Home

Kjøp og sal av arkiv

november 25, 2014

Den 19. november kunne Sunnmørsposten fortelje at arkivet etter kvalstasjonen til Brødrene Sæbjørnsen i Steinshamn i Sandøy kommune var seld til Hvalfangstmuseet i Sandefjord av ein privat samlar (http://www.smp.no/pluss/article10363001.ece). Det er ikkje ofte at arkiv er salsvare her til lands, og denne handelen reiser nokre prinsipielle spørsmål som det er verd å kommentere.

Det aktuelle arkivet er eit privatarkiv. Bevaring av privatarkiv er regulert av Riksarkivarens retningsliner for arbeidet med privatarkiv, som er fastsett med heimel i § 14 i arkivlova og gjeld for offentlege institusjonar og private institusjonar som mottar offentleg støtte. Kvalfangstmuseet er ein del av Vestfoldmuseene, som er eit interkommunalt selskap som mottar driftstilskot over statsbudsjettet. Riksarkivarens retningsliner gjeld altså for kvalfangsmuseet.

Hovudprinsippet i desse retningslinene er at arbeidet med bevaring av privatarkiv «skal baseres på arbeidsdeling mellom samarbeidende depotinstitusjoner» (pkt.2.1.1). I pkt 2.1.2 blir dette følgd opp med å tilrå at «det blir inngått formelle avtaler om arbeidsdeling med andre depotinstitusjoner som arbeider innenfor samme sektor, geografiske område eller samfunnsområde…». Med dette som utgangspunkt er det etablert eit system der Riksarkivet skal koordinere bevaringsarbeidet på landsplan, medan det på fylkesnivå er peika ut institusjonar som skal koordinere arbeidet regionalt. I Vestfold er det Vestfoldarkivet – som er ein del av same interkommunale selskap som kvalfangstmuseet – som er koordinator. I Møre og Romsdal – der Sandøy kommune ligg – er det Interkommunalt arkiv i Møre og Romsdal (IKAMR) som har denne funksjonen.

At Brødrene Sæbjørnsens arkiv har si geografiske tilknyting til Steinhamn i Sandøy kommune er det ingen tvil om. Verksemda var ein del av lokalsamfunnet gjennom fleire tiår og sysselsette lokal arbeidskraft. Dette er argument som talar for at arkivet burde bevarast i Møre og Romsdal. På den andre sida: at verksemda var ein kvalstasjon kan tale for oppbevaring i Hvalfangstmuseet. Slike dilemma er ikkje uvanlege i privatarkivarbeidet, men dei blir som oftast handtert og løyst i tråd med føringane i Riksarkivarens retningsliner.

Det skjedde ikkje i dette tilfellet. I følgje Sunnmørsposten skjedde arkivkjøpet i forståing med lokale museum og fylkeskonservatoren i Møre og Romsdal, men desse instansane har faktisk ingen formell rolle eller kompetanse i privatarkivarbeidet. Men IKAMR, som har denne rolla og kompetansen, vart ikkje kontakta. Hvalfangstmuseet har altså handla på ein uryddig og lite profesjonell måte, som ikkje er til gagn for privatarkivarbeidet. Etter ti år med systematisk arbeid for å organisere privatarkivarbeidet på ein god måte, eit arbeid som også har involvert musea, hadde eg ærleg talt rekna med at vi hadde kome lenger.

Ei anna sak er sjølve handelen. Kjøp og sal av arkiv er heldigvis svært, svært uvanleg i norsk samanheng. Vi ønskjer ikkje «amerikanske tilstandar» der det er pengane som avgjer om og kvar eit arkiv skal bevarast, nettopp fordi slike tilstandar ville gjere det vanskelegare å få til eit systematisk og koordinert privatarkivarbeid.

Til slutt: Konservator Jan Erik Ringstad frå museet vil ikkje fortelje Sunnmørsposten kva kjøpesummen var, for museum uttalar seg «av prinsipp ikke om pengeverdier knyttet til kulturhistorisk materiale». Eg må innrømme at eg synest at denne grunngjevinga er noko søkt. Dette handlar ikkje om (penge)verdien til det aktuelle arkivet, men om bruk av offentlege middel. Og det bør samfunnet ha innsyn i.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: