Home

Nasjonale klenodie

august 20, 2013

Aftenposten har sett søkelyset på situasjonen for arkivmateriale frå den statlege interneringsleiren for dei som vart kalla tyskarjenter på Hovedøya i 1945. Arkivet er etter Adolf Hals, som var fullmektig ved leiren, og skal innehalde dokumentasjon av ufrivillige intelligenstestar, sterilisering, kjønnssjukdomar og heimstaden til fleire hundre jenter, i følgje avisa (sjå http://www.aftenposten.no/kultur/Far-ikke-innsyn-i-tyskerjentenes-historie-7282455.html#.UhMlppJM9sk).

Det som har aktualisert saka, er at filmskaparen Lena-Christin Kalle har blitt nekta innsyn i dokumentasjonen av dei arkiveigarane, som er etterkomarar av Adolf Hals. Aftenposten har intervjua riksarkivar Ivar Fonnes om saka, som seier at det er arkiveigaren som avgjer spørsmål om innsyn i private arkiv. Avisa viser deretter til bestemmelsane i arkivlova om særskilt verneverdige privatarkiv. Desse finst i § 13, 15 17 og 18, og Riksarkivaren kan med denne heimelen registrere visse privatarkiv som særskilt verneverdige. Slike arkiv kan ikkje delast opp, førast ut av landet eller øydeleggast utan løyve frå Riksarkivaren. Dersom slike ting blir planlagt, skal arkiveigaren skal informere Riksarkivaren som då kan krevje å få kopiere arkivet. Til Aftenposten seier Fonnes

at han kan erklære et privat arkiv som særskilt verneverdig, men at det ikke er vurdert i dette tilfellet. – Det skal være veldig spesielt, nærmest et nasjonalt klenodie med fare for at det kan gå tapt for at man gjør det, sier han. Bare ett privatarkiv har tidligere blitt kopiert på slikt grunnlag, nemlig Nasjonal Samlings protokoller fra 1934-45, forteller Fonnes.

Eg må innrømme at tanken gjekk til Henrik Wergelands Archiv-vise då eg las dette: Deraf roder /han klenoder/ for sit Norge frem /Æressagn han henter /frem af Pergamenter… No trur eg ikkje at Ivar Fonnes deler Wergelands syn på kva som kan vere nasjonale arkivklenodie, men nettopp difor etterlyser eg informasjon om dei kriteria Riksarkivaren brukar for å vurdere om privatarkiv er særskilt verneverdige.

Og eg vil hevde at dette arkivet – dersom framstillinga i Aftenposten er nokolunde rett – absolutt bør vurderast som særskilt verneverdig. Det ser ut til å innehalde ein allsidig dokumentasjon av ein av dei største skamplettane i nyare norsk historie, behandlinga av dei som vart kalla tyskarjenter. Dette må ikkje gløymast.

Nettopp dette gjer at arkivet etter Adolf Hals kan vere eit nasjonalt klenodie som må bevarast for framtida.  

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: