Archive for the 'Arkivteori' Category

Demokratisering av arkivet

June 10, 2008

(Refleksjonar etter Edinburgh, del 2)

Eg avslutta den førre refleksjonen etter Edinburgh med påstanden om at ei demokratisering av arkiva er ein føresetnad for å løfte arkivet opp frå eit samfunnsmessig fotnotetilvære. Men ærlig talt, er ikkje arkiva - i det minste i vårt land - demokratiske? Er ikkje dei oppretta og finansiert av demokratiske organ, av staten eller fylkeskommunar og kommunar, for å dokumentere dei demokratiske prosessane i desse organa?

I eit historisk perspektiv er det ingen tvil om at det norske arkivet, dvs den bevarte og tilgjengeleg arkivbestanden, har gjennomgått ei demokratisering i løpet av dei siste tiåra. For 100 år sidan vart berre statens arkiv bevart og gjort tilgjengeleg; i dag har utbygginga det nye kommunale arkivlandskapet lagt grunnlaget for at også dei kommunale arkiva kan bevarast. Samtidig har innsynsretten utvida folks rett til å kontrollere dei statlege og kommunale makthavarane.

Men denne demokratiseringa er ikkje tilstrekkeleg.

For det første er statleg norsk arkivpolitikk bygd på premisset om at arkivbevaring skal vere eit forvaltningsansvar; staten gir berre pengar til bevaring av statlege arkiv. Dette betyr at ikkje-offentlege arkiv - personarkiv, foreiningsarkiv og bedriftsarkiv - berre unntaksvis og tilfeldigvis blir bevart; det arkivale demokratiet omfattar i praksis berre offentleg sektor.

For det andre er statlege og kommunale arkiv maktas arkiv, skapt av og for dei institusjonane som styrer samfunnet. Den informasjonen som blir samla i desse arkiva er den som blir opplevd som relevant i dei ulike avgjerdsprosessane i stat og kommune, anten det dreier seg om bensinprisar, edruskapspolitikk eller barnevern. Og denne relevansen er som oftast definert av sterke økonomiske og politiske krefter som fremmer sine interesser; ein saksbehandlar kan ikkje unngå å bli påverka. Innhaldet i dei offentlege arkiva er altså prega av maktas relevansoppleving; dei alternative, opposisjonelle røystene er lite synlege, sjølv når desse er representert i folkevalde organ. Og sjølv om samfunnsborgarane har ein rett til innsyn i saksbehandlinga og til å påverke denne, er det relativt sjeldan dette blir gjort.

Det offentlege arkivlandskapet har hatt - og har framleis - som si fremste oppgåve å bevare maktas arkiv frå statleg, fylkeskommunal og kommunal forvaltning. Arkivarane sin faglege praksis har vore arbeid med materiale som er skapt i dei gjeldande byråkratisk-administrative arkivsystema. Denne praksisen har påverka vår oppfatning av kva arkiv er eller skal vere; vi har fokusert på materiale som er skapt i samsvar med formaliserte manuelle eller elektroniske arkivsystem, slik at materiale som ikkje passar inn i dette bildet ofte har blitt neglisjert.

Eit fjerde poeng: Vår beskriving av dei bevarte arkiva, arkivkatalogane, har blitt laga innanfor faglege tradisjonar som i praksis har hindra den alminnelege samfunnsborgaren å få tilgang til arkivinnhaldet. Den gjeldande katalogdiskursen byggjer på faglege føresetnader som i praksis ekskluderer dei som ikkje har kjennskap til arkivfagleg terminologi og metode. Den etablerte metodikken for arkivbeskrivinga, å byggje på arkivskaparen sitt arkivsystem, bidrar dessutan til å lukke arkivet for alternative tilnærmingar.

Eit av dei mest interessante innlegga på Edinburgh-konferansen vart halde av Andrew Flinn, frå London University College og behandla nettopp dette behovet for å demokratisere arkiva. For å gjennomføre denne nødvendige demokratiseringa og mangfaldiggjeringa må vi ifølgje Flinn

• Utvide arkivforståinga vår til å omfatte eit mykje breiare spekter av “minne” i ulike former;
• Erkjenne at prosessen med å velje ut arkiv for bevaring må byggje på prinsipp som har som mål å dokumentere alle sider ved samfunnet;
• Opne arkivbestanden med hjelp av brukarskapte beskrivingar og andre former for interaktivitet;
• Prøve ut nye samarbeidsformer med arkivskaparar og andre arkiveigarar for å sikre ei brei arkivbevaring, inkludert distribuert bevaring;
• Gjere mangfald, publikumsarbeid, samhandling med lokalsamfunn og formidling til kjerneelement i våre faglege plikter og i utdanninga.

Enkeltvis representerer desse fem punkta ikkje så mykje nytt; tankar som dette har vore lufta både her i landet og internasjonalt tidlegare. Men samla, som eit mogleg “program” for arkivutvikling i åra framover, er dei verd å reflektere over.

Og - når vi har reflektert ferdig - tilpasse dei til våre forhold og handle.

Fotnote eller tekst?

May 13, 2008

(Refleksjonar etter Edinburgh, del 1)

Er arkivet samfunnets fotnote eller tekst? Dette spørsmålet stilte Terry Cook på konferansen om arkivets filosofi i Edinburgh i april i år. Utgangspunktet for spørsmålet var arkivaranes fråvær i diskusjonen som har gått føre seg innanfor ei rekkje akademiske disiplinar det siste tiåret om “arkivet” (bestemt form, eintal), som inskripsjon, som maktsymbol og maktutrykk, osb, som område for omstridde og motstridane minne, og for gløymsle. Men denne diskusjonen har i liten grad handla om dei verkelege menneska som arbeider i dei verkelege institusjonane, i arkiva (bestemt form, fleirtal), og deira faglege haldningar, oppfatningar, teoriar, metodar og prosedyrar som kontinuerleg skaper og gjenskaper karakteren til arkivmaterialet som blir bevart og gjort tilgjengeleg i desse institusjonane.

I denne teoretiseringa om arkivet (bestemt form, eintal), er arkivarane ikkje berre fråverande som objekt, men også som subjekt. Den viktigaste aktøren manglar i denne samanhengen, ho som definerer, vel ut og konstruerer dei arkiva som blir bevart, ho som representerer og re-presenterer dei overlevande spora for forskarar og andre brukarar. I følgje Cook bør arkivaranes bidrag i denne debatten kunne vere vesentlege, av fleire grunnar:

Kjeldekritikkens begrensing, t.d.: Denne avgrensar seg som oftast til å analyse dei dokumenta som finst i arkiva (bestemt form, fleirtal); mindre om korleis og kvifor nettopp desse dokumenta vart valt ut, bevart, beskrive og gjort tilgjengeleg. Men desse arkiva (bestemt form, fleirtal) er også eit resultat av gløymsle, øydelegging, ikkje-arkivering, enn av ein bevisst bevaringsaktivitet. Arkiva er ikkje organiske produkt av arkivskaparens verksemd; dei er ikkje natur, men bevisst konstruerte samfunnsmessige produkt, altså: kultur. Dei arkiva som i dag står pent oppstilt i arkivboksar i arkivinstitusjonanes magasin representerer sjeldan nokon opprinneleg orden; dei systema som har blitt rekonstruert gjennom ordnings- og katalogiseringsprosessane har i dei aller fleste tilfelle aldri framstått slik dei gjer no. Det arkivale kaoset (som finst i alle arkivskapande verksemder og som så mange av oss har opplevd og/eller bidratt til) er ikkje, eller i svært liten grad, til stades i dei bevarte, orda og registrerte arkiva.

Terry Cook meiner arkivarane må erkjenne at dei ikkje er skilde frå arkivskapinga, men tvert om tar del i denne, gjennom bevaring, kassasjon, ordning, beskriving, tilgjengeleggjering og formidling. Denne erkjenninga bør kunne frigjere arkivarane frå det tradisjonelle sjølvbiletet av den nesten usynlege, passive og nøytrale vaktaren av dokumentarven: Arkivarane har aldri vore nøytrale, dei har alltid gjort bestemte val, og desse vala har hatt konsekvensar for den forskinga som er gjort og dei (fag)historiene som har blitt skrive. Dersom vi frigjer oss frå dette sjølvbiletet, kan vi aktivt og sjølvbevisst ta del i skapinga samfunnets kollektive minne og løfte arkivet opp frå fotnotetilværet og inn i teksten.

Ein føresetnad for dette er ei demokratisering av arkiva - når det gjeld skaping, bevaring, tilgang og formidling - men det skal eg kome tilbake til.

Metode og teori

April 26, 2008

For å lære må vi av og til reise utanlands.

Dette gjeld kanskje særleg i eit fagområde som er så metodisk og praktisk innretta som arkiv. Vi som arbeider i dette feltet er opptatt med å få ting gjort; anten vi er forvaltnings- eller depotarkivarar er oppgåvene som oftast større enn ressursane og det er difor ikkje underleg at det faglege fokuset har vore – og er – på det metodisk-praktiske. Vi er meir opptatt av korleis vi gjer ting, enn kvifor vi gjer det; dei teoretiske grunngjevingane for dei metodiske vala vi gjer vekkjer generelt liten interesse. Og denne tilsynelatande likegyldigheita til teori deler vi med arkivarar i andre land.

Ein viktig grunn til dette ligg truleg i det positivistiske diskursen som prega arkivverda i størstedelen av det tjuande hundreåret; innanfor denne diskursen var arkivarane ”handmaidens of history” og arkivistikken ein ”historisk hjelpevitskap”. Det teoretiske grunngjevinga for denne sjølvforståinga kan vi finne hos dei klassiske arkivteoretikarane si oppfatning av arkiv som organiske produkt av arkivskaparens verksemd, som når Hilary Jenkinson skreiv at arkiv ”came together, and reached their final arrangement, by a natural process; are a growth; almost, you might say, as much an organism as a tree or an animal.” Denne oppfatninga vart delt av m.a. Jenkinsons nederlandske forløparar Muller, Feuth og Fruin og av hans amerikanske rival Th. Schellenberg, og vart knapt utfordra i det internasjonale arkivmiljøet før på 1980-talet. Då dette omsider skjedde, hadde m.a. Foucault og Le Goff for lengst problematisert arkivet som maktuttrykk og grunnlag for reproduksjon av eksisterande maktforhold.

Her til lands vart denne diskursen utfordra mykje seinare. Og vi kan kanskje undre oss over at vi, som vart rekruttert til arkivaryrket på 70- og 80-talet som nyutdanna (og ofte radikale) historikarar med rimeleg god kjennskap til positivismekritikken, ikkje synte større teoretisk interesse enn det vi faktiske gjorde. Eric Ketelaar, som har registrert liknande forhold i Nederland, meiner at ei viktig årsak kan finnast i den ”nederlandske manualen” frå 1898. Han meiner at den metodikken som denne etablerte har fungert som eit hinder for teoretisk tilnærming til arkivet; og det kan openbart vere eit poeng at proveniensprinsippet og prinsippet om den opphavlege orden har retta fokuset mot arkivet i seg sjølv og på den måten hindra utsyn mot dei samfunnsmessige forholda det vart skapt under.

Dette får så vere; formålet med dette stykket er ikkje å gjere nokon brei analyse av årsakene til den svake teoriinteressa i arkivmiljøa, men å introdusere ein handfull rapportar frå konferansen ”The Philosophy of the Archive” som vart arrangert i Edinburgh 10. – 11. april. I løpet av mai (med unntak av den første veka) vil eg skrive om mine refleksjonar kring nokre av innlegga på denne konferansen.

For når ein har reist utanlands og lært noko, får ein jo lyst til å fortelje om det!