Home

NAV og personvernet

oktober 12, 2007

I august vart det kjent at ein representant frå NAV hadde tatt med seg 12 pasientjournalar frå eit legekontor i Steinkjer (sjå http://www.aftenposten.no/helse/article1950630.ece). Dette skjedde på denne måten: Legen fekk først telefon frå NAV, som bad om å få utlevert journalane. Legen svara nei og bad om ei grunngjeving. Det fekk han ikkje. Nokre timar seinare møtte representanten frå NAV fram på kontoret, sjølv om legen var midt i ein pasientkonsultasjon, og ville umiddelbart ha utlevert kopi av journalane. Legen kjende seg då så pressa at han gjorde som han fekk beskjed om. 

NAV informerte ikkje den aktuelle legen om kva journalane skulle brukast til. NAV informerte  heller ikkje dei aktuelle pasientane om at dei tok med seg journalane. Begge desse forholda bryt med vanlege reglar for behandling av personopplysningar, slik desse er formulert i personopplysningslova og pasientjournalforskrifta. Ved innsamling og behandling av personopplysningar skal den opplysningane gjeld normalt informerast. Utlevering av journalopplysningar krev normalt samtykke frå pasienten. Kvifor skjedde ikkje det i dette tilfellet?

NAV-kontora samlokaliserer den statlege Arbeids- og velferdsetaten (dei tidlegare trygde- og arbeidskontora) og den kommunale sosialtenesta. NAV er etablert som ein reiskap for å setje i verk ”arbeidslinja” i sosialpolitikken. Kort formulert kan vi seie at arbeidslinja går ut på å få folk som mottar ulike former for trygd eller stønad ut i arbeid. Det skal ”lønne seg å jobbe”; passivt mottak av stønad er ikkje bra.  

Sosialforskar Espen Dahl ved Høgskolen i Oslo seier til nettsida til Velferdsprogrammet på www.forskningsradet.no at arbeidslinja ofte er kjenneteikna av paternalisme, strenge vilkår, sanksjonering, tett oppfølging og overvaking, behovsprøving og målretting. Lege Edda Wergeland går eit steg lenger i ein kommentar i Klassekampen 8.09., der ho karakteriserer NAV som ei ”gedigen overvåkningstjeneste”. Og kritikarane har eit poeng: I Rattsø-utvalet si utgreiing (NOU 2004:13) blir det gjort klart at to av formåla med reforma som førte til opprettinga av NAV, var å styrke arbeidslinja og kontrollen av stønadsmottakarar. Difor meinte også Rattsø-utvalet at den eksisterande personvernlovgivinga representerte eit unødvendig hinder for utveksling av personopplysningar mellom offentlege organ.

Dette hinderet er no borte, i alle fall i NAV. § 16 i NAV-lova slår fast ”Taushetsplikt etter denne loven eller etter sosialtjenesteloven er ikke til hinder for at opplysninger er tilgjengelig for andre ansatte innen kontoret i den utstrekning som trengs for en hensiktsmessig arbeids- og arkivordning, blant annet til bruk ved veiledning i andre saker.” Denne paragrafen opnar for bruk av personopplysningar på tvers av regelen i personopplysningslova om at opplysningar som er samla inn for eit formål ikkje skal brukast til andre formål utan at den det gjeld har gitt samtykke. Kva konsekvensar har dette fått for arkivet i NAV?

Eit utkast til arkivrettleiar for NAV som er utarbeida av Riksarkivet slår fast at det er ”juridisk åpning for at det nye NAV-kontoret har ett felles arkiv, med personmapper som inneholder alle saker”. Arkivrettleiaren understrekar rett nok at statleg og kommunalt arkiv må merkast tydeleg og oppbevarast i eigne undermapper. Likevel: Dette inneber at dersom ein person både er arbeidssøkjande og mottakar av sosialhjelp, kan dokumentasjonen av begge desse forholda samlast i den same personmappa.

Det er sjeldan at vi ser så klare døme på at arkivet skal tene arkivskaparens formål. I dette tilfelle har NAVs behov fått fullt gjennomslag. Klientens, stønadsmottakarens, den trygdas, den sjukmeldes, med andre ord: vårt personvern, vår rett til å bli informert om kva som blir arkivert om oss og korleis dette blir brukt har blitt ofra for å gjere arkivet til ein effektiv og velsmurt motor i NAVs verksemd.

Men arkivet er jo avhengig av arkivmedarbeidaren. Kva er så arkivmedarbeidaren si rolle i denne samanhengen? Er det å bidra til å arkivmotoren går så lett og friksjonslaust som mogleg, eller er det å rope: ”Hei! No køyrer vi over nokon!” når NAV-maskinen rullar over personvern og teieplikt?

Utkastet til arkivrettleiar behandlar ikkje dette spørsmålet, den held seg strengt til NAV-lov og arkivlov. Men vi må stille spørsmålet, fordi det dreier som om våre etiske val som fagfolk og våre rettar som framtidige (eller noverande) stønadsmottakarar. 

   

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: