Home

Det demokratiske arkivet

januar 11, 2008

Arkiv er i utgangspunktet ein type informasjon som arkivskaparen samlar for sine eigne umiddelbare behov for å sikre kontinuitet i drifta og dokumentere sine rettar og plikter. Samtidig har arkiv viktige samfunnsmessige funksjonar. Arkivet i ei verksemd kan innehalde dokumentasjon som har rettsleg verdi for andre, t.d. tilsette, klientar og samarbeidspartnarar. Dersom verksemda er eit offentleg organ skal forvaltninga vere gjennomsiktig og arkivet ope for offentleg innsyn. På sikt vil i alle fall delar av arkiva få verdi som historiske kjelder. Eksistensen av tilgjengelege arkiv er med andre ord viktige føresetnader for rettstryggleik, demokrati og kontrollerbar kunnskap om fortida.

Dette «veit» vi som er arkivarar; vi er overtydde om at det vi driv med er svært viktig, både for samfunnet generelt og den enkelte samfunnsborgar. Problemet at det ikkje er så mange andre som har forstått dette. Det verkar i alle fall slik når vi i sosiale samanhengar skal fortelje kva vi driv med; det er openbart at arkiv ikkje blir oppfatta som særleg sexy (merkeleg nok, må eg seie). Om vi tar for gitt at det er rett at arkiv er viktig, så har vi arkivarar altså eit alvorleg marknadsføringsproblem.

Det er openbart ei viktig oppgåve å spreie kunnskap om at arkiv er viktig, nyttig og kanskje til og med sexy. Men korleis skal vi overbevise folk om det? Eg har sjekka heimesidene til diverse arkivinstitusjonar, og nokre av dei har lagt ut nokre linjer som skal fortelje kor viktige dei er. Men eg trur ikkje dei når fram; det nyttar lite å hevde at arkiva er viktige, vi må kunne vise det. Som det heiter i journalistikken: «Don’t tell it, show it!»

Øvst på denne sida har eg gjengitt eit sitat av Derrida som i norsk omsetjing blir om lag slik: «Verkeleg demokratisering alltid kan målast etter dette essensielle kriteriet: Deltakinga i og tilgangen til arkivet, til skapinga av det og til tolkinga av det.» Eg har gjengitt sitatet fordi det så tydeleg understrekar det demokratiske perspektivet på det vi driv med; eit perspektiv som ofte har lett for å forsvinne i det daglege strevet. Og eg trur at dette perspektivet er nødvendig dersom vi skal nå fram; vi må vise i praksis at arkiv faktisk er til for folk.

· Vi må gjere det mogleg for folk å delta i arkivet, ta del i det, vere til stades i det.

Dette betingar for det første at arkiva er opne i danningsfasen, slik at folk får høve til å korrigere og supplere feilaktige og ufullstendige opplysningar. «Ja vel,» seier du kanskje, «denne retten har jo folk allereie gjennom partinnsynet.» Sant nok, men blir den praktisert? Kor ofte får t.d. NAV-klientar tilbod om å sjå igjennom det som er registrert om dei i mapper eller dataregister? Dette burde vere ein fast rutine ved kontakt mellom klientar og ein offentleg instans.

For det andre må arkiva vere opne også i depotfasen. Vi som er arkivarar veit at dei bevarte arkiva gir eit selektivt bilde av samfunnet. Dei fleste arkivinstitusjonane oppbevarer makthavarane sine arkiv; det er statens eller kommunens forteljingar som dominerer. Vi kan sjølvsagt også finne andre forteljingar, men desse er svake, sporadiske og ofte skjulte. Difor kan ikkje depotinstitusjonane nøye seg med å bevare offentlege arkiv; dei må leggje like stor vekt på å samle inn privatarkiv av ulike slag og invitere folk til å bidra med sine forteljingar. Arkivet blir aldri «fullt»; det er alltid behov for å arkivere nye versjonar.

· Vi må gjere det mogleg for folk å få utbytte av arkiva på sine eigne premissar.

Dette inneber å utvikle differensierte formidlingstenester for folk. Det kan bety mange ting: transkribere gotisk skrift, gi hjelp til å tolke byråkratisk sjargong, forklare konteksten til enkeltdokument, informere om arkivskaparens formål og oppgåver, for å nemne nokre. Eg har skrive mykje om dette emnet i andre innlegg her på bloggen, og skal ikkje gjenta meg sjølv.

· Vi må gi folk høve til å delta i tolkinga av arkivet.

Nettopp: folk må ha rett til å tolke kjeldene på sine måtar. Det betyr ikkje at vi skal akseptere alle tolkingar som like relevante, men at vi må erkjenne at det finst mange historier og ikkje berre ei historie – også i praksis. Dette inneber på den eine sida at institusjonane gjennom si formidling må opne kjeldene for alternative tolkingar; på den andre sida må dei bevare eit variert materiale som gjer alternative tolkingar muleg.

Konklusjonen min er altså: Dersom vi skal få folk til å bry seg om arkiva, må arkiva først bry seg om folk! Å vere sexy betingar som vi veit tovegs kommunikasjon. Og med den overskrifta eg har sett på dette innlegget, kjem eg til å sette ny rekord i treff på denne sida. Ikkje verst, det!

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: