Home

Arkiv og rettferd

mai 9, 2007

”In 1998, David Bearman visited the National Archives of South Africa, and horrified us by responding to our painstakingly secured snapshot of a government-wide human resources database with the words: ‘But it isn’t a record. It shouldn’t even be here’.”  

     

Verne Harris gjengir denne episoden i artikkelen ”On (Archival) Odyssey(s)”, som eit døme på at det i det internasjonale arkivsamfunnet i dag finst ulike og til dels motstridande oppfatningar av kva arkiv er og kva arkivarbeid dreier seg om. David Bearmans kommentar står her som eit døme på den ny-jenkinsonianske retninga, som reduserer arkivet til å vere berre dokumentasjon av transaksjonar (”evidence of transactions”) og arkivarens oppgåve til å sikre autentisiteten og integriteten til denne dokumentasjonen. For Verne Harris representerer dette ei innsnevring av arkivomgrepet og arkivarbeidet, som ekskluderer andre arkiveringsmåtar (dei som ikkje er dokumentasjon av transaksjonar, men der arkiv blir skapt for t.d. å dokumentere relasjonar, kommunisere tankar, underbyggje krav, grunngi handlingar, skape varige minne om ei hending eller ganske enkelt lagre informasjon for seinare bruk) og samtidig overser at arkiveringa alltid vil vere prega av maktforholda i samfunnet.  

  

Verne Harris vil vere kjent for mange, men for dei som ikkje kjenner til han: Han vart tilsett i det sørafrikanske statlege arkivverket i 1984, samtidig som han hadde nær kontakt med antiapartheidrørsla. Etter frigjeringa frå apartheid i 1994 var han sentral i utarbeidinga av den nye arkivlovgivinga, samtidig som han hadde arbeidsoppgåver for ANC og Sannings- og forsoningskommisjonen. Etter at arkivlova var vedtatt vart han nestleiar i Nasjonalarkivet med ansvar for å omstille institusjonen til det nye, demokratiske Sør-Afrika. I 2001 vart han direktør for South African History Archive, ei frittståande stifting med formål å dokumentere og bidra til kampen for rettferd og demokrati, der han arbeidde til han i 2005 vart prosjektleiar for Memory Centre i Nelson Mandela Foundation. Eg møtte Verne i 2004 og har møtt han fleire gongar sidan, og reknar han som ein venn. Denne bokomtalen er sjølvsagt prega av denne vennskapen. 

   

”On (Archival) Odyssey(s)” er ein av 21 artiklar, foredrag og essay av Verne, som no er samla og gitt ut i boka ”Archives and Justice. A South African Perspective” (Society of American Archivists, Chigaco 2007, ISBN 1-931666-18-0), sjå    http://www.archivists.org/catalog/pubDetail.asp?objectID=2145. Boka, som er på 450 sider, inneheld det vesentlege I Vernes arkivfaglege forfattarskap mellom 1994 og 2006 (han har også gitt ut to romanar og skrive om musikk i dagspressa). 

    

Boka er delt i fem delar: Del 1, ”Discourses”, inneheld artiklar som kritiserer den positivistiske og ny-jenkinsonianske tenkemåten og presenterer eit alternativ til denne, ein som byggjer på dekonstruksjon og Jacques Derridas arkivforståing. I del 2, ”Narratives” utforskar Verne arkivet som forteljingar; forteljingar som er konstruert gjennom arkivdanning, bevaringsutval og kassasjon, og arkivbeskriving (dvs ordning og katalogisering av arkiv) og problematiserer arkivarens rolle som medforteljar, den som fortel historier om historie(r). Del 3, ”Politics and Ethics” dreier seg om dei grunnleggjande etiske utfordringane arkivarane opplever i møtet med makt og avmakt, om korleis vi skal svare på ropet om rettferd og ta i mot og vise gjestfridom mot den andre, den som er framand i og for arkivet. Del 4, ”Pasts and Secrets” handlar om arkiva si rolle i kampen for fridom og rettferd i Sør-Afrika, mens del 5 ”Actualities” kommenterer lagnaden til arkivet etter Sannings- og forsoningskommisjonen.

    

Gjennom heile samlinga går det fleire raude trådar; ein følgjer arkivet som selektivt minne, ”a sliver of a sliver of a sliver”, skapt og selektert av maktforholda i samfunnet, ein annan tråd følgjer arkivarens rolle som medskapar av arkivet, for arkivet er ikkje ferdig skapt av ein arkivskapar. For å sitere Terry Cook i forordet til boka: “Archives, Verne insists, are about dynamic recordmaking, and remaking, re-remaking, over and over again, without end, rather than the traditional record-keeping, looking after and keeping safe some fixed records product as a sacred artifact. The correct stance for archivists, then, is ever questioning, never complacent, always seeking for the grail of memory, while allowing forgetting, always celebrating the ever-changing contingent, which continually reinvents (remakes) the archive.” Men den viktigaste tråden, sjølve renninga i veven, leiar oss til Vernes moralske imperativ i møtet med ropet om rettferd, med den andre: arkiv, rettferd og gjestfridom: ”Det strukturelle presset i all arkivering går i retning av å reprodusere eksisterande maktforhold, men dei tilhøyrande ekskluderingane, favoriseringane og marginaliseringane. Arkivarane kan ikkje unngå å bli involvert. Men vi kan arbeide mot presset, og for meg er det eit moralsk imperativ å gjere det”.    

For meg er Verne ein av dei viktigaste røystene i det internasjonale arkivsamfunnet. Og han skriv ikkje berre om viktige ting, han skriv godt, svært godt. Det er ein fest å lese Verne, men som alle gode festar byr boka på så vel utfordringar som provokasjonar – og kanskje ein liten bakrus.     

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: