Home

Margnotat til Arkivmeldinga, del 6

januar 31, 2013

For 13 år sidan vart Stortingsmelding 22 (1999-2000) – ABM-meldinga –  kritisert av eit samla kommunalt arkivmiljø for å neglisjere dei ikkje-statlege arkiva. Eg var den gongen leiar for IKA Hordaland og ein av kritikarane som peika på at meldinga knapt nok nemnde dei kommunale og fylkeskommunale arkiva og dei gode resultata desse institusjonane hadde oppnådd på 1990-talet. Denne overfokuseringa på det statlege Arkivverket førte til at m.a. til at kommunar og fylkeskommunar fekk uklare politiske signal om viktigheita av å satse på arkiva. Denne kritikken var openbart relevant. Den vart bekrefta av Riksrevisjonens rapport om dei kommunale arkiva, som dokumenterte Kulturdepartementets neglisjering av kommunale arkivspørsmål og dei følgjene dette hadde fått.

Men ABM-meldinga introduserte samtidig eit overordna tverrsektorielt  perspektiv på verksemda til arkiv, bibliotek og museum som skulle få svært positive følgjer for utviklinga av arkivinstitusjonane. Dette perspektivet sette brukaren av arkiva (og bibliotek og museum) i sentrum. Formålet var demokratisering av tilgangen til kulturarvressursane, det eg har kalla ei postmoderne form for folkeopplysning: enkeltmenneska har rett til kunnskap og informasjon som kan gjere dei til aktive deltakarar i samfunnet. Dette var grunnleggjande i det vi kan kalle ABM-tenkinga, og verkemidla for å kunne realisere det var dels å gi enkel tilgang til «kunnskap og opplevingar», dels å utvikle aktive formidlingstiltak i institusjonane. ABM-tekninga var også maktkritisk; den sette fokus på å synleggjere dei delane av smfunnet som hadde vore marginalisert og usynleggjort, samtidig som den tverrsektorielle tilnærminga utfordra dei eksisterande maktstrukturane i institusjonslandskapa.

Etableringa av ABM-utvikling i 2003 førte til at arkivinstitusjonane for første gong fekk tilgang til frie utviklings- og prosjektmiddel. I løpet av dei siste ti åra har det blitt løyvd mange millionar kroner til ulike arkivtiltak. Desse løyvingane har vore avgjerande for utviklinga av fellestenester som ASTA 5 og Arkivportalen og samtidig har ei rekkje arkivinstitusjonar fått utvikla sine tenester og kompetanse gjennom enkeltprosjekt.

Men ABM-utvikling var samtidig under press. Eg var avdelingsdirektør med ansvar for arkiv 2003-06 og veit av eiga erfaring at leiarane for dei etablerte nasjonale institusjonane ikkje berre var positive til den nye aktøren. Det vart ein kamp om makt og revir, og i dag veit vi kven som har sigra. Når riksarkivar Ivar Fonnes konstaterer at «Arkivmeldingen gir Riksarkivaren et tydeligere og sterkere mandat for å utforme og iverksette denne [nye statlege arkivpolitiske] strategien», er dette eit tydeleg teikn på at ABM-eksperimentet no skal vere historie. Det same er forslaget i meldinga om at støtteordninga for privatarkiv skal vere reservert for musea.

Det er med eit visst vemod at eg avsluttar desse margnotata til Arkivmeldinga, fordi den så klart signaliserer eit regimeskifte for  arkivlandskapet. Det kreative arkivfaglege miljøet som vart bygd opp i ABM-utvikling (og overført til Kulturrådet) skal no (stort sett) berre musea nyte godt av. Dei økonomiske ressursane som har vore tilgjengelege for fagleg utvikling og nytenking vil i beste fall bli redusert.

På den andre sida: Det ikkje-statlege institusjonsmiljøet som no kritiserer Arkivmeldinga er vesentlege sterkare enn det miljøet eg var ein del av for 13 år sida. Samtidig viser Norsk Arkivråd eit sterkt og høglytt engasjement med sin kritikk av meldinga si neglisjering av arkivdanningspørsmåla. Det gir meg eit visst håp om at stortingsbehandlinga av meldinga ikkje berre blir plankekøyring.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: