Home

Spor etter kven?

august 10, 2007

I eit av essaya i samlinga «History and memory» diskuterer historikaren Jacques Le Goff minnesmerket si rolle som historieforteljar. Han skriv at menneske med makt har laga minnesmerke til alle tider, med to viktige formål. Dels for at ettertida skal hugse det makthavarane meiner er minneverdig, men særleg for å autorisere den offisielle forteljinga om det som hende. Den som har makt over minnesmerka har også makt over menneska sine tankar.  

For fortida eksisterer ikkje; den har forsvunne bak horisonten, og vi kan aldri vende tilbake til den. Vi kan rekonstruere den på grunnlag av personlege og kollektive minne. Dei personlege minna går ikkje lenger enn til våre eigne opplevingar og vår eigen barndom. For å få kunnskap om det som har hendt der vi ikkje var til stades, eller det som hende før vår tid, er vi avhengige av det vi kan kalle kollektive minne. Desse kollektive minna eksisterer i ulike former: som munnlege overleveringar, fotografi, arkivdokument, litteratur, lydfestingar, film, gjenstandar, minnesmerke, bygningar, visuelle kunstutrykk, musikk, osb; alt dette som vi gjerne omtalar som kulturarv og som blir valt ut, bevart, forvalta, tolka og formidla av institusjonstypar som arkiv, bibliotek og museum.  

Det er eit mangfald av kryssande og overlappande kulturar som i større eller mindre grad har etterlete seg dei historiske spora som dannar grunnlaget for dei kollektive minna. Dette materialet er selektivt. Det som vi gjerne kallar minneinstitusjonar bevarar berre nokre få spor etter menneska bak tidshorisonten. Mange menneske sette knapt spor, andre fekk sine spor viska ut før dei rakk å bli historiske, og spora etter atter andre har (av arkivarar eller museumsfolk) blitt vurdert som utan historisk eller kulturell verdi og blitt kassert eller overletne til tidas tann. Nokre få er framleis synlege for oss, på grunn av den posisjonen dei hadde i si samtid, fordi ettertida ha fatta interesse for dei, eller som resultat av tilfeldigheiter. 

Arkivskapinga i eit samfunn vil alltid vere prega av dei maktrelasjonane som finst i dette samfunnet. Det er dei ressurssterke i samfunnet – i dag staten, kommunane, store verksemder og organisasjonar – som har ressursar til å halde arkiv og til ta vare på desse arkiva. Slik har det vore – og slik er det framleis i dag, kanskje meir enn nokosinne. Årsaka til dette er at den digitale revolusjonen har gjort arkivdanning og arkivbevaring meir komplisert og meir kostbart enn tidlegare. Og dei strategivala som offentlege arkivinstitusjonar har gjort for bevaring av elektroniske arkiv, kan føre til at dei spora som blir bevart etter vår samtid representere dei ressurssterke i endå større grad enn tidlegare. Internasjonalt og nasjonalt har innsatsen på dette feltet vore konsentrert om å utvikle system for offentleg sektor. Eg kjenner berre til eitt initiativ som har tatt tak i utfordringa med å utvikle adekvate verktøy for bevaring av digitale personarkiv, det engelske prosjektet ”Paradigm” (sjå http://www.paradigm.ac.uk/index.html). Men det er ein lang veg frå å utvikle verktøy til å få på plass infrastrukturar og tenester for arkivbevaring.      

Framleis kan vi finne personlege papir etter bestefar eller oldemor på loftet: brev, postkort, fotografi. Mine oldebarn vil sannsynlegvis ikkje kunne finne mine mailar, smsar og digitale foto om hundre år. Det er ikkje sikkert at dette vil vere noko stort sakn. Men kven veit?  

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: