Home

Margnotat til Arkivmeldinga, del 4

januar 28, 2013

I meir enn 200 år har det vore strid om hovudformålet med dei offentlege arkiva: skal dei først og fremst vere eit administrativt eller eit demokratisk verktøy? Striden starta med opplysningstidas filosofar, i  første rekkje Rousseau og Voltaire. Rousseau meinte at statsmakta var utgått frå folket, og difor måtte folket ha rett til velje sine leiarar og kontrollere handlingane deira. Voltaire slo på side side fast at retten til å kritisere makthavarane føresette ein rett til kunnskap om makta sine handlingar, og dette er grunngivinga for offentlegprinsippet i forvaltninga.

I Sverige har offentlegprinsippet, dvs at alle borgarar har rett til å sjå offentlege saksdokument, røter tilbake til Tryckfrihetsförordningen frå 1766. I Noreg vart eit framlegg om alminneleg offentlegheit i forvaltninga tatt opp i Stortinget i 1845, men vart avvist med ein argumentasjon om at «Statsadministrasjonen tiltrænger, som enhver anden menneskelig Idræt, en viss grad av Ro og Uavhængighed, hvis den skal kunne virke paa en forsvarlig Maade». Ein liknade argumentasjon var brukt då Forvaltningskomiteen i 1958 la fram forslag til forvaltningslov, med eit eige kapittel om offentlegheit som det var dissens om i komiteen. Motstanden mot offentligheit kom frå representantane frå statsbyråkratiet, som meinte at dette ville bli kostbart og dessutan forsinke saksbehandlinga. . I 2010 brukte Kulturdepartementet den same argumentasjonen mot journalføring av innsynskrav og sms-meldingar i eit framlegg til endringar i forskrift om offentlege arkiv; dette ville bli for kostbart og går ut over andre oppgåver (sjå Bould og Valderhaugs artikkel «Kulturdepartementets forslag til endringer i arkivforskriften må avvises» i http://www.tidskriftetarkiv.no). Og som ikkje dette er nok: hausten 2012 kunne vi m.a. i Aftenposten lese departementale klager over at talet på innsynskrav hadde auka så sterkt etter etableringa av Offentleg elektronisk postjournal. På denne bakgrunnen er det neppe urimeleg å slå fast at statsbyråkratiet korkje har vore eller er mellom dei fremste tilhengarane av offentlegheit i forvaltninga.

Arkivmeldinga legg heller ikkje særleg vekt på dette spørsmålet; offentlegprinsippet blir rutinemessig behandla i samband med gjennomgangen av det arkivrelevante lovverket, men kapitlet om utfordringar og strategiar inneheld ingen drøfting av dei dagsaktuelle utfordringane knytta til praktiseringa av offentlegheit – og hemmeleghald – i dagens digitale omgjevnad. Eg har drøfta nokre av desse i artikkelen «Arkivaren og det hemmelege» som er trykt i det siste nummeret av Arkivråd og skal berre kort nemne nokre hovudpong her:

  • den digitale teknologien har utvida rammene for kva som som kan arkiverast: før var det slik at «nokon snakka saman», i dag sender folk sms og epost, dvs informasjon som innhaldsmessig og kontekstuelt er de facto arkiv
  • når slik informasjon er saksrelevant, skal den i følgje lovverket journalførast og arkiverast og  (med mindre den inneheld opplysningar underlagt teieplikt) gjerast tilgjengeleg  for offentleg innsyn
  • den nye teknologien har samstundes – i prinsippet og dels i praksis – gjort det lettare for borgarane å få innsyn i forvaltninga si verksemd
  • dei siste fem-seks åra har Wikileaks og andre nettstader for «whistleblowing» etablert kanalar for anonym varsling av kritikkverdige forhold generelt og ulovleg hemmeleghald spesielt
  • samtidig har utviklinga av store digitale arkiv som er tilgjengelege for svært mange medarbeidarar i offentleg forvaltning (eller privat verksemd) i praksis auka faren for ulovelege lekkasjar
  • dette har – i alle fall i nokre dokumenterte tilfelle – ført til ein tendens til at drøftingar i styrande organ ikkje blir nedteikna, nettopp pga faren for lekkasjar.

Denne utviklinga har på fleire vis utfordra den etablerte samhandlinga mellom staten og samfunnet, der storting, regjering, organisasjonane, media og offentlegheita samhandlar innanfor etablerte maktstrukturar der aktørane har bestemte roller og ramme og halde seg til. Wikileaks sine avsløringar har rokka ved ein av føresetnadene for det liberale demokratiet, nemleg konsensusen om at det finst visse til som må haldast hemmeleg (sjølv det alltid vil vere strid om grensene for hemmeleghaldet).

Det er ein vesentleg veikskap ved Arkivmeldinga at desse spørsmåla ikkje blir behandla. Ein kan spekulere om årsakene til at det er slik; personleg trur eg det departementale perspektivet i stor grad er begrensa av formålsparagrafen i arkivlova. Den seier som kjent at formålet med lova er å «tryggja arkiv som har monaleg kulturelt eller forskingsmessig verde eller som inneheld viktig forvaltningsmessig dokumenasjon, slik at desse kan verta tekne vare på og gjorde tilgjenglege for ettertida». Det vår arkivlov manglar, men som er det første formålet i den svenske arkiva lova, er at forvaltninga sine arkiv «skall bevaras, hållas ordnade och vårdas så att de tillgodoser 1. rätten att ta del av allmänna handlingar…»

Kanskje det er på tide å få offentlegprinsippet inn i formålsparagrafen i den norske arkivlova?

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: