Home

Kvifor kan ikkje arkivarane forsvinne?

mars 6, 2015

Innlegget mitt frå 3.03. har blitt lest og kommentert, og eg ser at det er behov for litt utfyllande argumentasjon. Det eg kommenterte handla jo berre om eitt spørsmål: i kva grad datamaskinane kan ta over. Mitt svar var at det kan dei berre i liten grad, og eg gjorde eit poeng av at datateknologien så langt faktisk har styrka arkivarane sin posisjon og status. Avslutningsvis refererte eg fem faktorar som i følgje den svenske rapporten motverkar datafisering av eit yrke, og hevda at alle desse er relevante for arkivarane.

Fire av desse handlar om sosiale relasjonar: evne til å forstå kvifor folk reagerer som dei gjer, til å forsone usemje, overtale folk til å endre synsmåtar og oppførsel, og å gi støtte og vise omsorg for andre menneske. Dette er eigenskapar som kan vere viktige i mange yrke, også i visse typar arkivarbeid. Det kan vere arkivleiaren i eit forvaltningsorgan, som skal fronte innføringa av eit nytt sak-/arkivsystem og må takle misnøye og motstand frå meir eller mindre grinete saksbehandlarar som helst vil bruke det dei er vane med (og tru meg, eg har høyrt mange historier om dette!). Men først og fremst er desse eigenskapane viktige for dei arkivarane som møter arkivbrukarane i all si mangfald. Mange av desse er ute etter dokumentasjon av si eiga fortid, som elev, klient eller pasient, og nokre kan ha det vanskeleg. Difor bør arkivaren vere i stand til å forstå og kommunisere med menneske i ulike livssituasjonar. Og i somme tilfelle må arkivaren hjelpe arkivbrukaren til å forstå innhaldet i eit dokument, eller forklare kvifor dokumentasjonen er mangelfull, og stundom inneheld termar og karakteristikkar som i dag kan vere uforståelege og verste fall sårande for den dei gjeld. Arkivaren skal vere i stand til forklare dokumentets kontekst.

Og her er vi ved den siste faktoren: originalitet, utlagd som evna til å kome med uvanlege og gode idear om eit emne eller situasjon eller å utvikle kreative måtar for å løyse problem. Underforstått: yrke der det er eit visst behov for nytenking og kreativ problemløysing er mindre utsette for datafisering enn andre. Og dette gjeld definitivt for arkivfaget, både i det papirbaserte og den digitale domenet.

Om du jobbar i ein arkivinstitusjon og skal finne fram ei opplysning for nokon, kan dette vere plankekøyring, men stundom vil det vere ei komplisert affære. Dels fordi den historiske landskapet som arkiva skal dokumentere har vore skiftande; ansvaret for ein institusjon eller saksfelt kan ha skifta forvaltningsnivå, administrative grenser kan ha blitt flytta, og lovverk og administrative prosedyrar likeeins. Dels fordi arkiva er selektive minne; dei kan vere mangelfulle fordi noko av ulike grunnar har gått tapt, eller dei visse typar informasjon kan vere skjult av arkivsystema (som generelt reflekterer arkivskaparens relevansoppfatning). Å orientere seg og finne fram i eit slikt uoversiktleg landskap krev kunnskap om kvifor og korleis arkiva har blitt skapt og bevart, men også evne til å bruke denne kunnskapen på ein kreativ måte. For å låne Eric Ketelaar sine ord: Framfinning er ikkje berre ein logisk, analytisk og lineær prosess. Arkivaren nyttar seg i like stor grad av holistiske, intuitive og kreative persepsjonar.

Ketelaar skreiv dette som ein kommetar til framveksten av digitale arkivmedia, og hevda at «as automated retrieval becomes more sophisticated, there is an urgent need for mediators of high calibre». Dette vart skrive for 25 år sidan, men er langt på veg gyldig også i dag. Digitale presentasjonar av arkiv på internett er sjeldan sjølvforklarande. Andrea Johnson, som har forska på bruk av arkiv på nett, konstaterer at problemet med digitale arkiv er at brukarar manglar arkivarens hjelp til å til å formulere søkjespørsmål, identifisere arkivkjelder og tolke og kontekstualisere dokumenta. Og sjølv om eg reknar meg som relativt arkivkyndig, må eg innrømme at eg kjenner meg att her. Å leite i kommunale postlister på nettet, eller i Arkivportalen, kan av og til føre til språkbruk som det ikkje høver seg å gjengi på depotdrengen.

Evna til nytenking og kreativitet har vore også avgjerande for utviklinga av Noark-standarden. Dersom ikkje gode kollegaer i det norske Riksarkivet i si tid hadde sett gang dette arbeidet, men overlate utviklinga av offentlege elektroniske verktøy til programvareutviklarar utan arkivkunnskap, hadde det vore fint lite pålitelege elektroniske arkiv å bevare i dag. Og vidare: sjølv om Noark langt på veg har vore ein suksess, er det eit faktum at det som er arkivert i systema kan vere av varierande kvalitet. Årsaka kan vere at dei aktuelle Noark-systema har manglar, eller at folk i same organisasjon har brukt systema på ulike måtar. Resultatert er uansett at det trengs evne til kreativ tenking når slike arkiv skal bevarast som påliteleg representasjon av den verksemda dei skal dokumentere.

Det har blitt sagt at arkivarar er spesialistar på kontekst. Vi skal ha gode kunnskapar om kvifor og korleis arkiv har blitt – og blir – skapt, slik at vi kan hjelpe andre menneske til å tolke og forstå arkivdokumenta. Dette er ein kunnskap som ikkje kan automatiserast. Det kan heller ikkje den innsikta som gjer oss i stand til å vurdere om arkiv skal bevarast eller kasserast (noko eg skal skrive meir om ved eit seinare høve, for publiseringa av dei nye bevaringsreglane reiser nokre spørsmål som vi må snakke om). Det er nettopp arkivaren sine kunnskapar og evner som gjer arkiva til ressursar som kan brukast til eit mangfald av formål i eit ope, demokratisk samfunn.

Referansar

Cook, T (2011):  The Archive(s) Is a Foreign Country: Historians, Archivists, and the Changing Archival Landscape. I:  The American Archivist, Vol. 74 (Fall/Winter 2011)

Johnson, A (2008): Users, Use and Context: Supporting Interaction between Users and Digital Archives. I: Craven, L (red): What are Archives? Cultural and Theoretical Perspectives: A Reader. Ashgate, Aldershot UK/Burlington USA

Ketelaar, E (1988): Exploitation of new archival materials», Archivum, vol. 35, ICA Paris

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: