Home

Arkivutdanning og bibliotekutdanning

mai 14, 2009

Min kollega ved Høgskolen i Oslo (HiO), professor Ragnar Audunson, har i eit innlegg i Aftenposten 4. mai , sjå http://www.aftenposten.no/meninger/debatt/article3058828.ece om bibliotekmeldinga også meint noko om arkivarar og arkivutdanning.

Han skriv: ”Jeg har ett forslag: En person med grunnutdanning med bibliotekfaglig utdannelse har ikke kompetanse som bare er knyttet til bibliotek. Vedkommende har landets beste arkivutdannelse samtidig som organisering og publisering av innhold på nettet er en del av kjernekompetansen. Alle kommuner har arkiv og alle kommuner har nettjenester. Kommunalt bibliotek pluss kommunalt arkiv pluss kommunalt nettsted er lik hele bibliotekfaglige stillinger også i de minste kommunene. Denne åpenbare muligheten bør bibliotekorganisasjonene gripe fatt i.”

Eg vonar at bibliotekorganisasjonane har vit til å la dette forslaget ligge, fordi Audunson tar grunnleggjande feil.

For det første, fordi bibliotekutdanninga ikkje kvalifiserer til arkivarbeid. Rett nok har bachelorstudiet i bibliotek- og informasjonsvitskap eit valemne i arkivistikk (15 studiepoeng, som tilsvarar eit halvt semester), men dette gir berre ei grunnleggjande innføring i faget. Arkivistikk er ein sjølvstendig vitskapleg disiplin som teoretisk, metodologisk og teknisk behandlar omfattande emne som arkivdanning, arkivsystem, bevaringsvurdering og kassasjon, bevaring, arkivbeskriving, tilgjengeleggjering og formidling for elektroniske og analoge arkiv, og om arkiv som dokumentasjon, konstruksjon og samfunnsminne.

Nettopp av denne grunnen tilbyr den avdelinga ved HiO der både Audunson og eg arbeider, eit eige arkivfagleg studium: eit grunnstudium på 60 studiepoeng og påbyggingseiningar på til saman 45 studiepoeng. Og dette studiet kan konkurrere om tittelen ”landets beste arkivutdannelse”. Bibliotekstudiet konkurrerer i ei anna idrettsgrein.

For det andre seier Audunson ingenting om kva han ser for seg at bibliotekarane skal gjere med arkiva i kommunane.
Tenkjer han på arkivtenesta i kommunane og handteringa av dei aktive arkiva? Då overser han både omfanget av dette arbeidet og dei faglege kvalifikasjonane som trengst.
Eller tenkjer han på forvaltning og betening av dei eldre avslutta arkiva? I så fall krev dette m.a. kunnskapar om kommunal forvaltnings- og administrasjonshistorie, tidlegare arkivsystem og vilkår for arkivering, emne som bibliotekstudiet ikkje omfattar. Dessutan, og dette er eit like viktig poeng, kommunane har gjennom dei siste 20 åra bygd opp høgt kvalifiserte arkivinstitusjonar (IKAer, byarkiv og fylkesarkiv). Dersom bibliotekorganisasjonane skulle følgje Audunsons råd, ville dei kunne undergrave dette høgt kompetente kommunale arkivlandskapet. Det ville vere eit kulturpolitisk feilgrep av store dimensjonar.

Arkivfaget og arkivarprofesjonane har gjennomlevd ei rivande utvikling dei siste tjue-tretti åra.
Dersom nokon er interessert i å lese meir om utviklinga av arkivvitskapen, arkivarprofesjonen og arkivutdanning, viser eg til artikkelen Mellom praksis og teori i menyen til venstre.

Advertisements

3 Responses to “Arkivutdanning og bibliotekutdanning”

  1. Ellen Røsjø Says:

    Godt innlegg Gudmund! Jeg ble ganske forskrekka av en slik holdning fra en professor og regner med bibliotekorganisasjonene ikke går på noe sånt. LLP har lagd et studieprogram og prøver å bygge opp flere studietilbud, et i arkivformidling av historiske arkiver gis ved Høgskolen i Lillehammer fra høsten.

  2. Eli Hjorth Reksten Says:

    Sjå till att inlegget ditt også vert publisert i Aftenposten!

  3. Egil Borlaug Says:

    Gode Gudmund!
    Det er godt å sjå at du er vaken, og ikkje minst at du evnar å møte slike meir eller mindre tynt grunna tankar og forslag med ei klår og sakleg røyst. Når det gjeld arkivutdanning og undervising, så meinar eg framleis at det skal utførast ved universitet og høgskular. Vi som representerar utøvinga av arkivyrket må så i neste omgang hjelpe til slik at studietilboda blir mangfaldige og gode. Ei absolutt forankring i universitet og høgskule ar heilt naudsynt for å sikre eit vitskapleg fundament. Det er ikkje tilstrekkeleg å presentere beste praksis som ei rettesnor. Stortingsarkivet vil i alle høve gjere sitt også når det gjeld utdanning av nye arkivarar. Det var leit at eg ikkje fekk med meg arkivmøtet i Bergen. Slike møteplassar er viktig.


Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: