Home

E-postfella, del 2

februar 29, 2012

Så small det igjen. Den som sit i fella denne gongen er informasjonsdirektør Eva Hille i Bergen kommune. I følgje Bergens Tidende 29.02.12 har ho inngått avtale med to forskarar ved Universitetet i Bergen om ei undersøking av dei tilsette si oppleving av openheita(!) i kommunen. Ei side ved saka er at avtalen vart inngått utan nokon form for utlysing, og utan at administrasjonen ved instituttet der dei to forskarane arbeider var involvert. Betalinga for oppdraget, kr. 180.000, skal ha blitt overført til ein av forskarane sin bankkonto.

Den andre sida ved saka er at korrespondansen om avtalen vart ført via e-post  som ikkje vart journalført.

Hille seier i ein sms til BT at ho ikkje var klar over «at all e-postkorrespondanse som ledd i saksbehandling skulle journalføres i offentlig postjournal». Og dette er kanskje det verste: At informasjonsdirektøren i landets nest største kommune ikkje kjenner regelverket for offentlegheit og innsyn.

Advertisements

One Response to “E-postfella, del 2”

  1. Rune Says:

    Uventa at det smalt på sjølvaste skuddårsdagen er det vel eigentlig ikkje når det er reine nyttårskvelden rundt omkring over det ganske offentlege land resten av året.


Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: