Arkiv for 'Norsk'Kategori

Arkivutdanning og bibliotekutdanning

mai 14, 2009

Min kollega ved Høgskolen i Oslo (HiO), professor Ragnar Audunson, har i eit innlegg i Aftenposten 4. mai , sjå http://www.aftenposten.no/meninger/debatt/article3058828.ece om bibliotekmeldinga også meint noko om arkivarar og arkivutdanning.

Han skriv: ”Jeg har ett forslag: En person med grunnutdanning med bibliotekfaglig utdannelse har ikke kompetanse som bare er knyttet til bibliotek. Vedkommende har landets beste arkivutdannelse samtidig som organisering og publisering av innhold på nettet er en del av kjernekompetansen. Alle kommuner har arkiv og alle kommuner har nettjenester. Kommunalt bibliotek pluss kommunalt arkiv pluss kommunalt nettsted er lik hele bibliotekfaglige stillinger også i de minste kommunene. Denne åpenbare muligheten bør bibliotekorganisasjonene gripe fatt i.”

Eg vonar at bibliotekorganisasjonane har vit til å la dette forslaget ligge, fordi Audunson tar grunnleggjande feil.

For det første, fordi bibliotekutdanninga ikkje kvalifiserer til arkivarbeid. Rett nok har bachelorstudiet i bibliotek- og informasjonsvitskap eit valemne i arkivistikk (15 studiepoeng, som tilsvarar eit halvt semester), men dette gir berre ei grunnleggjande innføring i faget. Arkivistikk er ein sjølvstendig vitskapleg disiplin som teoretisk, metodologisk og teknisk behandlar omfattande emne som arkivdanning, arkivsystem, bevaringsvurdering og kassasjon, bevaring, arkivbeskriving, tilgjengeleggjering og formidling for elektroniske og analoge arkiv, og om arkiv som dokumentasjon, konstruksjon og samfunnsminne.

Nettopp av denne grunnen tilbyr den avdelinga ved HiO der både Audunson og eg arbeider, eit eige arkivfagleg studium: eit grunnstudium på 60 studiepoeng og påbyggingseiningar på til saman 45 studiepoeng. Og dette studiet kan konkurrere om tittelen ”landets beste arkivutdannelse”. Bibliotekstudiet konkurrerer i ei anna idrettsgrein.

For det andre seier Audunson ingenting om kva han ser for seg at bibliotekarane skal gjere med arkiva i kommunane.
Tenkjer han på arkivtenesta i kommunane og handteringa av dei aktive arkiva? Då overser han både omfanget av dette arbeidet og dei faglege kvalifikasjonane som trengst.
Eller tenkjer han på forvaltning og betening av dei eldre avslutta arkiva? I så fall krev dette m.a. kunnskapar om kommunal forvaltnings- og administrasjonshistorie, tidlegare arkivsystem og vilkår for arkivering, emne som bibliotekstudiet ikkje omfattar. Dessutan, og dette er eit like viktig poeng, kommunane har gjennom dei siste 20 åra bygd opp høgt kvalifiserte arkivinstitusjonar (IKAer, byarkiv og fylkesarkiv). Dersom bibliotekorganisasjonane skulle følgje Audunsons råd, ville dei kunne undergrave dette høgt kompetente kommunale arkivlandskapet. Det ville vere eit kulturpolitisk feilgrep av store dimensjonar.

Arkivfaget og arkivarprofesjonane har gjennomlevd ei rivande utvikling dei siste tjue-tretti åra.
Dersom nokon er interessert i å lese meir om utviklinga av arkivvitskapen, arkivarprofesjonen og arkivutdanning, viser eg til artikkelen Mellom praksis og teori i menyen til venstre.

Dokumentinnsyn – utan offentlegheit?

mai 3, 2009

Innføringa av offentlegprinsippet i norsk forvaltning var utan tvil ein viktig demokratisk reform. Forvaltningslova og offentlegheitslova etablerte eit system for innsyn i forvaltningas saksbehandling som styrka den demokratiske kontrollen av styresmaktene. Alle har rett til å krevje innsyn i saksdokument i offentlege organ, og eventuelle avslag skal vere grunngjevne med lovheimel.

Offentlegprinsippet har særleg blitt grunngitt med omsynet til rettstryggleik og demokrati. Forvaltningskomiteen av 1958, som utarbeida det første framlegget til offentlegheitslov, meinte at «[d]en enkeltes rettsstilling trygges derved at kjennskap til andre sakers behandling fremmer likhet i avgjørelsene, motvirker og vanskeliggjør vilkårlighet og korrupsjon». På same måte er allmenn tilgang til informasjon om saksbehandling og vedtak i offentleg forvaltning eit nødvendig grunnlag for eit demokrati som også involverer den vanlege borgaren, eit demokrati som også omfattar dei offentlege arkiva. Jacques Derrida såg på makt over arkivet som eit grunnleggjande demokratisk spørsmål: «Det finst ingen politisk makt utan kontroll over arkivet (—). Effektivt demokrati kan alltid målast etter eit grunnleggande kriterium: Deltakinga i og tilgangen til arkivet, til skapinga av det og til tolkinga av det».

Innføringa av offentlegprinsippet skjedde ikkje utan motstand. Og denne motstanden var konsentrert i det statlege byråkratiet, som meinte at det ville bli kostbart og i tillegg forseinke saksbehandlinga. Byråkratiet arbeider som kjent alltid best når det har arbeidsro, og slepp å bli forstyrra av eit stadig innsynsmas. Og slik er det tydelegvis framleis.

Den 18. februar i år sendte Kultur- og kyrkjedepartementet (KKD) eit merkverdig brev til Arbeids- og inkluderingsdepartementet (AID) om tolkinga av journalføringsplikta i Forskrift om offentlege arkiv. Forhistoria er slik:

I april 2008 gav Sivilombodsmannen ein uttale om arkivering og journalføring av saker om dokumentinnsyn. Bakgrunnen var at han i behandlinga av ei klagesak hadde oppdaga at AID ikkje journalførte krav om dokumentinnsyn. Sivilombodsmannens uttale tar som utgangspunkt formuleringane i arkivforskrifta som føreskriv journalføringsplikt når eit saksdokument er gjenstand for saksbehandling og har verdi som dokumentasjon, og skriv at det

«ikke [kan] være tvilsomt at begjæringen skal være gjenstand for saksbehandling hos organet. Det kan heller ikke anses tvilsomt at innsynsbegjæringen, forvaltningens avgjørelse, og andre dokumenter knyttet til behandlingen av innsynssaken, har en dokumentasjonsverdi. For eksempel vil slike dokumenter kunne ha betydning for å dokumentere forvaltningsorganets praksis i saker om dokumentoffentlighet, eller ved en eventuell klage til ombudsmannen.
Etter dette har forvaltningsorganer en plikt til å journalføre innkomne innsynsbegjæringer som fremsettes elektronisk eller i papirform».

AID var tydelegvis lite glad for dette, og klaga saka inn til KKD i mai i fjor. Og så, i februar 2009, sender KKD (med kopi til Riksarkivaren, Justisdepartementet og Sivilombodsmannen) eit svarbrev som konkluderer med at kravet om journalføring i arkivforskrifta ikkje omfattar saker om dokumentinnsyn.

Brevet er, som sagt, ei merkverdig affære. Det er på den eine sida eit typisk døme på ei utgreiing der svaret er gitt på førehand: Departementa ønskjer openbart ikkje eit system der krav om dokumentinnsyn blir journalført. (Det ville forstyrre arbeidsroa, og vere både dyrt og forseinkande for saksbehandlinga). KKDs argumentasjon er difor selektiv og inkonsistent,  prega av jakt på argument som støttar opp om den på førehand gitte konklusjonen.

På den andre sida er brevet ein studie i byråkratisk mentalitet. Brevskrivarane hoppar lett over det denne saka djupast sett handlar om: Offentlegheitas muligheit for å kontrollere forvaltningas behandling av krav om dokumentinnsyn. Dette er sjølvsagt avhengig av at vi kan få innsyn i korleis slike saker blir behandla. Og for å be om innsyn i slike saker, må vi vite at dei finst – og då må dei journalførast!

I staden legg dei vekt på at «det neppe noengang har vært praksis at departementene har journalført hver enkelt av det store antall vanlege innsynsbegjæringer som mottas», at «nåværende praksis har (—) lang tradisjon» og at det i ei «journalføringsplikt for alle innsynsbegjæringer ville (—) ligge en innebygd fare for selvgenererende oppsvulming av forvaltningens journaler ut over alle grenser, som bl.a. vil motvirke de offentligshensyn journalene skal ivareta».

Hadde byråkratane fått bestemme på 1960-talet, hadde vi ikkje hatt noko offentlegprinsipp i dag. Dei leid heldigvis nederlag, men kan jo trøste seg med at dagens byråkratar gjer sitt beste for å leve opp til gamle ideal.

Dei som ønskjer å lese brevet kan bestille det frå KKDs arkivteneste. Arkivreferansen er følgjande: 2008/02344 KU/KU3 IE:mmt 18.02.2009.

Digital maktutøving

april 25, 2009

Regjeringa har lagt fram ei stortingsmelding om “Nasjonal strategi for digital bevaring og formidling av kulturarv”, sjå http://www.regjeringen.no/nb/dep/kkd/dok/regpubl/stmeld/2008-2009/stmeld-nr-24-2008-2009-.html?id=555254. Eg har lese den, og er ikkje imponert. Den minner mest om ein norsk skihoppar i eit world cup-renn; innsatsen i ovarennet er grei nok, men så går det gale: han kjem lavt ut frå hoppet og landar på kulen. Og slik er det med digitaliseringsmeldinga også: beskrivinga av mål og status er grei nok, men dei tiltaka som er foreslått er forstemmande.

Visjonen i meldinga er  “å gjøre mest mulig av samlingene i våre arkiv, bibliotek og museer tilgjengelige for flest mulig ved fremtidsrettet bruk av IK-teknologiske løsninger. Samlingene skal være søkbare og tilgjengelige på tvers av hele abm-feltet, og innholdet skal formidles på en brukerorientert måte.” Behovet for digitalisering blir begrunna med at institusjonane har viktig historisk kjeldemateriale som kan fungere som grunnlag for nasjonal og kulturell identitet, at dette materialet (i motsetning til mykje anna på nettet) kan framstå som autentisk og påliteleg, og at digitaliseringa kan auke tilgangen til “relevant og kvalitativt godt materiale innenfor de opphavsrettslige og andre begrensninger som til enhver tid vil gjelde for bruk av kildemateriale i kulturarvinstitusjoner”. Bruk av “sosiale nettverksteknologier og wiki-initiativ vil materialet også kunne brikes og få ny betydning i takt med samfunnsutviklingen”.

Og dette er jo pent. Men korleis skal regjeringa nå desse måla?

Her er det lite nytt å melde: “Satsingen vil ta utgangspunkt i det ansvaret de eksisterende samlingsbevarende institusjonene har for å digitalisere, forvalte og formidle materialet i egne samlinger. Samtidig må det erkjennes at det på enkelte områder er behov for samordning og samarbeid for å komme frem til det ønskelige resultatet.” Og denne samordninga skal Riksarkivet ha ansvar for innanfor arkivområdet: “Arkivverket skal være hovedaktør i digitaliseringsarbeid på arkivfeltet. I tillegg til oppgaver og myndighet som er tillagt Arkivverket og Riksarkivaren etter arkivlova, skal Arkivverket ha ansvaret for nasjonale katalogstandarder og digitale løsninger for søking i arkiv på tvers av alle typer arkivinstitusjoner.”

Dette inneber i realiteten at Riksarkivet får blankofullmakt til å bestemme dei teknologiske løysingane. Det er ikkje nødvendigvis ei god løysing; erfaringane så langt i arbeidet med digitalisering og nettformidling tyder på at gode idear ofte oppstår i mindre institusjonsmiljø (jf Fylkesarkivet i Sogn og Fjordanes innsats gjennom mange år).

Inneber meldinga ei vingeklipping av ABM-utvikling? Mykje tyder på det: “ABM-utvikling skal ha koordinerende og tilretteleggende oppgaver for museene og privatarkivene utenfor Arkivverket, men ingen direkte operative oppgaver i digitaliseringssammenheng.” Les denne setninga ein gong til, og legg merke til kva som manglar. Nettopp: orda “kommunale og fylkeskommunale arkiv”. Lest bokstavleg står det her at ABM-utvikling ikkje skal spele nokon rolle i samband med digitalisering av kommunalt og fylkeskommunalt arkivmateriale. Kommunale og fylkeskommunale arkivinstitusjonar (og bibliotek) må altså sjølv finansiere sine digitale satsingar – det blir ingenting å hente frå statleg hald.

Når du skal lese ei stortingsmelding er det alltid lurt å sjå kva som står til slutt, i kapitlet som vanlegvis heiter “administrative og økonomiske konsekvensar”. Og her står følgjande: “De skisserte tiltak i meldingen forutsettes dekket innenfor de gjeldende budsjettrammer”. Altså: Det kjem ikkje nye, friske pengar til digitalisering. Så veit vi det.

Oppsummert: Digitaliseringsmeldinga inneber ingen reell satsing på digitalisering. Den statlege digitaliseringspolitikken har ingen plass for det regionale og lokale nivået, men legg heller opp til meir sentralstyring. Konsekvensen av denne politikken kan gjere den digitale allmenningen til  ein arena for statsmakta sine forteljingar, og ikkje for eit spennande folkeleg mangfald.

Okkupasjonshistoria og arkiva

desember 31, 2008

Filmen om Max Manus og bøkene om Jens Chr. Hauge Gunnar Sønsteby har utløyst nok ein debatt om norsk krigshistorieskriving. Debatten er nødvendig, det er ingen tvil om det. Norsk okkupasjonshistorie har blitt skrive i svart og kvitt, som historikaren Tore Pryser uttrykte det i Klassekampen 23. desember: Anten som svartmaling av dei som gjekk inn i NS, eller som glorifisering av heltane i Milorg og Kompani Linge. Andre historier har i stor grad blitt neglisjert: det økonomiske samarbeidet med okkupasjonsmakta, kommunistane sin motstandskamp, dei russiske krigsfangane sin situasjon, den norske krigsinnsatsen på tysk side på Austfronten, den norske deltakinga i holocaust, osb, osv.

Hovudårsaka til dette er at historieskrivinga har vore dominert av eit fagmiljø med nær tilknyting til Milorg-leiinga og Forsvaret. Dette har langt på veg bestemt formål og fokus for okkupasjonshistoria: å skrive ei nasjonsbyggjande historie som framheva innsatsen til dei som kom i maktposisjonar etter frigjeringa. Dessutan har dette miljøet, som historikaren Lars Borgersrud viser i ein større artikkel i Klassekampen 30.12., hatt eksklusiv tilgang til ressursar og kjelder: “Både FKA [Forsvarets krigshistoriske avdeling] og Hjemmefrontmuseet ble organisert rundt arkivmateriale etter krigen som de fikk overlevert av E-staben. Det var kilder som var hemmeligholdt i svært mange år og som først i de senere år delvis har blitt gjort tilgjengelig for andre forskere. Denne eksklusive kildetilgangen, bruken av hemmeligstempling og ressurstilgang uten om det sivile samfunnets kanaler og innsyn har utvilsomt vært bestemmende for debatten om krigen. [---] Fortsatt har Norges Hjemmefrontmuseum beholdt viktige arkiver som Riksarkivaren rett og slett er påtvunget å avfinne seg med. Det er en klar linje fra den gang avtroppende forsvarsminister Jens Chr. Hauge tok med seg sine embetsdokumenter hjem, fordi han mente de kunne komme i feil hender – og han beholdt dem til han delte dem ut til sin utvalgte biograf -, til Norges Hjemmefrontsmuseum og IFS, som om arkivlov, offentlighetslov, forvaltningslov og Riksarkiv ikke eksisterte.”

Borgersrud har openbart eit poeng; den som har makt over arkiva har også makt over historieskrivinga. Denne maktutøvinga er særleg tydeleg når arkiva berre blir gjort tilgjengelege for handplukka forskarar. Men den er også til stades i praktiseringa av kravet om forskarkompetanse for å få tilgang til opplysningar som er unntatt offentlegheit med heimel i lov; det synest openbart at dei same kreftene som har dominert okkupasjonshistoria også har påverka Riksarkivets tilgangspolitikk (sjå Bjørn Westlie og Lars Borgersrud i heftet “Arkiv, demokrati rettferd” (http://www.abm-utvikling.no/publisert/abm-skrift/arkiv_demokrati.pdf).

Samtidig er det viktig å vere klar over at dei fleste kjeldene til okkupasjonshistoria ikkje lenger er, og delvis aldri har vore, unntatt offentlegheit. Kjelder til historia om den daglege tilpassinga og praktiske samarbeidet med okkupasjonsmakta finst m.a. i dei kommunale arkiva landet rundt. Då eg skreiv hovudoppgåve i historie om det politiske og økonomiske samarbeidet med okkupasjonsmakta i Bergen i 1940, brukte eg berre opne kjelder, hovudsakleg frå kommunale arkiv. Desse arkiva dokumenterte at leiinga i Bergen kommune sitt hovudmål heilt frå 10. april – mens det framleis sto norske styrkar nokre få mil frå byen – var å “halde hjula i gang” og tilpasse seg dei nye makthavarane. Det same skjedde elles i landet, men samarbeidet og tilpassinga har vore eit av dei forsømte emna i okkupasjonshistoria fordi den ikkje passa inn i det offisielle historieforteljinga.

Kjeldene til ei meir kritisk og nyansert okkupasjonshistorie finst, i statsarkiv, byarkiv og interkommunale arkiv landet rundt. Dei finst i lensmanns- og politiarkiva, i domstolsarkiva, og ikkje minst i dei kommunale arkiva etter formannskap, rådmenn, tekniske etatar, skolevesen, forsyningsnemnder og likningskontora. Spørsmålet er om arkivinstitusjonane vil gjere noko aktivt for å formidle at denne dokumentasjonen finst og leggje den til rette for bruk, og dermed bidra til nyskriving av okkupasjonshistoria.

Mannen, arkivet og samfunnet

november 25, 2008

Ein artikkel av meg om Jens Chr Hauge og hans arkiv er publisert i tidsskriftet ABM, sjå http://www.abm-utvikling.no/abm-3-08.

Call for papers?

november 14, 2008

Det 3. norske Arkivmøtet i 2007 stod for ei viktig nyvinning. I forkant av møtet sende nemleg arrangementskomiteen ut ein “call for papers”, dvs. ein invitasjon til folk i fagmiljøet om å sende inn forslag til foredrag. Dette representerte eit brot med tidlegare års praksis, då programmet vart bestemt av komiteen bak lukka dører. Invitasjonen førte kanskje ikkje til så mange innlegg denne gongen, men slik vil det ofte vere når noko nytt blir prøvd. Men nokre innlegg kom det (m.a. mitt innlegg “Den rettferdige arkivaren” som kan lesast på denne bloggen).

Men til det 4. Norske Arkivmøtet, som skal haldast i Bergen 20 -22. april neste år, har det ikkje blitt sendt ut nokon “call for papers”. Eg veit ikkje kvifor arrangementskomiteen har bestemt dette; den har ikkje kommunisert sine synspunkt til omverda. Og eg skal ikkje spekulere om kvifor den har kutta ut den opne invitasjonen. Men konsekvensen er skadeleg.

Kvifor er “call for papers” viktig?

Hovudgrunnen er at ein slik invitasjon bidrar til å gjere Arkivmøtet til ein opnare arena, der arkivfolk kan stå fram med sjølvvalde tema og synspunkt som kan stimulere den arkivfaglege debatten. Arkivfaget er ein vitskapleg disiplin, og som alle andre vitskapar er faget avhengig av at ulike synspunkt får bryne seg mot kvarandre. Det norske arkivmiljøet har altfor lenge vore prega av det eg vil kalle ein “forvaltningsdiskurs”, som i stor grad har redusert arkivfaget til spørsmål om lov- og regelverksforvaltning. Denne diskursen må utfordrast dersom arkivfaget skal få utvikle seg.

Eit etablert system for “call for papers” vil dessutan stimulere den arkivfaglege forskinga, som i dag lir under ein mangel på arenaer for formidling av forskingsresultata. Dersom dei veit at det blir sendt ut invitasjonar i forkant av kvart Arkivmøte, kan arkivarar jobbe med sine forskingsprosjekt i forvissing om at dei får høve til å presentere sine resultat på desse møta.

Det er no for seint å sende ut “call for papers” til Arkivmøtet i Bergen. Men det kjem fleire Arkivmøte etter dette. Til desse møta bør arrangementskomiteen invitere til innlegg. Arkivmiljøet fortener det.

”Arkivverket ledes av Riksantikvaren”

oktober 7, 2008

…står det ein stad i statsbudsjettet som vart lagt fram i dag. Det er kanskje symptomatisk for innhaldet i budsjettet, sett frå ikkje-statleg arkivhald.

For heller ikkje denne gongen fekk vi nokon støtteordning for bevaring og formidling av privatarkiv. Det som står om privatarkivområdet er følgjande:

“En statusrapport om bevarings- og formidlingssituasjonen for privat og offentlig arkivmateriale av lokalt og regionalt opphav ble lagt fram i juni 2007. Kartleggingen viser bl.a. at bevarte og tilgjengelige arkiv i for liten grad representerer en helhetlig og representativ samfunnsdokumentasjon. Viktige samfunnssektorer er for svakt dokumentert og det er store regionale skjevheter. Det er bl.a. sikret for lite materiale fra de større bedriftsarkivene og det er gjort lite med sikte på å kunne ta hånd om elektroniske privatarkiver.”

Dei tre siste setningane ord for ord identisk med det som vart sagt i budsjettet i fjor. Så eg gjer det same, og viser til innlegget eg skreiv 5. oktober i fjor.

Eit avslørande dokument

oktober 2, 2008

15. september i år publiserte ABM-utvikling – Statens senter for arkiv bibliotek og museum – sin årlege statistikk over verksemda til institusjonane i ABM-sektoren. Det nye i år er at arkivinstitusjonane – eller rettare 33 av dei – er representerte i ABM-statistikken; tidlegare har den vore for bibliotek og museum åleine.

Dette er første gongen at offentlegheita får systematisk informasjon om delar av verksemda til dei største og viktigaste arkivinstitusjonane. Når eg skriv ”delar av verksemda”, er dette ut frå ei erkjenning av at all statistikk representerer ei form for konstruksjon. Det landskapet som kjem til syne gjennom arkivstatistikken for 2007 er eit konstruert landskap, ein representasjon av ”verkelegheita”, som byggjer på at statistikkmakarane har valt ut bestemte spørsmål som institusjonsleiarane har svara på. Det er utvalet av spørsmål, og det tolkingsrommet som spørsmåla gir den som svarar, som har vore avgjerande for det arkivlandskapet statistikken konstruerer for oss. Andre spørsmål kunne ha synt oss eit anna landskap.

Men eg vil hevde at den statistikken som ligg føre er ein fornuftig konstruksjon. Dei spørsmåla som institusjonsleiarane har svara på fokuserer på dei vesentlege funksjonane som arkiva har og bør ha i dagens samfunn, som institusjonar som skal dokumentere samfunnet på ein brei og mest muleg dekkjande måte og samtidig vere ein mest muleg allsidig ressurs for alle samfunnsborgarar. (Her må eg opplyse – det ville ha vore uærleg av meg å underslå dette – at eg i mi tid som avdelingsdirektør i ABM-utvikling starta opp den prosessen som no har resultert i ein eigen arkivstatistikk, og at eg i den samanhengen var sterkt involvert i utveljinga av spørsmål. Eg er altså ein av konstruktørane, så dette avsnittet kan også lesast som ein forsvarstale.)

Arkivstatistikken inneheld altså utvalde fakta om verksemda til institusjonane. Vi kan t.d. lese at den totale bestanden papirarkiv – i dei 33 institusjonane som statistikken omfattar – i fjor var 354 983 hyllemeter. Av dette var berre 47 947 hyllemeter, dvs 13,5% frå privat sektor. Dette seier noko om i kva grad denne arkivbestanden representerer heile samfunnet (noko den truleg ikkje gjer, sidan dei offentlege arkiva er så dominerande).

Vi kan også lese at arkiva samla behandla 83 397 forespørslar frå ”publikum” i 2007, og at knappe 40 000 av desse dreia seg om personlege velferdsformål, dvs spørsmål om dokumentasjon av pensjon, skolegang, barnevern, osb. Dette kan bekrefte det inntrykket mange av oss har hatt om at rettsdokumentasjon er ein av arkivas viktige samfunnsoppgåver i dag, og at denne er langt større enn den forskingsmessige bruken av arkiva.

Og vi kan lese at dei 33 arkiva hadde knappe 43 000 besøk i fjor. Det er ikkje mange, men andre opplysningar fortel noko om det publikumspotensialet arkiva har. Det statlege Arkivverket har om lag 200 millionar søk i sine databasar (hovudsakleg Digitalarkivet, vil eg tru). Og ein relativt liten institusjon som Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane, med berre 48 personlege besøk, hadde meir enn 35 000 søk i dei arkivdatabasane er tilgjengelege på institusjonens nettsider.

Statistikken avslører altså arkivinstitusjonane sine sterke og svake sider, som det heiter. Men også potensialet. Den er tilgjengeleg på http://www.abm-utvikling.no/publisert/abm-skrift/abm-skrift-49.

Etikk, varsling og arkivarens rolle

september 24, 2008

Ein artikkel med denne tittelen er no lagt ut under “pages” i menyen til venstre.

Kulturformyndarane

august 26, 2008

Frp har skaffa seg kulturpolitikk, og den luktar ikkje godt. Det er kanskje ikkje så underleg når vi tenkjer på kva den er laga av.

Som nyliberalistisk parti har Frp klokkartru på den frie marknaden. Kulturpolitisk talsmann Ulf Erik Knudsen uttalar t.d. til Dagsavisen at pressestøtta må fjernast, fordi “vi mener at det er lesernes valg som må styre hvilke aviser som overlever og hvilke som har livets rett.”

Ein ting er at dette er noko kvalifisert sludder. Det vil ikkje vere lesarane, men annonsørane som bestemmer kva aviser som vil overleve utan pressestøtte.

Det som er verre, er at Knudsen framstiller marknadsøkonomi som noko demokratisk. Men det stemmer jo ikkje! Demokratiet byggjer på prinsippet “eit menneske – ei stemme”. Marknadsøkonomien byggjer derimot på prinsippet “ei krone – ei stemme”. Altså meir makt til dei som har flest kroner, og mindre til oss andre.

Frp hevdar at dei vil ha eit kulturliv utan politisk styring. Samtidig har dei tatt til orde for ein norsk kulturkanon som skal retningsgivande for t.d. lærebøker i skolen og innhaldet i allmennkringkastinga. Eg har også merka meg at Knudsen i ein “nettprat” tar til orde for å “styrke institusjoner som ivaretar den norske kulturarv – dette særlig innen arkiv, bibliotek og museum-sektoren”.

Som depotdreng skulle eg kanskje glede meg over slike signal, for dette er uvanleg kost frå eit parti som så langt har ivra for å kutte ned på løyvingane til arkiv, bibliotek og museum. Men eg gjer ikkje det. Økonomisk liberalisme kopla med nasjonalt formyndarskap kan berre styrke dei som har makt i samfunnet.

Konsekvensen kan berre bli svekka demokratisk tilgang til skapinga av og tolkinga av arkivet.