Home

Skal arkiv lønne seg? Nei!

mai 20, 2014

Avtroppande riksarkivar Ivar Fonnes skriv godt i Aftenposten i dag (http://www.aftenposten.no/meninger/debatt/article7572372.ece#.U3shyfl_tK0 ) om faren for offentleg demens. Temaet er viktig og alvorleg, og han overdriv neppe i sine åtvaringar. Men eg reagerer når han skriv at nye tiltak for å bevare statlege og kommunale elektroniske arkiv «vil betale seg etter forholdsvis kort tid». Rett nok vil godt registrerte og tilgjengelege arkiv vere ein gevinst i den løpande administrasjonen av eit forvaltningsorgan, men berre for ei kort stund. Når arkiva går ut av administrativ bruk har dei ikkje lenger nokon verdi som kan målast i pengar.

Arkivarar kan ikkje grunngi sitt samfunnsoppdrag med økonomiske argument. David Bearman viste for 20 år sidan at ei kostnad-nyttebasert grunngjeving for bevaring og kassasjon ikkje kan vere gyldig, då ha konstaterte at begge sider av likninga er ukjende: den eine sida av likninga (verdien av det bevarte materialet) ikkje lar seg rekne ut og den andre (kostnad ved permanent bevaring) er uendeleg. For arkiv akkumulerer, noko som fører til at bevaringskostnadene aukar. Og – dette veit vi så vel – det er berre ein liten del av dei bevarte arkiva som faktisk blir brukt.

Så vi må finne andre argument for at vi skal gjere ein innsats for dei elektroniske arkiva i offentleg forvaltning, og meir enn det: bevare ein langt større del av dei private arkiva. Og desse finn vi neppe i dei rådande diskursane i politikk og forvaltning i dag; new public management og likande tilnærmingar kan ikkje gjelde for ei verksemd som har den sekulære evigheita som tidshorisont.

Arkiv gir eit samfunn kontinuitet. Det er – som Brien Bothman har peika på – eit bindeledd mellom dei døde og dei ufødde; vi byggjer relasjonar til tidlegare generasjonar gjennom å bruke arkiva, og vi etterlet oss arkiv slik at komande generasjonar kan etablere relasjonar til oss. Brothman diskuterer også arkivbevaring som ei gåve, men ulikt dei gåvene vi gir til slekt og vener, handlar arkiv om gåver som blir gitt i tid, og ikkje i rom. Han meiner at arkivinstitusjonane ikkje er noko verd, dersom dei ikkje først og fremst lekamleggjer samfunnets timelege inkludering, og bidrar til openheit til døde og ufødde generasjonar. I dette perspektivet er eldre arkiv gåver til oss frå dei døde, og dei arkiva som vi skaper i dag, gåver frå oss til dei ufødde.

Det fine med ei gåve er at du ikkje veit om mottakaren vil setje pris på den, eller kva den kjem til å bli brukt til. Akkurat som dei arkiva vi skal etterlate oss.

Kjelder

David Bearman: Archival Strategies, American Archivist vol. 58, 1994
Brien Brothman: Perfect present, perfect gift: finding a place for archival consciousness in social theory. Archival Science 2010, nr. 2

Advertisements

3 Responses to “Skal arkiv lønne seg? Nei!”

  1. Ragnar Sturtzel Says:

    Ivars hovedpoeng var ikke lønnsomheten, men hvilken historie våre etterkommere de neste 200 årene skulle ha.

    Men Ivar har et poeng også i forhold til økonomi. Uten tilgang til historien må man gjøre samme vurderinger gang på gang. Dessuten risikerer man å tape rettssaker fordi man ikke kan dokumentere at man har gjort det man skulle.

  2. depotdrengen Says:

    Eg er samd med det du seier om Fonnes sitt hovudpoeng, men han skriv faktisk også – som eg siterer – at tiltak vil «betale seg» på kort sikt. No kunne vi sjølvsagt diskutere kva som ligg i «betale seg», men eg har tolka det slik at dette gjeld arkivskaparen. Og det kan det sjølvsagt gjere, i nokre sjeldne tilfelle: I løpet av mine 25 år som IKA-arkivar opplevde eg vel tre gonger at gjenfinning av dokument i eldre arkiv sparte kommunar for økonomiske utlegg, dvs. i tre av 33 kommunar. Så vi skal vere svært varsame med å bruke økonomiske argument for å styrke arkiva, både på kort og lang sikt.

    • Ragnar Sturtzel Says:

      Jeg tror ikke Ivar mente kroner og øre, heller at en innsats gir resultater raskt. Hele kapittelet går på hukommelsen og hvordan ta vare på den. Det er 2-3 setninger om «lønnsomhet» og en av dem er at det er billigere å gjøre det ordentlig i utgangspunktet enn å reparere i ettertid.


Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: