Home

Etnisk bevaring

mars 23, 2007

”Does Norway have a system for documenting the Sami in the same way that Australian blanket disposal authorities require retention of all files relating to Aboriginal people?” Dette spørsmålet stilte den australske arkivprofessoren Karen Anderson til gruppearbeidet på eit seminar i Oslo 10. januar i år (http://www.arkivrad.no/foredrag/2007/Teaching%20macroappraisal.ppt). Eg var ikkje til stades på seminaret, men eg veit likevel svaret på spørsmålet. Vi har ikkje noko regelverk som påbyr bevaring av arkivdokument om samiske forhold. Og vi har heller ikkje noko påbod om å bevare dokumentasjon av andre etniske minoritetar, det vere seg kvenar, romani, rom, jødar eller nyare innvandrargrupper.

For uinnvigde: Dette dreier seg om det arkivale fagemnet ”bevaring og kassasjon”. Fordi den offentlege forvaltninga produserer meir arkiv enn dei offentlege arkivinstitusjonane er i stand til å bevare, må store delar av arkiva kasserast. Berre ein del av arkiva blir valt ut for bevaring for ettertida. Kriteria for slike bevaringsutval har vore gjenstand for debatt i fleire tiår, og Karen Andresons spørsmål handlar om eit slikt kriterium.

Dei norske bevaringspåboda finn vi i § 3-20 i forskrift om offentlege arkiv (http://www.lovdata.no/for/sf/kk/kk-19981211-1193.html ). Desse  seier ingen ting om bevaring av dokumentasjon av etniske minoritetar. I tillegg til dette, har Riksarkivaren utarbeida bevarings- og kassasjonsreglar for statleg og kommunal forvaltning. Heller ikkje her finn vi noko om dette. Kvifor manglar desse her i Noreg? Sannsynlegvis fordi spørsmålet ikkje vart reist då reglane vart utarbeida. Eg har heller ikkje registrert nokon kritikk av denne mangelen frå norske kolleger. Eg har heller ikkje tenkt på dette før. Kvifor har ingen reist dette spørsmålet? Eg kan tenkje meg tre grunnar:

For det første, at vi framleis er djupt påverka av oppfatninga av arkiv er nøytrale produkt av arkivskaparen si verksemd og at arkivarane skal bevare det dei får på ein ”nøytral og upartisk” måte. Arkiv skal som skal bevarast blir beskrivne i samsvar med arkivskaparens opphavlege system. Desse systema vil vanlegvis synleggjere dei forholda og emna som arkivskaparen har rekna som viktige, og minoritetane har sjeldan vore blant desse. Resultatet er at arkivbeskrivingar og –katalogar bidrar til å oppretthalde den historiske usynleggjeringa av etniske minoritetar og andre marginaliserte grupper.

For det andre, at arkiva er maktuttrykk. Med nokre få unntak er norske arkivinstitusjonar integrerte delar av offentleg forvaltning. Dette inneber at arkivarane er utsett for eit strukturelt press for å tene forvaltningas interesser og reprodusere eksisterande maktforhold. Dette presset kan t.d. kome til uttrykk i mange av dei prioriteringane vi gjer i ein travel kvardag. Nokre ting må berre gjerast, mens andre kan vente.    

For det tredje, at norske arkivarar – eller den delen av arkivarane som uttalar seg om faglege spørsmål – er etnisk norske. Vi er ein del av majoritetsbefolkninga som har undertrykt minoritetane i hundrevis av år. Vi er prega av dette, anten vi vil det eller ikkje. 

 Konsekvensane av desse forholda er analysert i rapporten frå forprosjektet ”Nasjonale minoriteter i offentlige arkiver. Kartlegging av kilder relatert til kvener i Nordreisa og Porsanger”, ført i pennen av Kajsa Maliniemi Lindbach (http://www.llp.no/assets/files/Forprosjektrapport.pdf). Ho skriv dette på s. 4: ”Arkivene representerer den regjerende maktens selektive minne. Den regjerende makten bestemmer hva som skal arkiveres og hva som er verd å arkivere. Arkiveringsprosessen er derved ikke en objektiv handling, men den tjener noens hensikter. Stemmene til de fattige, undertrykte og marginale er ofte fraværende.”  

Å innføre bevaringspåbod for arkiv som dokumenterer etniske minoritetar kan vere eit relativt enkelt grep for å motverke denne selektive arkiveringa. Tar Riksarkivaren denne utfordringa?   

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: