformidling i det norske arkivmiljøet. Begrepet var som sagt nytt, og som alle nye begrep vart det tolka og utlagt på forskjellige måtar. Dette var heilt naturleg etter som det ikkje eksisterte nokon fagleg teori og metodikk for arkivformidling. I motsetning til musea, som har som ein grunnleggjande del av si verksemd å formidle delar av sine samlingar for publikum, har arkiva sine samlingar tradisjonelt berre vore tilgjengelege på forespørsel. Publikums tilgang har vore basert på at brukaren sjølv må oppsøke arkivet, finne fram i katalogane og lese dei originale arkivdokumenta på lesesalen, alternativt ta kontakt med arkivet og be om utskrift eller kopi av dokumenta. Arkivarens rolle har vore å bistå brukaren og ekspedere dei forespørslane som kom.    

Det seier seg sjølv at denne forma for tilgjengeleggjering kan representere ein høg terskel for mange potensielle brukarar. Arkiva har difor tradisjonelt vore relativt eksklusive institusjonar; du oppsøkte arkivet fordi du ville forske på eitt emne eller fordi du måtte ha tak i bestemte opplysningar. Talsfolka for arkivformidling ønska å endre denne situasjonen. Dei ville at arkivinstitusjonane skulle arbeide aktivt for å få nye brukarar og ikkje lenger vente passivt på at dei skulle kome på døra. Verkemiddelet for å oppnå dette målet var å drive aktiv formidling av det spennande innhaldet i arkiva. Arkivarane skulle gjennom tilrettelegging og bearbeiding av materialet gjere arkiva tilgjengeleg for alle.   

Dei som var kritiske – eller skeptiske – til desse ideane argumenterte langs fleire linjer. Nokre frykta at satsing på formidling ville gå ut over bevaringsarbeidet, som alltid måtte vere den viktigaste oppgåva for ein arkivinstitusjon. Andre, som tidlegare riksarkivar John Herstad, argumenterte meir prinsipielt.  

I eit innlegg i Dagbladet 14.04.2004 skreiv han at debatten berre tilsynelatande dreia seg om arkivformidling. Den var eigentleg ein ”[d]iskusjon om arkivaren i rollen som historieforteller og aktør. [---] Høytidelig sagt er det en diskusjon om arkivinstitusjonenes sjel”. Han skreiv vidare at ”[k]ravet om at arkivarene skal være historiefortellere er et forsøk på å overføre en ufordøyd museumsideologi og et uferdig produkt på arkivsektoren, en politikk for å gjøre arkivene til aktørpregede dialoginstitusjoner. Det er min overbevisning at dette må arkivsektoren verne seg mot for at bevaring fremdeles skal være vår fremste oppgave. [---] Arkivinstitusjonene har tradisjonelt aldri hatt aktiv formidling som sin hovedoppgave. I arkivsektoren har rollen som historieforteller tradisjonelt vært utført ved stedfortreder, nemlig gjennom den profesjonelle historieforskeren ved universitetene, og senere også gjennom lokalhistoriske og andre miljøer.” 

Herstads hovudærend var, slik eg les han, å forsvare idéen om at arkivinstitusjonane og arkivarane måtte vere upartiske. Og han hadde rett i at ei ”aktørlignende” rolle som historieforteljar ville representere eit brot med den tradisjonelle samfunnsrolla til dei offentlege arkivinstitusjonane. Herstad hadde også rett i at arkivformidling teoretisk og metodisk var – og framleis er – eit ”uferdig produkt”. Nye tankar vil alltid vere uferdige; men det treng ikkje bety at dei er unødvendige eller gale.  

Seks dagar etter at Herstads artikkel var publisert, opna Bergen byarkiv ei nettutstilling om eksplosjonsulykka på Bergen hamn 20.04.1944. Den dagen eksploderte ammunisjonsskipet Vorboode ved kai. 160 menneske vart drepne, over 5000 såra og 4536 bustadhus vart skada. Som ei følgje av ulykka vart skolane stengt og så mange barn som mulig evakuerte frå byen. I alt vart 4260 barn sendt til ulike delar av landet, dei fleste til private familiar. Mange av barne vart verande hos pleieforeldra sine heilt til krigen var slutt.  

Utstillinga, som er tilgjengeleg på http://www.bergen.kommune.no/byarkivet/ under lenka utstillingar, formidlar hendingane gjennom tekstar, foto og kommunale arkivdokument. Men det spesielle med den er at vi også får lese beretningar frå dei barna som vart evakuert i 1944 og som vart samla inn av byarkivet som eit ledd i arbeidet med utstillinga.    

Dei kommunale arkiva dokumenterer skadane etter ulykka, hjelpearbeidet og erstatningsutbetalingar, men fortel ikkje korleis folk opplevde situasjonen, korleis dei reagerte, korleis dei takla kvardagen etter ulykka – eller korleis barna opplevde å bli sendt bort til framande. Beretningane til dei evakuerte barna fortel andre historier enn dei kommunale arkiva og gir oss nye perspektiv på hendingane. På denne måten fungerte byarkivets innsamling eit tiltak for å supplere dei eksisterande arkiva og synleggjere ei gruppe som hadde vore usynlege i femti år. Dette representerte eit brot med den tradisjonelle oppfatninga av arkivas samfunnsmessige rolle.  

I arbeidet med denne utstillinga valde byarkivet altså ei ”aktørlignede” rolle; dei gjekk i dialog med menneske som hadde vore evakuert, samla inn deira historier og publiserte desse i samanheng med dei ”tradisjonelle” arkivkjeldene. I staden for å vere forvaltningas – i dette tilfelle kommunens – arkiv, framsto byarkivet i praksis som byens arkiv. 

Kulturgeriljaen slår til!

november 27, 2007

Fire medlemer av Untergunther, ein hemmeleg organisasjon som arbeider for å restaurere kulturminne i Frankrike, vart sist fredag frikjent for innbrot i Panthéon i Paris. I følgje ein artikkel i nettutgåva av The Guardian 26.11. (sjå http://arts.guardian.co.uk/art/heritage/story/0,,2217212,00.html?gusrc=rss&feed=40 var dei fire tiltala for ulovleg å ha restaurert uret i Panthéons tårn.

Arbeidet starta i september 2005 og tok eitt år. Under leiing av Jean-Baptiste Viot, ein profesjonell urmakar, skaffa dei seg tilgang til tårnet, sette opp ein verkstad og gjennomførte reparasjonen utan at nokon merka det. Etter at arbeidet var ferdig, vart leiinga for Panthéon informert slik at dei kunne trekke opp urverket. Men Centre des Monuments Nationaux, som har det overordna ansvaret for Panthéon, vart ikkje særleg blide og reagerte med å reise sak mot Untergunther.

Lazar Klausman, talsmann for gruppa, seier til The Guardian at dei ønskjer å erstatte staten på område der staten er inkompetent. Hmm, kanskje noko å tenke på for kulturarbeidarar her i landet også?