Home

Margnotat til Arkivmeldinga, del 5

januar 30, 2013

I avslutningskapitlet i Fotnote eller tekst? Arkiv og arkivarar i det 21. hundreåret skriv eg dette om den statlege arkivpolitikken:

Konsekvensen av dette er at statsbudsjettet, det viktigaste politiske verkemiddelet ein har, i praksis berre behandlar statlege arkivutfordringar og berre løyver pengar det statlege Arkivverket. Vi har altså ikkje nokon nasjonal arkivpolitikk for samfunnets arkiv, men ein politikk for den statlege arkivsektoren.

Denne politikken inneber at det arkivale demokratiet, i tydinga retten til å bli ein del av samfunnets arkiv, i praksis berre omfattar offentleg sektor og særleg statsforvaltninga. Dei arkiva som blir bevart og gjort tilgjengeleg er i første rekkje statsmaktas arkiv, skapt av og for dei institusjonane som styrer samfunnet. Trass i store framgangar dei siste tretti åra, har arkivbevaringa i kommunal sektor framleis dårlegare rammevilkår enn i staten. Riksrevisjonens undersøking av arbeidet med bevaring og tilgjengeleggjering av kommunale arkiv (Riksrevisjonen 2009) dokumenterer at Kulturdepartementet har neglisjert dette området sidan arkivlova trådde i kraft. Årsakene til dette kan vere fleire, men det må vere openbart at ein i departementet manglar eit heilskapleg syn på samfunnets arkiv (s. 212).

Etter å ha lese Arkivmeldinga, ser eg ingen grunn til å endre oppfatning om dette.

Meldinga vidarefører den forvaltningsorienterte arkivpolitikken. Sjølv om forfattarane brukar omgrepet «samfunnsdokumentasjon» 15 gongar og skriv om behovet for å bevare statlege, kommunale og private arkiv som delar av ein slik samfunnsdokumentasjon, blir ikkje dette følgd opp; hovudærendet er dei statlege arkiva – med vekta trygt på bevaringssida. Dei kommunale arkivutfordringane blir behandla ganske så overflatisk, men på privatarkivområdet varslar departementet ein «ny strategi»:

Departementet legg til grunn at Riksarkivaren med utgangspunkt i ansvaret han er tildelt etter arkivlova, konkretiserer nivået for bevaring av privatarkiv i Noreg. Ramma for denne konkretiseringa er at arkiv frå privat sektor skal vere tilfredsstillande representerte i ein samla samfunnsdokumentasjon. Konkretiseringa av nivået bør skje i samspel med andre viktige aktørar på arkivområdet, både organisasjonar og institusjonar. På dette grunnlaget bør Riksarkivaren utarbeide ein ny strategi for privatarkivarbeidet i Noreg. Strategien bør basere seg på eit breitt samarbeid over heile arkivområdet – inkludert å utnytte dei vilkåra som ligg føre for eit samspel med aktørar i privat sektor. Utgangspunktet for departementet er at staten skal ha ei sentral rolle som pådrivar og koordinator i arbeidet med privatarkiva, samstundes som ein utnyttar dei vilkåra for bevaring og tilgjengeleggjering som ligg i Arkivverket. For å få handteringa av privatarkiv opp på eit tilfredsstillande nivå, trengst det eit breitt samspel, mellom anna med aktørar i privat sektor (s. 87).

Og dette «samspelet» kan jo  høyrest forlokkande ut, men det som avgjer om fagre mål kan bli realitetar er kva verkemiddel som er tilgjengelege. Korleis skal staten utøve si sentrale rolle «som pådrivar og koordinator i arbeidet med privatarkiva»? Meldinga gir desse svara:

  • «Offentlege arkivinstansar» må påverke private arkivskaparar til å bevare sine eigne arkiv
  • Det regionale nettverket av koordierande institusjonar må utnyttast betre
  • Departementet skal «sjå på» om lovregelen om særskilt bevaringsverdige privatarkiv «bør få eit vidare virkeområde»
  • Departementet vil vurdere om Riksarkivarens koordineringsansvar skal formulerast tydelegare i arkivlova
  • Støtteordninga for privatarkiv skal rettast «inn mot museumsfagleg relevante arkivprosjekt»

Meldinga foreslår altså at det viktigaste verkemiddelet som finst i dag – støtteordninga for privatarkiv – skal ikkje lenger vere tilgjengeleg for arkivinstitusjonane. Konsekvensen av dette vil vere eit stort tilbakesteg for privatarkivarbeidet generelt. Ein rask gjennomgang av tildelingane dei siste åra viser at støtteordninga har vore ein viktig ressurs for arkivsektoren: i år mottok  arkivinstitusjonar meir enn 1,5 mill. kroner, nokre hundre tusen meir enn «museumsfagleg relevante arkivprosjekt». Dersom desse ressursane blir borte, er det liten tvil om at privatarkivarbeidet vil stagnere.

Målet om at «arkiv frå privat sektor skal vere tilfredsstillande representerte i ein samla samfunnsdokumentasjon» kjem ikkje til å bli nådd med dei tiltaka Arkivmeldiga foreslår.

 

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: