Home

Margnotat til Arkivmeldinga, del 1

januar 21, 2013

I vel eit tiår argumenterte aktørar i arkivmiljøet for ei arkivutredning. Det mange såg for seg var ei offentleg utredning, eit produkt av ei gruppe menneske som representerte dei ulike arkivmiljøa (dvs statlege, kommunale og private arkivinstitusjonar og arkivdanninga), ulike brukarinteresser og andre «stakeholders». Ei slik utredning kunne ta utgangspunkt i dei store utfordringane som arkiva står overfor ved inngangen til det nye tusenåret og peike på gode (og gjerne alternative) løysingar på desse. Ei slik utredning fekk vi ikkje. 

I staden fekk vi ei stortingsmelding, skriven av departementale byråkratar og prega av det kulturdepartementale utsynet over arkivlandskapet. Resultatet er deretter. Som eg har frykta sidan det vart kjent at utredninga vart til ei stortingsmelding, konsentrerer Meld.St.7 seg om dei utfordringane som kan observerast frå kontorvindauga i Akersgata og ender opp med forslag til tiltak som på den eine sida manglar svar på dei mest kritiske arkivrelaterte utfordringane i dagens samfunn og på den andre sida – dersom dei blir gjennomført – vil sementere dei eksisterande organisasjons- og maktstrukturane i arkivlandskapet.

Etter mi meining vil korkje arkiva, arkivarane eller samfunnet vere tent med dette. 

Som tekst er store delar av meldinga prega av slapt språk, upresis begrepsbruk (og ein del udokumenterte påstandar om arkival prakis her og der som truleg skal fungere som empirisk grunnlag for drøftinga). Dette har truleg samanheng med at dei departementale forfattarane har mangla den nødvendige faglege innsikta som trengst for å skrive ei utredning om arkiv. Eg skal i nye innlegg dei komande vekene kommentere ulike delar av meldinga; litt seint, kanskje, men eg har vore nøydd til å prioritere arbeid av den sorten som eg får betalt for.

   

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: