Home

Arkivhistorier

juni 26, 2007

Korleis opplever folk møtet med arkiva? Eg har høyrt mange slags historier om dette. Om sure, arrogante og avvisande arkivarar, men også om imøtekommande og hjelpsame kollegaer. Om rigide byråkratiske reglar (maks 11 kopisider pr. dag!) og om fleksibel tenestevilje. Om så vel firkanta som smidig behandling av innsynssøknader. Om arkivmateriale som ikkje finst. Om uordna og utilgjengelege arkiv. Og om mykje anna. Forteljingar som tyder på at det finst både rævhol og englar i arkiva (slik som elles i samfunnet), at nokre institusjonar kanskje er meir byråkratiske og rigide i sine arbeidsmåtar enn andre, at arkiva faktisk ofte er mangelfulle og at dei fleste institusjonar slit med eit ordningsetterslep. 

Det eg har høyrt er tilfeldige førstehands, andrehands eller tredjehands historier (faktisk mest av dei to siste kategoriane), fortalt av menneske med ulike motiv (ikkje sjeldan av arkivarar som har eit behov for å seie noko nedsetjande om tilstanden i andre arkivinstitusjonar). Nokre av forteljingane kan det vere hald i, andre står neppe for ei kjeldekritisk undersøking. Så eg veit eigentleg ikkje så mykje om korleis folk opplever møtet med arkiva. Og det gjer neppe så mange andre heller – systematiske brukarundersøkingar er lite brukt i arkivinstitusjonane.

Formuleringa møtet med arkiva kan dessutan verke tilslørande; det er heller tale om tre ulike spørsmål: korleis opplever folk møtet med arkivinstitusjonen, med arkivarane og med arkivmaterialet? Spørsmål som likevel heng saman: Ein arkivinstitusjon vil sjølvsagt vere prega av innhaldet i arkivbestanden og det oppdraget denne gjenspeglar; eit riksarkiv som er oppretta for å dokumentere den sentrale statsmaktas og nasjonens historie vil opplevast på ein annan måte enn eit lokalhistorisk arkiv som skal dokumentere historie i eit lokalsamfunn. Institusjonens eiga historie og samfunnsmessige posisjon vil unekteleg setje sitt preg på institusjonell sjølvforståing og bedriftskultur og på dei forteljingane institusjonen formidlar til publikum om si rolle som rikets eller byens ”hukommelse”. Desse forholda vil igjen påverke medarbeidarane i deira møte med publikum. Og kva så med dei eigentlege arkiva? Kva historier fortel institusjonen (og medarbeidarane) om arkivmaterialet; kva blir løfta fram og synleggjort på nettsider, i katalogar og publikasjonar og kva blir usynleggjort?

Desse spørsmåla er mellom dei som er behandla i boka ”Archive Stories. Facts, fiction and the writing of history”, redigert av Antoinette Burton (Duke University Press, Durham & London 2005, ISBN 0-8223-3688-x). Her finn vi ei samling historier om ulike møte med arkivinstitusjonar, arkivarar og arkiv, fortalt av 15 akademiske arkivbrukarar, hovudsakleg historikarar. 

Burton skriv i introduksjonen til boka at behovet for arkivhistorier, dvs forteljingar om korleis arkiv (og arkivinstitusjonar) er skapt, brukt og opplevd av dei som brukar dei til å skrive historie, stammar frå ei ny erkjenning av at alle arkiv er forma av fortida og notida, men også av et fysiske miljøet, dei arkivskapande regimas vekst og fall, byråkratisk vilkårlegheit og til og med av arkivaranes flid eller forsømmingar. Ho insisterer på å snakke om det som skjer bak scenen i arkiva (og arkivinstitusjonane), om korleis arkiva er konstruerte, kontrollerte, autoriserte og manipulerte, fordi dette er nødvendig for å ta eit direkte oppgjer med den historiske oppfatninga av arkiva som objektive.     

Artiklane i boka behandlar problemstillingar over eit breitt tematisk og geografisk spekter; forfattarane er kunnskapsrike, skriv godt og byr på mange spennande vinklingar. Det vil føre for langt å gå inn på dei einskilde artiklane i denne omtalen.. Men det er ikkje usannsynleg at eg kjem tilbake til nokre av dei ved seinare høve.Her og no vil eg nøye meg med å slå fast at denne boka høyrer heime i sommarens arkivkanon. Kjøp den, les den og du vil bli eit klokare menneske!       

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: