Archive for the 'Arkivorganisasjon' Category

Lita tue

April 17, 2008

… kan velte stort lass, heiter det.

På ettermiddagen fredag 11. april fekk eg beskjeden via sms: LLPs landsmøte har stemt ned forslaget om å gå saman med KAF og NA til ein arkivorganisasjon. Med knappast mogleg margin. Vedtaket kravde 2/3 fleirtal, og om vi berre reknar ja- og nei-stemmer var ja-fleirtalet stort nok. Men ein delegat stemte blankt, og denne stemma hindra kvalifisert fleirtal. Utan denne stemma hadde LLP gått inn for samanslåing. På LLPs landsmøte var det berre taparar.

Då eg fekk denne beskjeden var eg på konferansen The Philosophy of the Archive” i Edinburgh. Innleiingsforedraget denne fredagen handla om forholdet mellom “culture” og “evidence” i engelsk arkivhistorie. Elisabeth Shepherd stilte spørsmålet om forholdet mellom desse eigenskapane ved arkivet har vore prega av kontinuitet eller konflikt, og viste korleis det engelske arkivlandskapet og faglege miljøet hadde vakse fram i denne spenninga. Hennar konklusjon var – ikkje uventa – at desse eigenskapane ved arkivet føreset kvarandre.

Arkivfaget, som vitskapleg disiplin, omfattar heile arkivprosessen frå skaping og arkivering, via utval og beskriving, til bevaring og formidling. Forvaltningsarkivarar og depotarkivarar står ikkje i motsetning til kvarandre; dei arbeider med det same materialet og utfyller kvarandre. Samtidig er det klart at det finst faglege særtrekk som har skapt grenser mellom dei to faggruppene. Men som Verne Harris peika på i eit anna innlegg på konferansen: Grenser er alltid porøse. Det er difor dei blir så hyppig patruljerte.

Det vanskelege nye

March 18, 2008

Vi nærmar oss april, då Norsk Arkivråd (NA), Landslaget for lokal- og privatarkiv (LLP) og Kommunalt arkivfagleg forum (KAF) skal ta stilling til forslaget om samanslåing til ein felles arkivorganisasjon. For utanforståande kan det kanskje synast absurd at eit så lite fagområde som arkiv har halde seg med tre organisasjonar i meir enn tjue år, men det har si forklaring i ulike historiske opphav. 

NA vart stifta så langt tilbake som i 1962 for å styrke kvaliteten til arkivarbeidet i offentlege og private verksemder. Organisasjonens fokus har heile tida vore på arkivdanninga, dvs. korleis arkiv blir skapt, systematisert og brukt hos arkivskaparane. NA er idag den største arkivorganisasjonen, har medlemer frå statleg, kommunalt og privat sektor og har den største tilbodsporteføljen for medlemene. 

KAF vart stifta i 1987. Formålet var - og er - å styrke arkivdanninga i kommunar og fylkeskommunar, altså ei målsetjing som er parallell med NAs. Ei årsak til at mange kommunale arkivmedarbeidarar valte å stifte ein ny organisasjon i staden for å bli med i NA, var sannsynlegvis at dei opplevde at NA var dominert at statleg tilsette og difor ikkje tok kommunale arkivspørsmål på alvor. Eg skal ikkje dømme om dette; i eit historisk perspektiv kan vi også sjå KAF som eit uttrykk for den aukande profesjonaliseringa av kommunalt arkivarbeid på 80-talet og behovet for å skape ein sjølvstendig fagleg identitet.  

LLP har sitt opphav i dei nye arkivinstitusjonane som vaks fram på 1980-talet. Organisasjonens formål var dei første åra å styrke arbeidet med å bevare og gjere tilgjengeleg “lokalt og privat arkivtilfang”, først midt på 90-talet vart dette omformulert til eksplisitt å omfatte også kommunale arkiv. I motsetning til dei to andre organisasjonane har LLP lagt hovudvekta på dei kulturhistoriske funksjonane til arkivet og ikkje lagt særleg vekt på arkivdanningsspørsmål. LLP skil også ut fordi berre institusjonsmedlemer har stemmerett på årsmøtet, mens dei andre to likestiller individuelt og institusjonalr medlemskap.

Desse tre organisasjonane er det altså som kanskje skal bli ein. Dette burde vere ei vinning for eit lite fagområde som arkiv. Men det finst dei som er skeptiske eller negative til ei samanslåing. Dette er gjerne menneske som har lagt ned store ressursar for å utvikle dei eksisterande organisasjonane og som fryktar at ein organisasjon ikkje vil makte å vidareføre arbeid på alle dei fagområda som i dag har prioritet i tre organisasjonar. Eg forstår denne skepsisen, men eg deler den ikkje. 

Eg har tidlegare på denne bloggen kritisert Oddby-utvalets utredning om samanslåing til ein organisasjon for å vere for operativ, for lite opptatt av å analysere kva skilnadene mellom dei tre organisasjonanes medlemsgrunnlag og innretning kan bety for etableringa av ein ny organisasjon. For ein felles arkivorganisasjon treng ein felles identitet, ein identitet omfattar noko meir enn det som blir sagt i det foreslåtte formålsparagrafen: “Organisasjonens formål er å arbeide for faglig utvikling av den enkelte arkivmedarbeider, fremme arkivfaget i alle sammenhenger samt arbeide for at det utvikles en nasjonal arkivpolitikk”. Denne er berre operativ, den tilbyr oss ikkje noko samlande, overordna perspektiv.

Så kva er det som er felles for ein arkivmedarbeidar i ein kommune og ein arkivar i eit museum som arbeider med privatarkiv? Tilsynelatande lite; den eine er opptatt av å journalføre og klassifisere arkivdokument i eitt enkelt arkiv, den andre av å samle inn lags- og bedriftsarkiv som kan dokumentere eit lokalsamfunn. Men om vi ser djupare, kan vi sjå at desse to - som alle andre arkivtilsette - arbeider med å skape, bevare og gjere tilgjengeleg eit felles integret samfunnsminne. Eksistensen av tilgjengelege arkiv er ein føresetnad for demokrati, rettstryggleik og kontrollerbar kunnskap om fortida.

Dersom ein ny arkivorganisasjon skal bli vellukka, må den leggje vekt på å skape ei felles forståing av arkivets samfunnsmessige funksjonar og arkivaranes - vår - rolle i arbeidet med å gjere arkivet til ein demokratisk ressurs for alle. Ein felles organisasjon må ha eit breiare grunnlag enn eit sett vedtekter. Vi treng ein visjon, eit arkivpolitisk program, som kan vere eit grunnlag for innbyrdes respekt mellom ulike fagtradisjonar. Ein felles arkivorganisasjon må altså ikkje nøye seg med å vidareføre det arbeidet dei eksisterande organisasjonane har drive. Den må også representere noko nytt.

Dersom vi klarer dette, vil ikkje det nye berre vere vanskeleg. Det vil også bli spennande. Eg gler meg!

Nye kostar - gammalt støv

December 3, 2007

Rykta seier at dei som har forhandla om samanslåing av Norsk Arkivråd (NA) , Landslaget for lokal- og privatarkiv (LLP) og Kommunalt Arkivfagleg Forum (KAF) har blitt einige ei samrøystes tilråding om å etablere ein felles arkivorganisasjon. Dersom dette stemmer, er det eit viktig steg i rett retning. Men eitt steg fram kan bli to steg tilbake, dersom ikkje den nye organisasjonen blir ein god reiskap for dei ulike medlemsgruppene.

Eg har i tidlegare innlegg (5.02., 14.02. og 17.07.) drøfta nokre av dei utfordringane som ein ny arkivorganisasjon må takle. I dag skal eg det som kanskje vil vere den største utfordringa for organisasjonen, nemleg å bli eit felles arkiv- og kulturpolitisk talerøyr for arkivmiljøa. På dette område har dei tre eksisterande organisasjonane til dels svært ulike historier. Mens LLP har vore ein aktiv aktør, har NA og KAF vist liten aktivitet på dette feltet.

Hovudårsaka til denne skilnaden kan vi finne i oppdraga til organisasjonane. NAs og KAFs formål er styrke/effektivisere arkivdanninga, særleg i offentleg forvaltning. Difor har NA og KAF blitt arkivtenestas organisasjonar. LLPs formål er å fremje bevaring og formidling av kommunale og private arkiv og heve det faglege nivået til dette arbeidet. LLP har difor blitt arkivinstitusjonanes organisasjon, meir presist: dei ikkje-statlege arkivas organisasjon.  

I motsetning til arkivtenesta, som er ein integrert del av administrasjonen i dei arkivskapande verksemdene, er arkivinstitusjonane kulturaktørar med samfunnsmessige agendaer. LLP har i tjue år spela ei viktig rolle som fagleg og politisk verkstad og talerøyr for institusjonsmiljøa. LLP har vore ei drivkraft for å utvikle arkiva som aktive samfunnsinstitusjonar, i arbeidet med privatarkiv og i arbeidet med arkivformidling. Og LLP har fronta institusjonsinteressene når det har vore konflikt med Riksarkivaren. 

Dei institusjonelle konfliktane mellom Riksarkivaren og særleg det kommunale arkivmiljøet har vore mange. Det starta med ”kommisjonsstriden” i 1988, då Riksarkivaren bestemte at arkiva etter dei kommunale organa som hadde vore leia av lovoppnemnde statlege tenestemenn (t.d. skolekommisjonen, fattigkommisjonen, magistraten), skulle avleverast til statsarkiva. Dei kommunale institusjonane opplevde dette som ei undergraving av sin eksistens, fordi viktige delar av dei eldste arkiva – ”arvesølvet” – vart tatt frå dei. I åra som følgde dukka det opp fleire slike saker; den saka som er aktuell no handlar om statsarkiva skal kunne fungere som kommunale arkivdepot. Eit statsarkiv har inngått avtalar om dette, og særleg dei interkommunale arkiv er uroa over konsekvensane av dette.  

Ein felles arkivorganisasjon må kunne ta stilling til slike arkivpolitiske spørsmål på eit fritt grunnlag. Dersom ikkje, har den neppe livets rett.      

Arkivkartlegginga, arkivmøtet og arkivlandskapet

July 17, 2007

”Til kildene!” - rapporten frå ABM-utviklings arkivkartlegging (sjå http://www.abm-utvikling.no/publisert/abm-skrift/abm-skrift-40) gir oss mykje ny og viktig kunnskap om det norske arkivlandskapet. Dette landskapet viser seg å vere større og meir variert enn dei fleste av oss kunne ane. Meir enn 750 institusjonar oppbevarer historisk arkivmateriale,men berre knappe 15% har arkivbevaring og -formidling som primæroppgåve. Dei andre, dvs. museum, bibliotek, kommunar, historielag osv. har naturlegvis andre hovudoppgåver. Likevel oppbevarer desse institusjonane over 40% av det bevarte privatarkivmaterialet (målt i omfang). Musea åleine står for 28% av privatarkivtilfanget, noko som er meir enn det statlege Arkivverket (Riksarkivet og statsarkiva) til saman.

Det er sjølvsagt store skilnader innanfor dette landskapet, både når det gjeld ressursar, arkivmengde og kvalitet. Kartleggingsrapporten viser dette tydeleg. Dei større institusjonane med arkiv som primæroppgåve er – ikkje overraskande – best når det gjeld trygg oppbevaring, ordning og tilgjengeleggjering av arkiva. Det er jo desse som har størst ressursar til slikt arbeid. Dei andre institusjonstypane har generelt marginalt med ressursar til arkivarbeid, sjølv om det finst unntak. Rapporten opplyser at musea til saman brukar 37 årsverk på arkivbevaring, men om vi ser det i samanheng med andre opplysningar i kartlegginga er det openbart desse ressursane er konsentrert i ein relativt liten del av dei 229 musea som er kartlagt. 

Trass i dei store skilnadene når det gjeld økonomiske, administrative og faglege ressursar har desse aktørane noko til felles. Dei har alle som mål å bevare dokumentasjon frå fortida og samtida, til nytte og glede for oss som lever i dag og dei som kjem etter oss. Dette gjer aktørane til delar av eit reelt eksisterande arkivlandskap. Eit landskap som er fragmentert, ukoordinert, samansett av mange små og veike og nokre få og sterke institusjonar, men med stort potensiale. Dersom dette potensialet skal få utvikle seg, er det avhengig av at dei store og sterke aktørane bidrar med retning, rettleiing og kunnskapsoverføring og etablerer arenaer der dette kan skje. Ein slik mogleg arena er det norske Arkivmøtet. 

I april i år vart det tredje norske Arkivmøtet arrangert. I underkant av 500 arkivfolk var samla i tre dagar for å høyre på meir eller mindre inspirerande foredrag, diskutere, møte gamle kjende og knytte nye kontaktar. Av desse kom  knappe 40% frå arkivtenesta i offentleg forvaltning. Om lag like mange var tilsett i arkivinstitusjonane. Berre ca 2% representerte resten av det reelt eksisterande arkivlandskapet.

Samansetninga av møtet var i stor grad resultat av ei målretta satsing frå arrangørane si side på å samle arkivarar frå institusjonsmiljøa og arkivmedarbeidarar frå stat og kommune. Eit viktig formål med dette har vore å utvikle den faglege kompetansen på elektroniske arkiv, fordi den framtidige arkivbevaringa i stor grad er avhengig av at arkivdanning følgjer bestemte standardar. Dette perspektivet sette også sitt tydelege preg på det faglege programmet på møtet.

Denne satsinga har vore viktig. Men det er altså noko som manglar. Arbeidet med bevaring og formidling av arkiv – særleg privatarkiv – i det reelt eksisterande arkivlandskapet må også få plass på dei arkivmøta som skal arrangerast i framtida. Arrangørane – og dei institusjonsmiljøa dei representerer – må vidare gjere ein innsats for å mobilisere deltakarar frå museum, bibliotek, historielag og andre som arbeider på dette området. Først når dette skjer vil det norske Arkivmøtet bli eit møte for heile arkiv-Noreg.           

Er arkivets administrative og kulturelle verdiar kompatible?

February 14, 2007

Tittelen på dette innlegget er stole frå Terry Cook. I 1999 leia han eit seminar om bevaringsvurdering av arkiv – ”appraisal – ved Monash University i Melbourne, Australia. Artikkelen finst tilgjengeleg på http://www.recordkeeping.com.au/march99/terrycookadmincultural.html. I denne artikkelen diskuterer Cook forskjellane mellom arkivdanning – ”records management” – og arbeid med historiske arkiv.  

Problemstillingane i Cooks artikkel bør vere relevante innspel i diskusjonen om ei eventuell samanslåing av Kommunalt Arkivfagleg Forum (KAF) og Landslaget for lokal- og privatarkiv (LLP) og Norsk Arkivråd (NA), som er behandla i Oddby-utvalets innstilling. Innstillinga manglar ei drøfting av likskapar og ulikskapar mellom arkivdanning og arbeid med historiske arkiv, mellom arkivtenesta og arkivinstitusjonane sine formål, arbeidsoppgåver og roller. Eg meiner at ei slik drøfting kan vere avgjerande for at ei eventuell samanslåing vil vere vellukka. Den er nødvendig av særleg to grunnar: For det første for å avklare om likskapane er store nok til at ein felles organisasjon faktisk kan fungere. Og dersom svaret her blir ja, er det nødvendig å identifisere både dei fag- og arbeidsfelta som kan vere felles for alle grupper og dei som er spesielle berre for bestemte grupper. På eit slikt grunnlag kan ein så foreslå køyrereglar som kan sikre alle gruppers interesser i den nye organisasjonen.  

Skilnadene mellom arkivdanning og arbeid med historiske arkiv er vesentlege. Arkivdanning er den verksemda som blir utført av arkivtenesta i dei arkivskapande organisasjonane (offentlege organ, bedrifter, etc.). Arkivtenesta har eit relativt snevert formål, nemleg å skape og halde ved like arkiv som tilfredsstiller arkivskaparens kortsiktige behov for dokumentasjon av si eiga verksemd. Arbeidet med historiske arkiv er derimot forankra i eigne arkivinstitusjonar, som med armelengdes avstand til arkivskaparane kan ha eit perspektiv på sitt arbeid som både er breiare og lengre: å bevare arkiv som kan vere kjelder til heile samfunnets historie, gjere desse tilgjengeleg for alle og gjere dette i uoverskodeleg framtid. Mens arkivtenesta representerer ein av fleire administrative funksjonar hos arkivskaparen, er arkivinstitusjonane samfunnsinstitusjonar. 

Samtidig har arkivtenesta og arkivinstitusjonane også felles utfordringar. Ein av desse er kvalitet i arkivdanninga (særleg i offentlege organ). Dersom arkivinstitusjonane skal kunne fungere godt i framtida, er dei avhengige av å motta gode arkiv. Dette var bakgrunnen for at IKA-miljøet på slutten av 1980-åra (som eg var ein del av) starta arbeidet med å utvikle arkivplanar og gode arkivrutinar for kommunane. Formålet vårt var å skape gode arkiv for ”samtid og ettertid”, i eit overordna perspektiv som inkluderte både arkivskaparanes administrative behov, enkeltmenneskas behov for dokumentasjon av sine rettar og samfunnets langsiktige behov for historisk dokumentasjon. I dagens digitale verden dreier dette seg om å sikre at arkivskaparane brukar elektroniske system med arkivkvalitet, som dokumenterer alle vesentlege funksjonar og som skaper arkiv som kan bevarast for ettertida.

Men sjølv om ulike arkivdanningsspørsmål kan vere felles utfordringar for arkivtenesta og arkivinstitusjonane, vil perspektivet vere forskjellig. Arkivinstitusjonanes perspektiv vil vere overordna og langsiktig. I arkivtenesta vil ein ha eit meir operativt perspektiv. Desse skilnadene skriv seg frå ulike oppgåver, roller og tilnærmingar til arbeidsoppgåvene.        

På dei fleste andre område vil arkivtenesta og arkivinstitusjonane har heilt særeigne utfordringar. Dette er eit uttrykk for at arkivdanning og arbeidet med å velje ut, beskrive og gjere tilgjengeleg historiske arkiv er to ulike fagområde. Sjølv om dei er nære slektningar .  

Ein ny arkivorganisasjon må ta høgde for dette. Organisasjonsarbeid dreier seg om prioritering, og dersom ein ikkje har mekanismar som hindrar bortprioritering av arbeidsfelt som er viktige for eit av fagområda, vil ein fellesorganisasjon ikkje ha livets rett.     

På leirgrunn?

February 5, 2007

Oddby-utvalet har lagt fram si innstilling om samanslåing av dei tre arkivorganisasjonane Kommunalt arkivfaglig forum (KAF), Landslaget for lokal og privatarkiv (LLP) og Norsk arkivråd (NA), sjå http://www.llp.no/assets/files/organisasjonsutvalget_sluttrapport.pdf. Dette er neppe ei sak som vil skape overskrifter i dagspressa. Likevel – nokre ord om denne saka. Den angår kanskje ikkje så mange, men for desse få er den viktig.

Dei tre organisasjonane har ulike formål og oppgåver. KAF skal i følgje formålsparagrafen ”arbeide for å styrke arkivtjenesten i kommuner og fylkeskommuner”. NA har som formål ”å arbeide for effektiv organisering av arkivarbeidet i offentlige og private organ og bedrifter samt å arbeide for å skape forståelse for arkivarbeidets viktige funksjon”. LLPs formål er derimot å ”fremje vern og formidling av kommunalt og privat arkivtilfang i Noreg og heve det faglege nivået på dette arbeidet”. Denne ulikskapen i formåla er uttrykk for at organisasjonane har forskjellig medlemsgrunnlag: Mens KAF og NA har sin medlemsbasis i arkivtenesta i kommunal og statleg forvaltning, byggjer LLP i hovudsak på dei ikkje-statlege arkivinstitusjonane. Organisasjonane har også forskjellig innretning på verksemda. KAF og NA har langt på veg ei intern innretning og prioriterer arbeid med å utvikle og arrangere ulike kompetansebyggjande tilbod for medlemene. LLP har derimot ei klar samfunnsmessig innretning og prioriterer kulturpolitisk arbeid for å styrkje rammevilkåra for bevaring og formidling av arkiv.

Desse ulikskapane i grunnlag, formål og innretning er vesentlege. I eit samanslåingsperspektiv kan dei representere vesentlege utfordringar, som må løysast på ein god måte dersom ein ny organisasjon skal kunne bli eit vellukka prosjekt. Korleis har så Oddby-utvalet behandla desse utfordringane?

Eg må dessverre melde at dei er svært overflatisk behandla. Innstillinga gjer greie for organisasjonane sine arbeidsområde og oppgåver, men lar vere å problematisere ulikskapane. I staden blir det fokusert på at organisasjonane har ”felles overordnede mål” og at dei ”til dels utfyller hverandre”. Kan hende dette er gjort for å understreke fellesskapen i arkivmiljøa og mellom organisasjonane, noko som er vel og bra, men dette fører til at innstillinga ikkje drøfter det som bør vere hovudspørsmålet: Kva skal vere hovudinnretninga til ein ny, felles arkivorganisasjon? Skal den først og fremst vere ”arkivfagleg”, dvs innretta på å gi medlemene fagleg utvikling, eller skal den vere kulturpolitisk? I ei skisse til ein formålsparagraf for den nye organisasjonen heiter det:

”Organisasjonens formål er å arbeide for faglig utvikling av den enkelte arkivmedarbeider, fremme arkivfaget i alle sammenhenger samt arbeide for at det utvikles en nasjonal arkivpolitikk”.

Her er fokus gitt. Det kulturpolitiske perspektivet er innskrenka til å arbeide for ”at det utvikles” ein nasjonal arkivpolitikk. ”… at det utvikles…”? Men kva skal vere innhaldet i ein slik politikk – er det likegyldig for den nye organisasjonen?

Eg meiner at vi i dag treng ein organisasjon med ein klar arkivpolitisk profil, fordi arkiv er politikk. Arkiv handlar om demokrati. Arkiv er grunnlag for rettferd. Arkiv dreier seg om å gi alle i samfunnet retten til å vere synlege, retten til si eiga historie. I forlenginga av desse meir prinsipielle spørsmåla, står vi framfor ei rekkje konkrete politiske utfordringar, t.d. på privatarkivfeltet, i høve til regionreforma, i abm-samarbeidet. Ein ny arkivorganisasjon må gripe tak i slike politiske saker og føre vidare og styrkje den posisjonen som LLP etter mange års målretta arbeid har tilkjempa seg i forholdet til statlege myndigheiter.

Eg er ikkje i mot at det blir danna ein ny, større og sterkare arkivorganisasjon. Men ei samanslåing av KAF, LLP og NA på grunnlag av Oddby-utvalets innstilling, utan at spørsmåla som gjeld organisasjonens formål og innretning er avklara, vil vere som å byggje på leirgrunn. I vekene som kjem vil eg setje søkelys fleire utfordringar av dei utfordingane som må overvinnast, for å gi mine bidrag til ei slik avklaring.