Home

Profesjonsbygging, utdanning og forsking

januar 31, 2012

I samband med 40 årsjubileet i 2001 gav Norsk Arkivråd (NA) ut boka «Mot en profesjon». Tittelen peikar på ei mogleg utvikling av arkivdanningsfaget, noko forfattaren av boka, Ranveig Låg Gausdal, også noterte seg då ho i vekselspelet mellom arkivfaget, arkivmiljøet og NA «skimter … arbeidet med aktivt arkiv i utvikling mot en egen profesjon» (s. 6). No, eit tiår seinare, kan det vere på sin plass å undersøke om denne utviklinga har halde fram.

Profesjonsbegrepet er ikkje eintydig, men blir vanlegvis brukt om yrkesgrupper som har ein eigen fagleg identitet, basert på ei felles utdanning som i det norske samfunnet ofte skjer på høgskolenivå. Nettsida til Senter for profesjonsstudier ved Høgskolen i Oslo og Akershus knyter begrepet til yrkesgrupper som er autonome og utøver sitt fag med utgangspunkt i  «en mer eller mindre eksklusiv fagkunnskap og en yrkesetikk». Profesjonane har gjerne også ein eksklusiv rett til yrkesutøving; denne kan vere lovbestemt eller de facto, og hindrar folk utan fagutdanning å arbeide i bestemte yrke.

Målt etter desse kriteria er kanskje ikkje arkivaryrket nokon profesjon, verken i forvaltninga eller arkivinstitusjonane. Dette har historiske årsaker, som eg ikkje skal gå nærare inn på i dette innlegget (men interesserte kan lese artikkelen «Mellom praksis og teori», lenke til venstre). Tradisjonelt var arkivaryrket knytt til depotinstitusjonane, som vanlegvis rekrutterte menneske med «historie i fagkrinsen» og gav desse meir eller mindre arkivfagleg opplæring etter at dei var tilsett.  Dei siste tiåra har vi sett ei tilsvarande utvikling i arkivdanninga, der særleg NA og dei interkommunale arkiva har bidratt til å utvikle kompetansen hos ei lang rekkje forvaltningsarkivarar. Men utøvinga av arkivaryrka er førebels ikkje reservert for folk med ei bestemt utdanning, og ikkje utan grunn: utdanningstilboda er nye; det er først dei siste to åra at Høgskolen i Oslo og Akershus har tilbydd ei profesjonsutdanning på bachelornivå for arkivarar. På sikt kan kanskje denne – saman med andre utdanningstilbod – bidra til at det blir etablert ein arkivarprofesjon som kan gjere krav på sitt eige faglege domene.

Og det trengst. I si lisensiatavhandling (som enkelt sagt tilsvarar 2/3 PhD) «Professional Challenges in Recordkeeping in Sweden» behandlar Maria Kallberg dei utfordringane som e-forvaltninga fører med seg på arkivfeltet. Ho dokumenterer at dei fleste spesialiserte «business systems» – fagsystem – som blir tatt i bruk i svenske kommunar er utan nokon langsiktig arkivfunksjon, og at kommunearkivarane i svært liten grad blir involvert når slike system skal takast i bruk. Ho viser at denne praksisen kan få skadelege samfunnsmessige følgjer, føre til informasjonstap og redusere borgarane sin rett til innsyn i forvaltninga si verksemd.

Kva kan arkivar gjere for å snu ei slik utvikling? Kallberg sitt svar er dei må vere proaktive og handle strategisk. Svenske kommunearkivarar har ofte fullmakter som gir dei ein kontrollfunksjon i arkivdanninga, men å kunne utøve denne krev kompetanse som arkivaren kanskje manglar, t.d. på IKT og elektroniske system.  Men slike manglar kan løysast gjennom utdanningstilbod som gjer arkivarar kompetente til å møte e-forvaltningas utfordingar gjennom heile arkivkontinuiteten .

Kallberg si avhandling er understrekar også samanhengane mellom profesjonsutdanning og forsking. Ein profesjon som byggjer på ei vitskapleg basert utdanning vil utvikle ein sterk fagleg identitet, som blir «produced and reproduced through a shared and common educational background and professional training, work practice and membership in professional associations» (s. 10). Dette vil også kunne føre til at profesjonen styrkjer sin posisjon på arbeidsmarknaden, slik at den etter kvart kan gjere krav på eksklusiv rett til å utøve bestemte arbeidsoppgåver.

Vi har nok ein veg å gå før arkivarprofesjonen kan framstå med ei slik makt. I mellomtida blir Maria Kallberg å høyre på Norsk Arkivråds seminar i Bergen 26.-27. mars, sjå http://www.arkivrad.no/public.aspx?pageid=80350 for meir informasjon.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: