Home

Departementale påhitt

oktober 8, 2013

Sjølv om eg er arkivlærar, har eg ikkje heilt gitt meg som praktiserande arkivar. Det siste året har eg såleis hatt ein liten finger med i arbeidet med å ordne og beskrive arkivet etter A M Liaaen i Ålesund. Arkivet dokumenterer verksemda frå slutten av 1800-talet og fram til i dag, som skipsverft, innovativ utviklar av vripropellar og overgangen til eigedomsforvaltning etter at produksjonen vart avslutta. Arkivet er relativt stort – nær 200 hyllemeter – og komplisert, fordi det i detalj dokumenterer alle sider ved prosjektering og bygging av skip, propellar og ulike tekniske installasjonar. Arbeidet blir gjennomført i regi av IKA Møre og Romsdal og er finansiert av A M Liaaen.

Å ordne og beskrive eit slikt arkiv er fagleg utfordrande. Arkivet er skapt som dokumentasjon av arbeidsprosessane i bedrifta og arkivbeskrivinga skal vise korleis dei ulike aktivitetane og handlingane vart dokumenterte i ulike arkivdelar og – ikkje minst – samanhengen mellom desse arkivdelane. Eit slikt arbeid krev høg fagleg kompetanse; ein må evne å sjå verksemda som heilskap og analyse dei funksjonane, aktivitetane og handlingane som skapte arkivet. Og i motsetning til offentleg sektor der like forvaltningseiningar har relativt like arkiv på grunn av lovbestemte krav, er dette i liten grad tilfelle for privat sektor. Arbeidet med å bevare, ordne og beskrive privatarkiv er difor generelt meir krevjande enn for offentlege arkiv. Det krev høg arkivfagleg kompetanse, og denne finst – sjølvsagt – i arkivinstitusjonane.

Dette syner galskapen i det som no skjer, når Norsk Kulturråd følgjer opp stortingsbehandlinga av arkivmeldinga, avviklar støtteordninga for privatarkiv og lyser den ut som ei rein museumsordning. Eg har skrive om dette i det femte margnotatet til arkivmeldinga (depotdrengen 30.01.13) og skal ikkje ta opp att argumentasjonen her. Poenget er at dei institusjonane som har den faglege kompetansen som trengst for å bevare privatarkiv som del av «en mer helhetlig samfunnsdokumentasjon» blir nekta økonomisk støtte til dette arbeidet. Følgja er at samfunnsdokumentasjonen blir mindre «helhetlig».

Så kva arkivinstitusjonane gjere? Eit alternativ er å resignere, men det kan berre vidareføre status quo. Eit anna er å inngå samarbeid med eit museum, slik at museet søkjer om pengar og arkivinstitusjonen gjer arbeidet og får betalt for det. Det kan truleg berge nokre privatarkiv og bidra til ein meir heilskapleg samfunnsdokumentasjon, men vil heller ikkje endre status quo. Men vi kan ikkje la eit tilfeldig departementalt påhitt bli ståande.   Det tredje alternative t er å søkje støtte – som arkivinstitusjon –, få avslag, klage på avslaget, få klagen avvist, for så å løfte den opp på politisk nivå og arbeide målretta for ei endring. Og i ein slik strategi må arkivorganisasjonane spele ei aktiv koordinerande rolle.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: