Home

Margnotat til Arkivmeldinga, del 3

januar 25, 2013

Det kan knapt kallast ein sensasjon at Arkivmeldinga avviser Nysæterutvalet sitt framlegg om å etablere nye regionarkiv med bevaringsansvar for statleg, kommunalt og privat arkivmateriale og vegleiingsansvar for arkivdanning hos offentlege arkivskaparar i regionen. Men departementets argumentasjon er heller svak.

På s. 94 argumenterer forfattarane for at «den nære tilknytinga arkiva har til opphavssituasjonen» må bevarast. Dei skriv vidare at arkivinformasjon ikkje kan «forståast på korrekt måte utan informasjon om den konteksten dei har utvikla seg i». Desse synspunkta vil truleg alle arkivarar vere samde i (kanskje med atterhald for bruken av adjektivet «korrekt», etter som mange arkivdokument er opne for ulike tolkingar sjølv om den administrative konsteksten er dokumentert). Men når departementet brukar bevaring av «opphavssituasjonen» som eit argument for å oppretthalde dagens sektordelte arkivlandskap, er dette heilt utan grunnlag i arkivfagleg teori eller praksis.

For det første: Arkivarar har i meir enn hundre år dokumentert «opphavssituasjonen», dvs. arkivas proveniens og opphavlege orden, gjennom å beskrive og oppbevare arkiva slik dei vart skapt – i samsvar med arkivfagleg teori og metodologi. Ved å følgje desse arkivfaglege prinsippa har arkivarane tatt vare på autentisiteten, integriteten og tilgjengelegheita til arkiva, heilt uavhengig av bevaringsinstitusjonane si forvaltningstilknyting.

For det andre: Departementet understrekar at det må vere eit statleg ansvar å ta vare på statlege arkiv og eit kommunalt ansvar å ta vare på kommunale arkiv. Men eit slikt ansvar treng ikkje å bli utøvd gjennom sektoravgrensa institusjonar. Hovudsaka må vere at dei ansvarlege sørgjer for finansieringa av arkivbevaringsfunksjonane.

For det tredje: Som eg skreiv i del to av desse margnotata, har dei elektroniske verktøya ført til at det i dag blir skapt arkiv som har sektorovergripande organisatoriske proveniensar, fordi statlege, kommunale og private aktørar samhandlar om utøvinga av visse samfunnsmessige funksjonar. Slike funksjonsbaserte arkiv må – som andre arkiv – bevarast som separate einingar; dei kan ikkje delast opp utan at tap av autentisitet og integritet. Kven skal så ha ansvaret for å bevare eit arkiv med både statleg og kommunal proveniens? Det er liten tvil om at utviklinga av arkivdanninga i retning av funksjonsbaserte sektorovergripande system i seg sjølv er eit argument for Nysæterutvalets regionarkiv.

For det fjerde: Bevaringa av privatarkiv (som eg skal kome tilbake til i eit anna notat) kan utan tvil løysast betre innanfor ein regionarkivmodell enn i dagens fragmenterte arkivlandskap.

Men departementet vil ikkje gå inn i Nysæterutvalets framlegg og drøfte korleis det kunne setjast ut ilivet. Det vil ikkje gi frå seg makta over Arkivverket. Det er synd, særleg med tanke på arkivsektoren sjølv og ikkje minst for noverande og framtidige arkivbrukarar. Ei større fristilling frå statleg og kommunal forvaltning vil kunne demokratisere arkivinstitusjonane, både når det gjeld rammevilkår og samfunnsoppdrag. Endringar i dei institusjonelle føresetnadene vil på sikt også kunne bidra til endra bedriftskulturar,  både gjennom breiare og meir differensiert samfunnskontakt og fordi arkivbestanden blir eit meir heilskapleg uttrykk for den samfunnsmessige arkivskapinga. Og  dette ville vere eit godt utgangspunkt ei god og effektiv oppgåveløysing og ikkje minst gi publikum breiare og betre tilgang til arkiva.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: