Home

Qued non est in actis…

desember 6, 2006

Onsdag 19. juli øydela israelske troppar to regjeringsbygningar i byen Nablus i Palestina. Dette vart rapportert i norske media, men berre summarisk, kanskje fordi nyheitsbildet denne veka var dominert av Israels invasjon i Libanon. Difor er det ukjent for dei fleste at ein av desse bygningane inneheldt eit av dei viktigaste palestinske arkiva.

Innanriksdepartementet i Nablus heldt til i Muqata’aen, eit stort administrasjonsbygg som var bygd av britane på 1920-talet. Arkivet til Innanriksdepartementet inneheldt persondokumentasjon som fødsels- og dødsregister, ID-attestar, pass og reisedokument, dvs. dokumentasjon som innbyggjarane i Nablus er avhengige av for å kunne reise ut av landet, få tilgang til offentlege tenester eller for å kunne dokumentere at dei høyrer heime i Nablus. Arkivet inneheldt også materiale frå dei siste 100 åras skiftande administrasjonar i Nablus: det ottomanske imperiet, det britiske protektoratet, det jordanske kongedømmet, den israelske okkupasjonsmakta og det palestinske sjølvstyret. I dag er dette materialet fullstendig øydelagt.

Offisielt var dei israelske troppane ute etter ettersøkte Hamas-aktivistar. I følgje Abed Al Illah Ateereh, direktør for Innanriksdepartementet I Nablus, vart soldatane tilbydd nøklane til bygningane slik at dei kunne gjennomsøkje dei. Dette vart avslått. I staden vart bygningane sprengt. Deretter vart restane jamna med jorda med bulldosarar, slik at alle arkivskapa vart knust og dokumenta blanda med dei knuste bygningsrestane.

Israelske troppar øydela tidlegare i 2006 også Innanriksdepartementet i Gaza. Desse hendingane har fått observatørar til å stille spørsmål om det er uttrykk for ein bevisst politikk frå Israel si side å øydeleggje palestinske arkiv.

For den som ikkje finst i arkivet, eksisterer som kjent ikkje…

(Kjelde: http://www.counterpunch.org/toensing07272006.html)

Advertisements

One Response to “Qued non est in actis…”


  1. […] Du kan ogs lese om papirkrigen p norsk hos Depotdrengen. […]


Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: