Home

E-postfella

februar 20, 2012

Det måtte jo skje igjen, og denne gongen er det SVs påtroppande leiar som er fanga i e-postfella: Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet har latt vere å journalføre e-postkorrespondanse med Sosialistisk Ungdom i den mykje omskrivne saka om tildeling av departementale midlar til sjølvforsvarskurs for jenter. Og sjølv om det er statssekretærane Henriette Westhrin og Kirsti Baugstø som er dei utøvande syndarane, står Audun Lysbakken som statsråd ansvarleg for deira handlingar. Og Frps Anders Anundsen er deeply shocked og kallar «journalføring i ettertid» for  «bananrepublikkpraksis». Ironien i denne saka er at sist ein politikar kom i riksmedia sitt søkelys for manglande journalføring av e-post, heitte syndaren Sylvi Listhaug og var byråd for Frp i Oslo kommune og den som gjekk hardast ut i kritikken av henne var Ivar Johansen, bystyremedlem frå SV.

Sann mine ord: dette er ikkje siste gongen ein politikar går i e-postfella. Det kjem til å skje igjen, ikkje nødvendigvis fordi politikarar (eller byråkratar) ønskjer å halde ting skjult, men fordi kommunikasjonsteknologien har flytta store delar av den uformelle kommunikasjonen frå det munnlege til det skriftlege domenet. Tidlegare heitte det at nokon hadde «snakka saman» når noko var bestemt. Det gjer jo folk framleis, men i dag har sms og e-post langt på veg erstatta telefonsamtalen som kommunikasjonsmåte. I staden for å ringe og ikkje få svar, sender vi sms eller e-post. Men dette inneber at slike ytringar blir arkiv, dei blir lagra og kontekstualisert i dei aktuelle systema og kan hentast fram og brukast i ettertid.

Dersom SU-leiar Mali Steiro Tronsmoen hadde ringt Henriette Westhrin og sagt: «Nå som SV har inntatt BLD lurer vi på om noen av dere som sitter der har mulighet for å gå nøye igjennom hvilke muligheter som kan finnes for å få finansiert et slikt prosjekt» (om sjølvforsvarskurs for jenter), så vi hadde vi neppe fått vite om det. Men ho skreiv ein e-post og dermed var det det gjort: Ytringa var arkivert i e-postsystemet, og sjølv om den i forma kan synest personleg (Tronsmoen hadde aldri ordlagt seg slik i eit brev på papir!) så er den innhaldsmessig utan tvil eit dokument som skal journalførast.

Vi som er borgarar i eit demokrati har all mogleg grunn til å helse den nye kommunikasjonsteknologien velkomen. Den har gjort det mogleg for oss å få innsyn i større delar av dei politiske og administrative prosessane; vi får vite meir om kva makthavarar på ymse nivå har «snakka saman» om og det blir lettare å avsløre maktmisbruk. Og det er berre bra.

Politikarar og administrasjon i stat og kommune må på si side lære seg å opptre ryddig i bruken av e-post og sms: når slike er saksdokument skal dei journalførast og arkiverast i dei «offisielle» arkiva. Og sjølv om Audun Lysbakken ikkje lenger reknar seg som marxist, kan det vere grunn til å minne om Karl Marx sine ord: Når historia gjentar seg, skjer det første som tragedie og neste gong som farse…

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: