Home

Arkivplikt for private som utfører offentlege oppgåver?

november 23, 2016

Dette innlegget skal handle om noko som ikkje finst i framlegget til ny arkivforskrift, nemleg ein bestemmelse om arkivplikt i private verksemder som utfører offentlege oppgåver. I arkivmeldinga vart dette spørsmålet drøfta av departementet, som viser til ein undersøking som vart gjennomført av Riksrevisjonen under utarbeidinga av rapporten om bevaring og tilgjengeleggjering av kommunale arkiv. Her gjekk det fram at av 150 kommunar som hadde konkurranseutsett tenester, hadde om lag 80% «i liten eller svært liten grad» stilt krav om at dei private aktørane skulle følgje regelverket for offentlege arkiv. Departementet meinte at dette var «urovekkjande, fordi verken oppdragsgivaren, overordna kontrollorgan eller brukarane av tenestene vil få tilgang til dokumentasjon på arbeidet frå den private tenesteytaren … [som] kan gjelde … helse, sosialomsorg og utdanning» (Arkivmeldinga, s. 84). Departementet varsla difor at det i samband med revisjon av arkivlova ville leggje fram «endringar som gjer at verksemder som utfører oppgåver på vegner av det offentlege, skal ha pålegg om å følgje regelverket for offentlege arkiv» (ibid).

No har ikkje departementet lagt fram noko framlegg til ny arkivlov, og ein revisjon av arkivlova kan liggje langt framme i tid. Men i mellomtida er det tvingande nødvendig å få på plass eit arkivregime som sikrar at det blir skapt og bevart påliteleg dokumentasjon for dei som i dag er elevar eller klientar i private skolar eller institusjonar. Dagens arkivlov gir kanskje ikkje heimel for eit generelt påbod om arkivplikt for private som utfører offentlege oppgåver, men det kan stillast krav til oppdragsgivarane, dei offentlege organa som privatiserer offentlege oppgåver. Dette kan t.d. leggjast inn som eit punkt under § 3 om internkontroll for arkiv, der det kan fastsetjast at offentlege organ ved konkurranseutsetjing av offentlege oppgåver skal krevje at dei private aktørane følgjer regelverket for offentlege arkiv.

 

Advertisements

3 Responses to “Arkivplikt for private som utfører offentlege oppgåver?”

  1. Martin Bould Says:

    Det er definitivt en variant og en veldig god ide. En annen mulighet som i begrenset grad har blitt gjort er å kreve at foretak opprettes (Kommunale foretak KF), eller lignende får vedtektsfestet krav om at de skal følge arkivloven. Ved opprettelsen av helseforetakene så sørget Helse- og omsorgsdepartementet for at helseforetakene skulle være omfattet av arkivloven og også forvaltningsloven I §5 i lov om helseforetak.

    En annen og enklere variant som ikke krever endring eller justering av noe lovverk (kun i praksis) er å benytte den alt for lite brukte §19 bestemmelsen om privatarkiv i arkivlova som har ordlyden

    «Dersom privat rettssubjekt mottek faste offentlege driftstilskot som er viktige for verksemda eller har fullmakt til å treffa einskildvedtak eller utferda forskrifter, kan Riksarkivaren2 fastsetja at arkivet heilt eller delvis skal følgja føresegnene for offentlege arkiv3 gjevne i eller i medhald av denne lova»

    Man bør kunne tolke disse bestemmelsene slik at Riksarkivaren kan fatte vedtak om at også kommunale rettsubjekter skal omfattes av arkivlova.

    • depotdrengen Says:

      Det er mogleg at arkivlova gir Riksarkivaren heimel til å gjere slike (generelle) vedtak, men eg meiner at det vil vere ei dårlegare løysing enn det eg foreslår.
      For det første, fordi slike bestemmelsar vere på eit lågare nivå enn arkivforskrifta og dermed ha mindre gjennomslagskraft. For det andre, fordi ansvareret for at arkiva blir skapt og bevart må liggje hos det offentlege organet som privatiserer ei oppgåve, og difor må leggje arkivkrava inn i avtalen med den ptivate aktøren, og seinare overta arkivet når aktøren avsluttar sitt oppdrag. Funksjonelt sett høyrer dette heime under § 3 i framlegget.

      • Martin Bould Says:

        Jeg venter vel strengt tatt på en dokumentasjonspliktbestemmelse i forvaltningsloven, Og en presisering om at forvaltningsloven gjelder for alle organer som fatter enkeltvedtak, eller driver utredningsvirksomhet på vegne av offentlig myndighet. En slik bestemmelse kan henvise til internkontrollbestemmelsen (utkastet til § 3) i den reviderte arkivforskriften. Men Riksarkivaren bør i mellomtiden utforske § 19 i den gjeldende arkivlova.


Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: